Kunsten tel ikkje
LUKK
Annonse
Annonse

Kunsten tel ikkje

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. november 2014 kl. 13:25

- Det er på tide at vi får poeng for arbeidet vi gjer i forskingstida, meiner kunstnarar ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Fakta
<

– Det vi publiserer av kunstnarisk arbeid, har ingen verdi i universitets- og høgskolesystemet. Eg er tilsett her for å jobbe med kunst i forskingstida, ikkje for å skrive vitskaplege artiklar, seier Gunnar H. Gundersen ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Gundersen er instituttleiar ved Institutt for produktdesign, og er tilsett som professor på bakgrunn av kunstnarisk praksis. 

– Øydelegg for andre

Som Forskerforum skreiv i førre nummer, er kunstnarisk utviklingsarbeid ifølgje universitets- og høgskolelova sidestilt med forsking. Men i premieringa av arbeidet, blir dei behandla svært ulikt:

– Kunstnarisk utviklingsarbeid skal liksom vere likstilt, men vi får ikkje poeng for det vi jobbar med i forskingstida vår. På den måten øydelegg vi for dei andre tilsette ved høgskolen med akademisk bakgrunn. Om vi brukar forskingstida til det vi skal, nemleg å produsere kunst, trekkjer vi ned gjennomsnittet for publisering ved høgskolen. Ein kan godt seie det har større konsekvensar for instituttet enn for meg personleg. Eg får ikkje sparken.

Gundersen seier poenget er at dei i staden for å jobbe med kunst, må bruke tida på poenggivande vitskaplege artiklar.

– Det er eit paradoks at eg fekk poeng for eit par artiklar som handla om utviklinga av musefeller. Vi kan godt skrive artiklar, men vi er kunstnarar. For å samanlikne med idrettsverda: Vi er som tennisspelarar som må prestere på fotballbanen.

Får ikkje utteljing

Ellen Røed har delteke i stipendiatprogrammet ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og skal snart disputere. No har ho fått jobb som førsteamanuensis ved Institutt for estetiske fag ved HiOA.

– Ved HiOA får eg ikkje utteljing for forskingsarbeidet mitt. Heller ikkje stipendiatutstillinga, som er fagfellevurdert etter alle kunstens reglar, gir utteljing i teljekantsystemet, seier ho.

Røed fortel at ho i fjor fekk publisert eit videoarbeid i det nettbaserte tidsskriftet InFormation, som er eit nordisk fagfellevurdert tidsskrift for kunst og forsking.   

– Videoarbeidet, som var del av det avsluttande stipendiatprosjektet, var fagfellevurdert og godkjent av ein ekspertkomité. Men ikkje eingong dette kan eg få publiseringspoeng for, sjølv om det er publisert i eit teljande tidsskrift.

Røed seier at tilsette ved HiOA har ei viss tid til forskings- og utviklingsarbeid (FoU).

– Men ein kan jo sjå føre seg at forskingstida vil bli gitt på bakgrunn av publisering, og då stiller vi verkeleg svakt. 

Ho meiner difor at HiOA må gjere Kunnskapsdepartementet (KD) merksam på problematikken.

– Eg har mest vondt for å tru at KD meiner at eg som kunstnar må skrive vitskaplege artiklar for å få poeng. Ved kunsthøgskolane har dei ikkje den same problemstillinga, for dei får ikkje midlar på bakgrunn av publiseringspoeng, seier ho.

Meiner høgskolen må kjempe

Gundersen leiar no ei arbeidsgruppe ved HiOA som skal jobbe med spørsmålet.

– Høgskolen må kjempe for å få ei endring på systemet. Vi må få aksept for at kunstproduksjon skal telje på lik linje med poenggivande publisering. Det er på tide at høgskolen tek dette opp med departementet.

Dekan Petter Øyan ved Institutt for teknologi, kunst og design seier høgskolen er i ein utprøvingsfase når et gjeld kunstnarisk utviklingsarbeid.

– Fleire kunstnarar ved HiOA publiserer jo artiklar på grunnlag av kunstnarisk utviklingsarbeid.

– Men kva gjer høgskolen i saka?

– Vi har sett ned denne arbeidsgruppa, og HiOA har ein representant i Nasjonalt råd for kunstnarisk utviklingsarbeid (NRKU), som er oppretta av Universitets- og høgskolerådet. NRKU skal greie ut spørsmålet om teljande registrering av kunst.

– Eit rigid system

Professor Jon Arne Mogstad ved Kunstakademiet i Trondheim seier at også dei har problem med å synleggjere kunstnarisk utviklingsarbeid overfor fakultet og rektorat.

– Dei fleste her er tilsette på bakgrunn av kunstnarisk arbeid. Det er problematisk med eit så rigid teljekantsystem. Å lage ei utstilling i eit stort museum er minst like omfattande som å skrive ei stor bok, seier Mogstad. Han var inntil nyleg instituttleiar ved Kunstakademiet i Trondheim, som er ein del av Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU.

Mogstad seier det har vore snakk om å utvikle indikatorar internt som ein mildare variant av teljekantar.

– Men førebels har det berre vore diskutert. Dette med indikatorar har også vore tema i NRKU, men ein har ikkje kome fram til noko. I kunstmiljøa har det vore motstand mot teljekantsystemet, seier han.