Forskarar har mange grunnar til å ligge unna politikk. Men nokre greier ikkje la vere.

– Eg har vore oppgitt over politikarane så lenge eg kan hugse. Til slutt tenkte eg at det kanskje er på tide eg gjer noko med det.

Det seier Kristoffer Robin Haug, nanoteknolog, eks-solcelleforskar, kommunikasjonsrådgjevar i Forskingsrådet – og politikar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Han sto på tredjeplass på partiets Oslo-liste og enda som 2. vara for partiets einaste stortingsrepresentant, Une Bastholm.

– Forskarar lyt òg ta ansvar. Eg håpar eg kan inspirere andre forskarar til å tenkje at dei har noko å bidra med, seier han.

– Vi fann at det var slåande korleis forsking hadde mobilitet til forvaltinga og i nokon grad til næringslivet, men ikkje til politikken.

På Stortinget førebur Høgres Kristin Vinje seg på å rydde kontoret. Dei fire siste åra har ho vore einaste stortingsrepresentant med forskarbakgrunn.

– Eg har alltid vore oppteken av politikk og var med i Unge Høgre på gymnaset, fortel ho.

Så vart politikken nedprioritert i mange år til fordel for småbarn, doktorgrad i kjemi, forsking innan materialteknologi, og ein periode som forskingsdirektør. Men då ho endeleg kasta seg inn i politikken att, gjekk det raskt. I 2007 kom ho inn i Oslo bystyre, og då det vart endringar i byrådet to år seinare, vart ho beden om å ta over som finansbyråd.

– I slike situasjonar har ein kort tid til å tenkje seg om, men eg tenkte at når Kristin Halvorsen, med utdanning i sosialpedagogikk, kunne vere finansminister – og som eg elles tykte gjorde ein utmerkt jobb – så kunne vel eg som kjemikar vere finansbyråd, seier ho.

– Som politikar står du til ansvar for veljarane. Du kan ikkje heile tida prioritere det som interesserer deg sjølv mest, seier Kristin Vinje. Foto: Erik Norrud

Les også: Fra akademia til Stortinget

Professorstaten

Haug og Vinje er mellom dei få akademikarane som tek steget over i politikken. Då var det annleis tidleg på 1800-talet. Nesten alle som vart utdanna frå Det Kongelige Frederiks Universitet i dei første tiåra, vart embetsmenn, og var i høg grad med på å forme institusjonane som vart bygde i Noreg etter 1814. På den tida var det ikkje vanleg at maktelitane i Europa hadde universitetsutdanning, men Noreg var unnataket. Her styrte professorpolitikarar som Anton Martin Schweigaard, eller, i nyare tid, Gudmund Hernes og Inge Lønning. Dei var juristar og teologar, etter kvart humanistar og realistar, og til slutt – i etterkrigstida – medisinarar og samfunnsvitarar. Frå 1830 til 1910 uteksaminerte Det juridiske fakultetet i snitt éin framtidig statsråd kvart år, kan ein lese i bind åtte av historieverket om Universitetet i Oslo. Dei utgjorde ein liten del av folket, men ein stor del av makta, i kraft av kunnskapen dei hadde.

Men etter kvart som nye grupper fekk representasjon og makt til å påverke, mista professorane hegemoniet sitt. Professorrolla endra seg til å handle meir om forsking. Då professorane kom tilbake til det offentlege ordskiftet, var det som «ekspertar» og leverandørar av forskingsbaserte utgreiingar til politikarane – roller som kanskje høver betre for dagens hyperspesialiserte akademikarar.

Gjensidig mistru

– Det er ikkje noka openberr overlapping mellom forskingssektoren og politikken, seier Trygve Gulbrandsen, Institutt for samfunnsforskning.

– No sit eg her med ei bok eg var med på å skrive i etterkant av den siste Makt- og demokratiutgreiinga, i 2003, seier Trygve Gulbrandsen, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

– Vi fann at det var slåande korleis forsking hadde mobilitet til forvaltinga og i nokon grad til næringslivet, men ikkje til politikken.

Den same konklusjonen kom sosiologane Johs. Hjellbrekke og Olav Korsnes til, i ein av dei mange rapportane basert på materiale frå maktutgreiinga. Dei fann indikasjonar på at personar som sat i leiarstillingar og som hadde mykje av det sosiologen Pierre Bourdieu kalla kulturell kapital, knapt overlappa i det heile med leiarane som hadde mykje politisk eller organisasjonsmessig kapital. Politikarar høyrer sjølvsagt til den siste gruppa. Professorar høyrer ofte til den første. Forfattarane peika på at det er ei utbreidd oppfatning at politikarar og akademikarar i Noreg nærer gjensidig mistru til kvarandre, og resultata deira syntest å stadfeste at den intellektuelle eliten høyrde til ei verd som var framand og lukka for den politiske eliten.

– I forskingssektoren jobbar ein seg oppover, og anten når ein til topps, eller, om ein ikkje er tilstrekkeleg dyktig eller uthaldande, så går ein til forvalting eller næringsliv, seier Gulbrandsen.

– Spesielt no når så mange fulltidspolitikarar er blitt dyrka fram frå ung alder gjennom partiapparatet, så er det ikkje noka openberr overlapping mellom forskingssektoren og politikken.

Gulbrandsen har inntrykk av at når forskarar først har fått ein etablert posisjon, så likar mange å kommentere samfunnsproblem frå ei trygg og uavhengig stilling i akademia.

– I politikken må ein derimot kompromisse og forhandle.

Den skjøre nøytraliteten

Samstundes verkar alle å vere samde om at den kunnskapen forskarane sit på, absolutt høyrer heime i politikken.

– Kunnskap må jo leggast fram på ein slik måte at politikarane kan gjere seg nytte av han. Då er det fint å ha politikarar med forskarbakgrunn, som kjenner feltet slik at ikkje for mykje informasjon går tapt på vegen, seier Kristin Vinje.

At det finst eit stort engasjement for kunnskapens plass i politikken, såg vi i april i år då forskarar både i Noreg og i andre land tok til gatene i ein verdsomspennande «March for science». I USA har den politiske vekkinga som har heimsøkt landets forskarar i etterkant av presidentvalet, ført til at opptil fleire forskarar frå naturvitskaplege og teknologiske fag no stiller som kandidatar til folkevalde forsamlingar på ulike nivå. Ein eigen organisasjon, 314 Action, er blitt etablert for å hjelpe dei å bli valde.

Les også: Dette er stortingspolitikerne med forskerbakgrunn

Men det er eit vanskeleg val å ta, i USA som i Noreg. Ein av hindringane kan vere den svært utbreidde førestellinga om at forsking skal vere nøytral, ikkje politisert. At forskarane skal finne fram til sikker kunnskap, som dei så skal levere til politikarane, slik at dei kan ta verdival på bakgrunn av kunnskapen. Eit argument ein ofte møter, er at forskarar som gjev uttrykk for politiske preferansar, undergrev sitt eige akademiske truverd. I vekene før den omtalte vitskapsmarsjen i vår, var det tilløp til debatt mellom forskarar og institusjonsleiarar langs nettopp denne skiljelina.

– Yngre folk tenkjer ofte at det er farleg å ytre seg politisk, at det kan få konsekvensar for karrieren deira.

Men det er sjeldan blitt testa om frykta for å misse kredibilitet, er reell. For eit par år sidan undersøkte amerikanske forskarar om folks inntrykk av ein (fiktiv) forskar endra seg når dei let «forskaren» kome med utsegner som gradvis gjekk frå å vere rein faktainformasjon, til å uttrykke politiske meiningar. Konklusjonen var at truverdet hans som forskar ikkje leid skade. I den grad folk mistrudde utsegnene, var det fordi dei var usamde i det han sa, slik folk alltid har vore usamde om politiske vegval.

– Fryktar for karrieren

– Nokre brende seg på dei politiske konfliktane i 1970-åra, seier Knut Kjeldstadli, UiO. Foto: Erik Norrud

Historieprofessor ved UiO, Knut Kjeldstadli, har lang fartstid som medlem i Sosialistisk Venstreparti. Ikkje som folkevald – ei rolle han tidleg fann ut at ikkje passa for han – men som deltakar i programkomitear, utval, partidiskusjonar og, langt tilbake, som sentralstyremedlem i forløparen Sosialistisk Folkeparti.

– Mange akademiske kollegaer trur at ein blir ufri, bunden, av å delta i politikk, men det meiner eg er tøv. Slike utsegner tolkar eg berre som bortforklaringar for å sleppe å ta i eit tak, seier han.

Ikring seg ser han mange grunnar til at forskarar vegrar seg for å bli politiske.

– Min eigen generasjon tek til å bli sliten, og nokre brende seg på dei politiske konfliktane i 1970-åra. Yngre folk tenkjer ofte at det er farleg å ytre seg politisk, at det kan få konsekvensar for karrieren deira. Og det er klart eg har sett at tilsettingskomitear og slikt har sine preferansar, men eg har aldri opplevd at det gjeld politiske haldningar. Det gjeld fag og nettverk, seier han.

Sjølv har han aldri opplevd å bli skulda for å svikte oppgåva si som akademikar når han uttalar seg om politiske spørsmål.

– Det er naivt å tru at dei spørsmåla ein reiser som forskar, ikkje spring ut av eige verdsbilete og verdisett. Men politikk og fag må ikkje kollapse inn i kvarandre slik at dei same kriteria blir gjeldande på begge område. Metodologi må sikre at det finst sperrar som hindrar at alt blir politikk, seier han, og siktar til å at når empirien kjem i konflikt med verdiane, må empirien få siste ordet.

Desse tynnfilmane absorberer ultrafiolett lys og kan gjere solceller meir effektive. Før politikken forska Kristoffer Robin Haug på slike tema. Foto: Erik Norrud

Frustrasjon gjorde utslaget

Forventinga om nøytralitet hindra ikkje Kristoffer Robin Haug i å ende med å drive valkamp for eit politisk parti. Haug var ein av dei som slukte faktabøker som barn. Han las om insekt og dinosaurar og solsystemet, og kverulerte med læraren om detaljar. Då han i tenåra lærte om klimaendringane, var den første tanken at han kunne studere fornybar energi og løyse klimaproblemet.

– Det var då eg lærte at det meste av teknologien som trengst for å unngå klimakrisa, allereie var funnen opp. Han var berre ikkje blitt teken i bruk, fortel han.

Det var den frustrasjonen som, etter nokre omvegar, førte til at han i år var å finne på lista til Miljøpartiet Dei Grøne i Oslo.

– Spørsmålet var om det var best å melde seg inn i eit stort parti for å endre det i favør av klimaet, eller å melde seg inn i eit lite parti som har den rette politikken, men som er for lite til å kunne påverke? Eg har sett medstudentar frå energistudiet gå inn i oljebransjen for å prøve å endre han innanfrå. Det ser ikkje ut til å ha særleg effekt.

Mellom vener og kollegaer har det å vere forskar klart høgare status enn det å vere politikar, hevdar han.

– Men samstundes møter eg mange frå fagområdet mitt som har kjent på den same frustrasjonen som eg: at vi har løysingane, men dei blir ikkje brukte.

No har Kristin Vinje byrja i ny jobb som visedekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO. Foto: Erik Norrud

Greip utfordringane

For Kristin Vinje er perioden som stortingsrepresentant eit resultat av at ho har teke utfordringar etter kvart som dei har meldt seg. Vervet som finansbyråd gav blod på tann, ho ønskte å bli verande i politikken, og søkte nominasjon til Stortinget ved valet i 2013. Der har ho merka at ho, med naturvitskapleg bakgrunn, skil seg ut.

– Samfunnsvitskapane har gjerne ein meir openberr samanheng med politikk og samfunnsutvikling. Men alle er jo opptekne av at vi skal ha meir realfag i skulen og at vi skal utvikle ny teknologi til det beste for samfunnet, så eg tykkjer realistar har ein like naturleg plass i politikken som samfunnsvitarane, seier ho.

Vinje fortel at ho ofte snakkar med forskarar som i prinsippet er samde med henne i det. Men det er ei vanskeleg vurdering kor mykje tid og energi ein vil investere i politikk når ein ikkje har nokon garanti for å nå igjennom eller oppnå det ein vil. Tek ein steget over til å bli fulltidspolitikar i ein periode, blir det så å seie uråd å gå tilbake til forsking etterpå. Då er ein grundig akterutsegla.

– Men det går an å engasjere seg på ulike nivå. Partia skal jo utvikle politikken sin, og det er viktig at han blir bygd på kunnskap. Eg har ofte invitert forskarar frå ulike ståstader for å få innspel til politikkutvikling, peikar Vinje på.

Eit felles mål

Ved årets val vart ho ikkje nominert på sikker plass. I desse dagar byrjar ho i ny jobb som visedekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO.

– Der blir hovudoppgåva mi å ha ansvar for innovasjon og kontakt mellom forskingsmiljøa, næringslivet og samfunnet elles. Det er midt i blinken for meg, som likar å leie, likar å formidle, og som er glad i forsking. Eg opplever dessutan at institusjonane tek ansvar for å knyte kontakt med samfunnet ikring seg i mykje større grad enn før. Både forskarar og politikarar har det til felles at dei har som mål å gjere samfunnet betre, seier ho.

Heller ikkje Kristoffer Robin Haug kjem til å gå tilbake til forsking. I staden vil han kjempe for at politikken skal ta forskinga på alvor, som ein del av MDG si nye stortingsgruppe. Det er ikkje berre enkelt i eit debattklima der også forskarar stadig blir skulda for å representere ideologisk forankra særinteresser.

– Det er ei kjempeutfordring å vere open mot folk som har andre oppfatningar enn ein sjølv, og samstundes prøve å få fram noko av det ein har lært gjennom forskinga. Eg tykkjer vi må bli flinkare til å vise fram forskarpolitikarane. Sjølv om det gjer vondt for forskarar å gjere noko anna enn å forske, så trengst det at dei deltek.

Det nye Stortinget har iallfall seks representantar med forskingsbakgrunn: Marianne Synnes og Kristin Ørmen Johnsen frå Høgre, Nina Sandberg, Lise Christoffersen og Espen Barth Eide frå Arbeidarpartiet, og Carl-Erik Grimstad frå Venstre. Haug meiner det var på høg tid.

– Eg vil oppmode dei nye forskarpolitikarane om å hugse kva forskinga har lært dei, og ikkje la funna derifrå bli gløymde i det politiske spelet, seier han.

Kva med utlandet?

Det finst inga oversikt over folkevalde og ministrar med forskarbakgrunn, men ingenting tyder på at det er mange av dei i Europa, sjølv om utdanningsnivået hos dei folkevalde både i Noreg og andre europeiske land er høgare enn gjennomsnittet i folket. Den nye franske regjeringa er eitt av unnataka. Den politiske rørsla til president Emmanuel Macron, La République en marche!, hadde som eksplisitt mål å fornye det politiske systemet. Helseministeren og forskingsministeren i regjeringa er begge rekrutterte frå forskingssektoren. Tre firedelar av medlemmane i nasjonalforsamlinga var nyvalde, mange utan politisk erfaring. 34 av dei 577 folkevalde har doktorgrad, dei fleste av dei frå En Marche-rørsla.

 

LES OGSÅ: 

Dette er stortingspolitikerne med forskerbakgrunn