IKT-forsking i verdsklasse
LUKK

IKT-forsking i verdsklasse

Av Forskerforum

Publisert 8. desember 2014 kl. 16:57

ikt-forsking-i-verdsklasse

Fakta
<

Satsinga på IKT-forsking dei siste ti åra har løfta forskinga, styrkt IKT-kompetansen og medverka til innovasjonar i både offentleg og privat sektor, ifølgje ein sluttrapport frå Forskingsrådet.

1,2 milliardar kroner er blitt delte ut til 290 ulike prosjekt.

– På nokre område er vi no i verdsklasse. Dette blir stadfesta av ekspertar og gjennom uavhengige internasjonale fagevalueringar, seier avdelingsdirektør Hilde Erlandsen i Forskingsrådet til Ukeavisen Ledelse.