Du bør lese minst éi av desse bøkene.

Fakta

Gjert Lage Dindal og Torbjørn L. Knutsen (red.) Exit Afghanistan Universitetsforlaget, 2012 336 sider Rettl. pris: kr 299

Robert MacNamara. 2003. I filmen Fog of War summerer han nøkternt opp kva han har lært gjennom livet som politikar og forskar, blodstenka røynsler frå rolla som rådgjevar ved brannbombinga av japanske byar til rolla som forsvarsminister under Cuba-krisa og napalmbombinga av Vietnam. Han analyserer, men konkluderer ikkje. Men vi som ser filmen, kan konkludere, han har gitt oss det vi treng for å vurdere dømmekrafta hans. Og for å vurdere dømmekrafta til dei som ikkje har lært av det han har lært. Sjølvanalysen er også ein indirekte kritikk av Bush-administrasjonane sine krigar i Irak og Afghanistan.

Robert MacNamara kunne ikkje ha snakka like sant i 1965 – då han mot sin eigen vilje og si eiga vurderingsevne trappa opp krigen i Vietnam – som han gjer i 2003. Desinformasjon er ein del av politikkens vesen, ikkje minst i krigs- og tryggleikspolitikk.

Føreordet i Exit Afghanistan er skrive av Jonas Gahr Støre, som meiner det var «tungtveiende grunner til at norske styrker etter angrepet på USA 11. september 2001 ble sendt til Afghanistan som del av Operation Enduring Freedom». Og at «den beslutningen står seg også i dag».

Med valet av Gahr Støre til å skrive føreordet kjem boka skeivt ut, men hentar seg raskt inn igjen. Redaktørane har samla utanriks- og krigsanalytikarar frå norske forskings- og forsvarsinstitusjonar, som gjev innsiktsfulle bilete og analysar av den norske innsatsen i Afghanistan. Boka viser kvifor vi er der: Alle bidragsytarane er samde om at den realpolitiske grunnen til at vi fører krig i Afghanistan, er at Bush-administrasjonen valde å gå til krig, USA er vår viktigaste allierte, og NATO og FN er heilt sentrale instrument i norsk forsvars- og utanrikspolitikk. Og ho viser forteljinga norske styresmakter har presentert om kvifor vi er der: Vi driv med freds- og utviklingsarbeid, nasjonsbygging og kvinnefrigjering …

Boka viser kva ein har oppnådd: al-Qaida er fjerna, utdannings- og helsesystem og formelle demokratiske institusjonar er styrkte, og ein har fått kvinneleg stemmerett. Og utilsikta sideverknader, som reaktiveringa av eit anarkisk føydalsystem der opiumsproduksjonen har eksplodert. Og boka viser korleis krigen og krigsstrategien har utvikla seg, frå angrepet på Tora Bora og fjerninga av Taliban-regimet til førebuinga av retretten, der nasjonale tryggleikstyrkar skal ta støyten.

Ho skildrar Afghanistans geopolitiske posisjon, samspelet mellom regionale og internasjonale stormakter (som Pakistan, India og USA) og regionale krigsherrar frå ulike folkegrupper, det uklare mandatet til den internasjonale tryggleiksstyrken (ISAF) som Noreg er del av, norske politikarar sine uklare vurderingar av forholdet mellom den militære og den sivile innsatsen – og kva dette inneber for dei som skal utføre, og om naudsynt døy, for dette mandatet.

Alle bidragsytarane skriv klart, nokre av dei (som Asle Toje og Janne Haaland Matlary) så klart og velformulert at heile teksten er vel verd å lese, sjølv om delar av han repeterer det andre har skrive lenger framme i boka. Repetisjonen av fakta er – ved sida av Gahr Støre – bokas andre klare veikskap. Her har redaksjonen abdisert, forståeleg nok gitt boka preg av aktuelle debattinnlegg. Men for lesaren er det litt irriterande.

Mens Exit Afghanistan brettar ut emnet, spissa mot spørsmålet «kva skjer no?», går Astri Suhrkes bok i djupna. Ho byggjer opp historia kronologisk om spenninga mellom militær intervensjon og det meir omgripande målet om statsbygging, skapinga av ein korrupt renteniststat gjennom innsatsen frå all verdas NGO-ar og land. Vegen til kaos er brulagd av godt betalte, ukoordinerte gode intensjonar. Ho går i djupna på landets politiske økonomi, som er så spesiell og her så godt skildra at det aldri vert keisamt.

Manglar du grunnleggjande oversikt og innsikt i kva som har hendt og hender i Afghanistan, bør du lese minst ei av desse bøkene. Kva dersom ein skal velje éi? Suhrkes bok er gjennomarbeidd, velskriven, velkomponert og djuptpløyande, du slepp repetisjonar, men går glipp av nokre interessante analysar av fagmilitær og geopolitisk art.

Begge bøkene er høgst leseverdige, informative faglege bidrag om krigen i Afghanistan, som burde medverke til eit breitt informert ordskifte dersom våre media og folkevalde var i stand til det.

Men den analytiske distansen, særleg i Exit, liknar meir rolla til Noreg i den militære intervensjonen i Libya, der bombeflya var på trygg avstand frå bombemåla, enn situasjonen til bakkestyrkane våre i Afghanistan: Dei uoversiktlege konstellasjonane dei inngår i, får vi nok eit bilete av, men ikkje krigen og den uoversiktlege grua i trefningane. Afghanistan er det sterkaste uttrykket for endringane i norsk forsvarspolitikk dei siste tiåra. Det har gjort noko med soldatane og offiserane våre som har sett livet sitt på spel – og det kjem til å gjere noko med oss som samfunn. Kva det er, står att å sjå – og skrive om.