Instituttleiar ved Matematisk institutt – åremålsstilling

Ved Matematisk institutt er det frå 1. mai 2018 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år.

Om instituttet

Matematisk institutt (MI) er eit av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet.

Ved instituttet vert det forska innan eit breitt spektrum av matematikken—frå grunnleggande teori til anvend modellering og utrekningar. Instituttet har følgande forskingsgrupper: algebra, algebraisk geometri, analyse og PDE, utrekningsmatematikk, bildebehandling, fluidmekanikk, matematikkdidaktikk, porøse media, statistikk og topologi. Instituttet er ansvarleg for utdanning av kandidatar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. I tillegg er det ei omfattande serviceundervisning i matematiske fag. Lærarutdanning, inkludert vidareutdanning, er ein viktig del av aktiviteten ved instituttet.

Instituttet har ein vitskapeleg stab på 30 personar og 5 tilsette i tekniske/administrative funksjonar. I tillegg er det meir enn 35 stipendiatar og andre mellombels vitskaplege stillingar.

Nærare opplysningar om Matematisk institutt finn du på instituttet si heimeside: http://www.uib.no/math

Om stillinga

Matematikk og matematisk kompetanse er avgjerande for utviklinga av eit moderne samfunn. Det vil vere ei viktig oppgåve for instituttleiar å bidra til at instituttet utviklar ei tydelig rolle i høve til dette, og at instituttet er ein sterk aktør innan forsking og utdanning i matematikk nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette er det ei viktig oppgåve å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.

Instituttleiar rapporterer til dekanen, inngår i fakultetet si leiargruppe, leiar instituttrådet, og har ansvar for den samla verksemda ved instituttet innanfor gjeldande rammer. Instituttleiar har eit overordna personalansvar, HMS-ansvar og resultatansvar for forsking, utdanning og formidling.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen
  • bidra til utviklinga av fakultetet
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for at prosessar er baserte på medverknad
  • sørgje for tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  • høve til å halde fram med eigen forskingsaktivitet.
    Det vert stilt ressursar til rådvelde.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå dekan Helge K. Dahle, telefon +47 55 58 48 56 / e-post helge.dahle@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 55 58 81 98 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no.

Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.

Generell informasjon

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn tre åremålsperiodar.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og likeeins personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Send søknad, CV, attestar og vitnemål elektronisk ved å klikke på knappen merkt SØK STILLINGA

 

  • Søknadsfrist: 19. november 2017