Dette kan mange realistar følgja, men det er i ytterkanten av kva som kan formidlast populært, skriv vår bokmeldar.
kjemisk-fri-for-forenkling

Fakta

 

Arvid Mostad
Alt er kjemi – men kjemi er ikke alt
Universitetsforlaget, 2011
403 sider
Rettl. pris: kr 449

 

Eg får H2O på mølla av å lesa denne boka. Før dette kunne eg ikkje meir kjemi enn det norske skuleverket injiserte i meg fram til 1988. Å lesa Mostad si bok var ei betimeleg påminning etter mange år med sosiologi og humanisme.

Sidan kjemien er eit omfattande fag, deler Mostad pedagogisk opp boka. Det handlar fyrst om kjemikaliar som me brukar til dagleg, slik som Aspirin, kloroform, nikotin, sukker og koffein. Neste hovuddel handlar om stoff som omgjev oss, slik som ozon, vatn, magnesium, nitrogen og andre gassar og stoff. Til slutt har Mostad to meir impresjonistiske delar, om fantastisk kjemi og kjemiens historie.

Som humanist vert eg litt misunneleg på kjemikaren. Kjemi er ein påverkeleg naturleg prosess som vert bruka som eit farleg våpen, ein god hjelpar mot sjukdom, som skaper stadig nye nærings- og nytingsmiddel og diverre også hjelper narkotikaproduksjon. Dette er noko anna enn «retorikk» og «kommunikasjon» tenkjer eg sjølvforaktande.

Mostad har eit sterkt ynske om å formidla kompleksiteten i moderne kjemi, og han bringar oss frå fyrste side inn i fagkjemiens ekspertspråk. Han forklarer prosessane som fører til at ulike kjemikaliar oppstår, og dei har namn som hemoglobin og nitrogenmonoksid. Gjennom heile boka brukar Mostad molekylmodellar med fargekoding, strekar og kjemiske formlar som forklarer bestanddelane.

Eg vil gjerne følgja med, men det vert til slutt for vanskeleg. Han resonnerer på formelnivå, til dømes ved å forklara nedbrytinga av karbohydrater til etanol slik: «C6 H12 O6 =>2CH3 CH2 OH + 2CO2 + 109 kJ» Dette kan mange realistar følgja, og dersom eg hadde bruka ein dag på å gå gjennom pensum frå Voss gymnas, ville det nok demra for meg også, men det er i ytterkanten av kva som kan formidlast populært.

Problemet er at Mostad går mykje lenger enn dette i sin bruk av komplekse modellar og formlar. I kapittelet om vitamin D har Mostad for eksempel ein figur som går slik: «Ergokalsiferol; (3β, 5Z, 22E)-9,10-secoergosta-5,7,10(19)-tetraen-3-ol.» Dersom lesaren er meint å vera ein fagkjemikar, så er det kanskje greitt, men som populærformidling bryt det heilt saman. Tenk kva me kunne ha lært om molekylstruktur dersom dette vart betre forklart og vist fram med enklare modellar.

Mostad skriv levande om kjemiens kulturhistorie.

Eit anna grep fungerer betre. Mostad skriv levande om kjemiens kulturhistorie. Han fortel om antikke alkymistar som Jødinna Maria og den fiktive Hermes Trismegistos og dei mange praktiske verktøya som sakte, men sikkert vart utvikla. Kjemien blomstrar med opplysningsalderen. Mostad viser fargerikt korleis ein heil industri av kjemikarar, legar, vitskapsmenn og kjemikalieprodusentar oppstår.

Alt er kjemi består av tekstar som Mostad har skrive i tidsskriftet Kjemi, og boka vender seg til den jamne kjemikar, kjemilærarar og nysgjerrige menneske generelt. Men ho består ikkje av dei emna som nødvendigvis må behandlast i ein introduksjon til kjemi, berre av dei han har rokke å gå gjennom i si faste spalte. Boka fungerer nok fint for dei som har greie på kjemi, men som introduksjon fungerer ho ikkje.