Arkivarane bestemmer kva som skal kastast. Men fleire bør vere opptekne av dette, meiner arkivar Torkel Thime.

– Forskarane burde involvere seg meir i kva Riksarkivaren vedtek å kaste. Det er arkivarane som avgjer kva som skal øydeleggast, og kva som skal bevarast for ettertida. Men arkiv er altfor alvorleg til å overlatast til arkivarane aleine, meiner Torkel Thime. Han er førstearkivar ved statsarkivet i Stavanger, som er ein del av Arkivverket.

I eit innlegg i Forskerforum skriv han at vedtak som arkivarane gjer, «vil ha irreversible konsekvenser for arkivbrukerne, det være seg historikere eller andre som har behov for å skue bakover i tid.» Thime har nyleg gjeve ut bok om arkivarbeid før 1817, og det er i samband med denne bokutgjevinga han har teke opp desse problemstillingane.

Les det her: – Arkiv er altfor alvorlig til å overlates til arkivarene alene

– Også i tidlegare tider sleit dei med tilsvarande problemstillingar om kva som skal takast vare på i arkiva, seier han.

Halvparten blir kasta

Det er Riksarkivaren som bestemmer kva som skal kasserast, og kva som skal bevarast av materiale i offentleg forvaltning.

– Dette er ofte svært vanskelege avgjerder. Om ein ser på alle vedtak om kassasjonar opp gjennom tidene, så er det mykje som kan diskuterast. Difor er det viktig at andre enn arkivarane følgjer litt med på kva som faktisk blir vedteke, og kan kome med alternative synspunkt. Eg saknar særleg engasjement frå forskarane, for dei vil faktisk kunne oppleve at det materialet dei treng, ikkje lenger er der. Det finst fleire eksempel på at forskingsarbeid ikkje let seg gjennomføre fordi materialet er borte.

Les også: Einige om ei ny organisering av Arkivverket

I Noreg blir om lag halvparten av det som blir skapt i offentleg sektor, kassert før eller seinare.

– Det finst fleire eksempel på at forskingsarbeid ikkje let seg gjennomføre fordi materialet er borte.

– Det finst reglar for kva som skal bevarast i tre år, fem år, ti år, tjue år – og kva som skal bevarast for alltid. I dag er det stor grad av semje om at ikkje alt kan takast vare på. Det eg er bekymra for, er at avgjerdene blir tekne innanfor ein liten etat utan at andre i samfunnet ser ut til å bry seg. Då blir faren større for å trø feil. Det er også ei rekkje fagfelt arkivarane har avgrensa kunnskap om.

Thime seier det finst ei oversikt over kassasjonsreglar og vedtak som er gjorde, på nettsida til Arkivverket.

– Men det er vanskeleg å finne denne informasjonen, og kanskje kunne Riksarkivaren vore flinkare til å legge ut forslaga før dei blir vedtekne.

Blir oppdaga for seint

Marthe Hommerstad er leiar i Den norske historiske foreining (Hifo), ein organisasjon for historikarar som arbeider for historieforsking og historiefagets plass i samfunnet. Ho er einig i at forskarane godt kunne vere meir observante når det gjeld kva som blir kasta, og kva som blir teke vare på.

Les også: Arkiv er politikk 

– Problemet er at vi ikkje veit kva historikarar i framtida vil spørje etter. Det vi synest er interessant i dag, er ikkje nødvendigvis det same som vil bli interessant om tjue eller hundre år. Manglar i arkiva vil vi ikkje oppdage før vi etterspør materialet, seier Hommerstad.

Den norske historiske foreining har engasjert seg i spørsmålet om omorganisering av Arkivverket, og har ikkje minst vore oppteken av at forskarane må ha tilgang til arkivmaterialet. Men spørsmålet om kassasjon har dei ikkje engasjert seg i, fortel ho.

– Når det gjeld nytt materiale, får arkiva inn så enorme mengder at det ikkje let seg gjere å ta vare på alt. Ei av dei store problemstillingane er langtidslagring av digitale arkiv, og i framlegget til ny arkivforskrift som no er ute på høyring, er dette eit viktig tema.

Må skjøne historia

Frode Ulvund er historieforskar og aktiv brukar av arkiv. Han meiner det er heilt nødvendig at arkivarane kasserer, og at dei gjer vurderingar av kva som bør takast vare på.

– I moderne tid vert det produsert så ekstremt store mengder med data, at skulle ein ta vare på alt mogleg, ville tilgangen til materialet bli heilt uhandterleg for forskarane, seier Ulvund, som er professor i historie ved Universitetet i Bergen.

– Det viktige for oss forskarar er å ha ein arkivarstand som kan vurdere kva som bør takast vare på. Mange fryktar at omorganiseringa av Arkivverket og den store vekta på digitalisering av arkiva vil føre til at IT-kompetansen blir prioritert, og at dette etter kvart vil gå ut over den historiske kompetansen. På lengre sikt kan dette gjere Arkivverket som institusjon mindre i stand til å vurdere kva som bør takast vare på.

  • Alexandros Tsakos

    ” Det viktige for oss forskarar er å ha ein arkivarstand som kan vurdere kva som bør takast vare på.” sier Ulvund.
    Fint.
    Men da trenger vi å bygge opp kompetansen om arkivarbeid på universitetene – også i fagfelt som historie.
    UiB er i dette tilfelle i en privilegert posisjon.

    • Frode Ulvund

      «Men da trenger vi å bygge opp kompetansen om arkivarbeid på universitetene – også i fagfelt som historie.» Det kan eg vere samd i. Men eg tenker at det er avgjerande at arkivverket tek nødvendet av den arkivfaglege kompetansen på alvor, ikkje berre ved å rekruttere folk med historie- og arkivfagleg kompetanse frå før, men også legg til rette for at dei får behalde og utvikle kompetansen innan arkivverket. No pågår det diverre ei nedprioritering, og dermed nedbyggjing, av denne i arkivverket. Miljø utanfor arkivverket må gjerne kome med innspel på retningslinjer for kassering, men det er heilt avgjerande at arkivverket sjølv er i stand til å gjere vurderingar, og at denne heller ikkje blir alt for byråkratisert. Praksis har vel også vist at mange verdifulle arkiv har blitt redda fordi arkivarar har blitt oppringt og spurt om dei er interessert i materiale som er tenkt kasta.