Vi kan ikkje ha andre standardar for forskarar i musea.

 

hol-haugen-bjorn-sverre
Bjørn Sverre Hol Haugen er førstekonservator ved Anno museum.

Museumsforsking: I dag har eg vori på møte i Forum for forsking og kunnskapsproduksjon i Anno museum. Der var vi samla seks av dei mest forskingsinteresserte kollegaene i museet, for å arbeide med ny femårsplan for forsking. Den fyrste planen er straks til endes, og nå stakar vi ut ny kurs. Vi gjorde opp status for kva vi har oppnådd og kva som framleis er uløyst. Da eg kom heim, tenkte eg på kronikken som Kathrin Pabst skreiv i førre nummer av Forskerforum. Vi er samde om mye i Vest-Agder og Hedmark. Det er vanskeleg å prioritere forsking høgt nok og å ta inn over seg kor lang tid det tek å forske. Museumsleiinga må legge til rette og skapa rom. (Det meiner eg dei gjer hos oss.) Og så må den einskilde forskaren vera motivert. Alt dette deler vi nok med mange museumskollegaer kringom i landet.

Men så er det spørsmålet om alternativa til vitskapleg publisering. Det var diskusjonstema hos oss for fem år sidan, og det var det i dag. Førre gongen freista vi å si at dei breiare tekstane, dei utan synleg teori og metodediskusjon, dei utan fagfellevurdering – dei skulle vi redusere. Ingen som har forskingstid, fekk bruke arbeidstid på slike publikasjonar, med mindre dei var våre eigne, i form av årbok og eit lokalhistorisk tidsskrift. Nå tenkjer vi litt annleis. Nå tek vi utgangspunkt i den forskingstida den einskilde har – for dei fleste er det berre 20 prosent. Den tida skal framleis brukast til å skrive vitskaplege tekstar av høg kvalitet. Desse prosjekta må ein søkje om å få gjera, og dei må gjennom Anno museums eigne rutinar for kvalitetssikring. Tekstane som kjem ut av prosjekta skal framleis fagfellevurderast, anten for vår eigen skrifteserie eller andre sine tidsskrift eller bøker. Men om noen har tid og høve til å bruke meir arbeidstid på å skrive enn den strengt tilmålte forskingstida, så skriv gjerne populært. Det var resultatet av diskusjonen vi hadde i dag.

«Det er vanskeleg å prioritere forsking høgt nok og å ta inn over seg kor lang tid det tek å forske.»

Vi må framleis skapa støtteapparat i form av skrivekurs, og vi vil legge til rette for intern rettleiing. Det er det mange som treng, sjølv dei som er motiverte. Men eg er ikkje samd i at det trengs eit formalisert ekstra nivå. Anten produserer vi forsking på line med andre forskarar, eller så produserer vi noe anna som ikkje er forsking. Vi kan ikkje ha andre standarder for oss i musea enn for andre forskarar.