– Krevjande å fusjonere store med små
LUKK
Annonse
Annonse

- Krevjande å fusjonere store med små

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. november 2015 kl. 16:39

- Vi må passe på at tilsette blir høyrd når ei lita verksemd blir innlemma i institusjonen, seier Morten Irgens ved HiOA.

--krevjande---fusjonere-store-med-sm-


– Som institusjon er det viktig at vi tek omsyn til institusjonane som kjem inn, seier Morten Irgens.

Fakta
<

– Det er ei utfordring ved overdraging av verksemder, når ein liten institusjon skal inn i ein større, seier prorektor for forsking og utvikling Morten Irgens ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

Han viser til ein påstand frå forskingsleiar ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved HiOA, Ann Cecilie Bergene. Ho meiner Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) ikkje hadde reell medverknad då instituttet vart innlemma i høgskulen. Bergene seier at ho ikkje vil kalle dei tillitsvalde ved høgskulen for usolidariske. «Men dei var heller ikkje spesielt opptekne av å høyre på og forstå oss», uttaler ho til Forskerforum.

Tenker på eigne medlemmer

Irgens meiner at Bergene rettar kritikken mot tenestemannsorganisasjonane, og ikkje mot høgskulen, men at det ho peikar på er heilt reelt.

­–  Før ei verksemdsoverdraging har tenestemannsorganisasjonane ved dei ulike institusjonane ulike rollar. Dei tillitsvalde må først og fremst ivareta interessene til medlemmene i sin eigen institusjon. Dette er særleg krevjande for små verksemder som blir tekne inn i ei stor, seier Irgens.

Morten Gransæther Kielland, hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved HiOA, er litt overraska over utsegna til Bergene: 

– Men sjølvsagt merker eg meg dette, slik at vi unngår at det skjer igjen når vi frå 1. januar 2016 innlemmar Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) og Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) i HiOA, seier Kielland. Han vart hovudtillitsvald 1.august 2014, og var ikkje med i den prosessen Bergene viser til.

– Viktig å ta omsyn

Irgens seier HiOA er midt i prosessen med verksemdsovertaking av NIBR og SIFO.

– Som institusjon er det viktig at vi tek omsyn til institusjonane som kjem inn, og sørgjer for at dei tilsette blir høyrd før overdraginga skjer. Vi har både formelle og uformelle prosessar for å sikre at synspunkta blir godt ivaretekne. Men med så mange fusjonar og verksemdsoverdragingar som skjer i sektoren no, må vi kanskje ta eit steg tilbake og sjå korleis vi handterer dette. Som høgskule har vi eit ansvar for å få det til så godt som mogleg, og det har også tenestemannsorganisasjonane.