Ho varsla om forskingsfusk. Då starta kampen.
LUKK
Annonse
Annonse

Ho varsla om forskingsfusk. Då starta kampen.

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 9. juni 2017 kl. 10:39

Tenk deg at du sit og les forskingsartiklar innanfor ditt fagområde, skrivne av ein forskar i eit anna land, og du får mistanke om at ikkje alt er som det skal vere. Kva gjer du?

Akkurat slik byrja det som skulle bli ei lang og frustrerande soge om etterforsking og varsling av forskingsfusk for Alison Avenell og kollegaene hennar. Dei la fram erfaringane sine på den femte verdskonferansen for forskingsintegritet, som nyleg gjekk av stabelen i Amsterdam.

Alison Avenell er lege og professor i helsetenesteforsking ved University of Aberdeen i Storbritannia. Ho forskar først og fremst på forebygging av beinskjørheit, og er ein av fagpersonane som jobbar med å lage systematiske oversikter over effekten av behandlingar for Cochrane-organisasjonen.

Det var då ho i 2012 førebudde ei slik oversikt over førebygging av beinbrot og beinskjørheit, at ho la merke til at tre artiklar frå ei japansk forskargruppe var mistenkeleg like.

Fann systematiske avvik

– Det ville ha vore vanskeleg å slå fast om det var noko feil med datagrunnlaget berre på bakgrunn av éin artikkel. Vi måtte sjå på fleire for å kunne sjå samanhengane, fortel Avenell til Forskerforum.

Ho kontakta kollegaene Mark Bolland, Greg Gamble og Andrew Grey ved forskingsgruppa for bein og ledd ved det medisinske fakultetet ved University of Auckland i New Zealand. Saman gjekk dei igjennom 33 artiklar frå dei japanske forfattarane og gjorde statistiske analysar av ulike data frå artiklane. Alle artiklane skildra randomiserte kontrollerte studiar av behandlingar testa på frivillige deltakarar. Ei rekkje funn gav grunn til uro. Dei ulike pasientgruppene hadde samansetningar som statistisk ville vere heilt usannsynlege dersom deltakarane verkeleg var fordelte tilfeldig. Fordelinga av p-verdiar frå dei ulike studiane var også statistisk heilt usannsynleg. I tillegg hadde forskarane bak studiane tilsynelatande vore oppsiktsvekkande produktive, med eit stort antal studiar over få år. Dei hadde oppsiktsvekkande høg oppslutning om studiane sine – dei hadde rekruttert mange deltakarar på kort tid, og få hadde trekt seg eller døydd, sjølv om deltakarane var gamle og hadde fleire diagnosar. Resultata var også oppsiktsvekkande positive. Avenell og kollegaene konkluderte med at dei 33 artiklane totalt sett kunne tyde på systematisk mangel på randomisering, og systematisk usannsynlege resultat, men ein kunne ikkje peike på direkte fusk i einskildartiklar.

Stort nedslagsfelt

Spørsmålet var kva dei skulle gjere no? Dei 33 artiklane var publiserte i ei rekkje ulike tidsskrift og var mykje siterte, ikkje berre i andre artiklar, men i meta-analysar, kliniske retningsliner og lærebøker. Fordi forskingsfeltet var nokså smalt, hadde den japanske forskingsgruppa, med sin høge produktivitet, hatt svært stor innverknad. Andre forskarar hadde sett i gang eigne studiar direkte på bakgrunn av artiklar frå dei japanske forskarane. Sidan slike studiar med mange deltakarar er svært dyre, medførte det potensielt mange millionar kroner i bortkasta forsking.

– Vi tenkte at vi måtte prøve å få våre statistiske analysar publiserte ein eller annan stad. Utover det, visste vi ikkje heilt kva vi skulle gjere. Burde vi kontakte alle tidsskrifta som hadde publisert artiklar av desse forfattarane? Eller ta kontakt med institusjonane deira? Vi er jo berre heilt vanlege forskarar som prøver å korrigere den vitskaplege litteraturen på feltet vårt, seier Avenell.

Ho og kollegaene starta arbeidet med å spore resultata frå dei japanske forskarane utover i litteraturlandskapet. Dei undersøkte kor mange gonger artiklane var blitt siterte, og kvar. Dei fann at artiklane frå japanarane hadde «forureina» mykje av forskingslitteraturen på feltet, og at minst fire systematiske oversikter sannsynlegvis ville ha hatt heilt andre konklusjonar dersom desse artiklane ikkje hadde vore inkluderte.

– Vi tok for gitt at dette arbeidet ikkje var noko vi ville få finansiering til, så alt vart gjort på fritida. Vi hadde ikkje kapasitet til å følgje artiklane i meir enn eitt ledd, så det kan godt hende at skaden er større enn vi veit om, seier Avenell.

Saknar diskusjon

Så byrja dei ta kontakt med tidsskrift. Dei fortalte om konklusjonane sine, og bad om å få den statistiske analysen vurdert for publisering. Nokre tidsskrift starta etterforsking, men refuserte artikkelen til Avenell og kollegaene. Andre tidsskrift høyrde dei aldri noko frå. Fordi kontakt mellom tidsskrift og forfattarar og institusjonane deira er konfidensielle, var det svært vanskeleg å få greie på kva som vart gjort med saka, om noko i det heile. Analysen deira vart til slutt publisert i tidsskriftet Neurology, som tidlegare hadde publisert tre artiklar av dei japanske forskarane.

– Eg trur alle er samde om at det kan vere veldig vanskeleg å få tidsskrift til å trekke tilbake artiklar. Vi kontakta mange tidsskrift og fekk til dels dårlege svar. Og når det gjeld så mange publikasjonar som i dette tilfellet, kor langt skal ein forfølgje saka? spør Avenell, som trur vi har lett for å undervurdere kor motvillige mange aktørar er til å gå inn i slike spørsmål.

I ettertid sit dei att med ei rekkje spørsmål. Burde dei ha kontakta forfattarar av sekundærlitteratur for å gjere dei merksame på problema med primærlitteraturen? Kven andre enn tidsskrifta burde få vite om bekymringane deira? Kven bør ha ansvar for å kontakte alle dei som bør få beskjed, og korleis skal slikt arbeid finansierast?

– Eg saknar meir diskusjon om korleis vi som forskarar best kan gå fram for å rette opp slik skade på forskingslitteraturen, seier Avenell.

– Gå til tidsskriftet

Sekretariatsleiar Torkild Vinther i Den nasjonale granskingsutvalet for reielegheit i forsking stadfestar at når den mistenkelege forskinga først er publisert, så er tidsskriftet rett instans å vende seg til.

– Dei har jo publisert noko som potensielt er feilaktig, så dei må be om ei forklaring frå forfattarane. Får dei ikkje det, må artikkelen trekkast tilbake, seier han.

– Men kva så når ein kontaktar tidsskriftet og aldri får svar?

– Det er jo ikkje bra, og ein kan ikkje leggje skjul på at det er stor kvalitetsskilnad på tidsskrift. Nokre er meir opptekne av forretning enn av forsking, seier Vinther.

Han viser til at den internasjonale Committee on Publication Ethics (COPE), ein organisasjon for tidsskriftredaktørar, har gode retningsliner for korleis tidsskrift bør handtere ulike spørsmål omkring forskings- og publiseringsetikk.

Internasjonalt samarbeid vanskeleg

– I dette tilfellet har forskarane i Storbritannia og New Zealand brukt mykje tid og krefter på å forfølgje saka. Er det verkeleg deira ansvar?

– Ja, det er ein sjølv som må ta det ansvaret, og det er godt at nokon gjer det. Det er sjølvsagt lett å tenkje at dette har eg ikkje tid til, så eg let det ligge. I Noreg kan ein rapportere til det nasjonale granskingsutvalet som kan sjå på saka, men mange land har ikkje slike utval.

Vinther fortel at OECD sitt Global Science Forum for nokre år sidan utarbeidde retningsliner for internasjonale forskingssamarbeid, der ein tilrådde at det vart laga ein avtale ved starten av prosjektet, som klargjer ansvarsforholda dersom det seinare kjem anklagar om tvilsam forskingspraksis.

– Slike avtalar blir lite brukt, og det er synd, for det kan gjere mange ting enklare, seier han.

Saka med dei japanske forskarane rullar og går framleis. I april i år var 14 av dei 33 artiklane trekt tilbake.