Instituttleiar ved Institutt for informatikk – åremålsstilling

Ved Institutt for informatikk er det frå 1. mai 2018 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år.

Om instituttet

Institutt for informatikk er eit av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet.

Institutt for informatikk har 6 grupper som driv undervising og forsking av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, optimering, visualisering, sikker kommunikasjon og programutviklingsteori. Alle vitskaplege tilsette vert forventa å bidra til framragande undervisning, internasjonal synlegheit og omdøme gjennom forsking av høg internasjonal kvalitet. Instituttet har ein klar forskingsprofil og har henta inn tre ERC prosjekt.

Instituttet har for tida om lag 40 personer i vitskapelege stillingar, og 16 teknisk-administrativt tilsette. I tillegg har instituttet om lag 50 tilsette i rekrutteringsstillingar, 140 masterstudentar, og 300 bachelorstudentar.

Nærare opplysningar om Institutt for informatikk finn du på instituttet si heimeside: http://www.uib.no/ii

Om stillinga

Samfunnet er i store endringsprosessar kor IKT og digitalisering er sentrale i utviklinga. Det vil vere ei viktig oppgåve for instituttleiar å bidra til å posisjonere IKT-faget ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle innan informatikk, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette er det ei viktig oppgåve å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.

Instituttleiar rapporterar til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe, leiar instituttrådet, og har ansvar for den samla verksemda ved instituttet innanfor gjeldande rammer. Instituttleiar har eit overordna personalansvar, HMS-ansvar og resultatansvar for forsking, utdanning og formidling.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen
  • bidra til utviklinga av fakultetet
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid.
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for at prosessar er baserte på medverknad
  • sørgje for tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  • høve til å halde fram med eigen forskingsaktivitet.
    Det vert stilt ressursar til rådvelde

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå dekan Helge K. Dahle, telefon +47 55 58 48 56 / e-post helge.dahle@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 55 58 81 98 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no.

Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.

Generell informasjon

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn tre åremålsperiodar.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og likeeins personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Send søknad, CV, attestar og vitnemål elektronisk ved å klikke på knappen SØK STILLINGA

 

  • Søknadsfrist: 19. november 2017