Instituttleiar ved Institutt for pedagogikk

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling (fire år) som instituttleiar, med høve til å søkje om forlenging i inntil to nye periodar.

Det psykologiske fakultet tilbyr mange etterspurde studieprogram. Vi tilbyr  profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Institutt for pedagogikk er eit institutt ved Det psykologiske fakultet som tilbyr bachelor- og masterprogram innan pedagogikk, bachelorprogram i spesialpedagogikk, samt ulike profesjonsutdanningar innan lærarutdanning. I tillegg har instituttet ansvaret for det universitetspedagogiske tilbodet ved Universitet i Bergen. Instituttet har ei rekkje forskingssamarbeid i inn- og utland og er ein leiande akademisk institusjon innanfor utdanningsforsking på Vestlandet.

Instituttet har omlag 40 tilsette der 22 er tilsett i faste, vitskapelege stillingar, 9 er tilsett i ph.d-stipendiat, 7 er tilsett i mellombelse bistillingar (vikariat og professor/førsteamanuensis II), samt 2 er fast tilsett i teknisk-administrative stillingar.

Dei viktigaste oppgåvene til instituttleiar er følgjande:

  • Utøve forskings- og utdanningsleiing i tråd med fakultetet sin strategi, leggje til rette for og stimulere til gode, innovative forskingsmiljø og høg kvalitet i utdanningane, dertil å inspirere og motivere tilsette og studentar til fagleg utvikling
  • Bidra til fakultetet sine strategiar og sørgje for at instituttet har oppdaterte strategiar for instituttet si verksemd og sørgje for at ressursar ved instituttet vert nytta i samsvar med desse
  • Sørgje for veleigna teknisk-administrative tenester og for effektiv drift av verksemda
  • Yte sitt til at instituttet har tilstrekkelege budsjettmessige økonomiske rammer, og leggje til rette for å auke verksemda som er basert på tilskot og finansiering av oppdrag, i tillegg til å sikre fullfinansiering av denne verksemda
  • Fremje eksternt og internt samarbeid
  • Utøve personalansvar for tilsette ved instituttet, ta i bruk relevante leiingsverkty, og ha ansvar for resultat innan utdanning, forsking, forskarutdanning, økonomistyring, administrasjon og formidling
  • Instituttleiar rapporterer til dekanus og inngår i fakultetet si leiargruppe

Vi søkjer instituttleiar som:

  • Er framståande forskar med relevant kompetanse, ønskeleg med professornivå
  • Har erfaring med å leie fagleg verksemd innan universitetssektoren og som kan vise til oppnådde resultat
  • Har leiarerfaring innanfor instituttet sine fagområde eller nære fagfelt
  • Har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt med regionale og nasjonale samarbeidspartnere
  • Har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
  • Har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • Den som vert tilsett må kunne norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stilling vil bli vektlagt

Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eiga forskingsaktivitet og fakultetet vil legge til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som instituttleiar etter lønssteg 80-88 (kode 1475) etter hovedtariffavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette  utgjer for tida 785 000 – 985 700. For kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste med informasjon om kvar desse er publiserte

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i JobbNorge.
Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjars sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.

Søknadsfrist: 31.03.2017

Søknaden skal merkast med: 17/2908

Søk stillingen

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.