Kvinner i Saksa
LUKK

Kvinner i Saksa

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 8. mars 2017 kl. 00:56

Kvifor fell fleire kvinner enn menn ut av den akademiske karrieren?

LEIAR: «Forskerne som blir borte» var tittelen på ei stor sak i Forskerforum i 2008. Mange aspekt er nemnde: konkurransekulturen i akademia, kameraderi, arbeidsvilkåra (den gongen som no med mykje mellombels tilsetting), og å få ungar midt i kvalifiseringsløpet. Vi hadde snakka med ein fråfallen, kvinneleg forskar, som oppsummerte det heile med at ho «ikkje hadde nok vilje.» Og så hadde vi sjølvsagt med figuren Saksa, ein moderne klassikar: Saksa viser korleis kvinnene er i fleirtal ved starten av studia, men undervegs i den akademiske karrieren stupar kvinnegrafen og kryssar den stoisk stigande mannsgrafen. Jo høgare i karriereløpet, jo større er mannsovervekta.

Kvinner med barn jobba færrast timar

saksa

Saksa i Forskerforum i 2008.

I 2012 kom Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) med ei undersøking av tidsbruken i akademia. Den viste at kvinner med barn jobba færrast timar, menn utan barn jobba flest. Så lenge forsking på fritida må til for å lykkast som forskar, spelar det ei stor rolle kva plikter du har, eller tek på deg, utanfor arbeidstida. Afi-forskarane fann at kvinnelege førsteamanuensar hadde andre rammer for karriererealisering enn menn.

Så har det gått nokre år. Mange tiltak er prøvde, og det finst utvikling. Prosentdelen kvinnelege professorar auka frå om lag 22 i 2010 til nesten 27 i 2015. 2014 vart det fyrste året då fleire kvinner enn menn tok doktorgrad i Noreg. Kryssingspunktet i Saksa har dermed flytta seg, men ho gapar framleis.

Så korleis kjem ein vidare? Sjå på denne setninga, sagt av forskaren Sevil Sümer til På Høyden for vel eitt år sidan: «Det finst eit komplekst samspel av institusjonelle og kulturelle forhold som gjer at kvinner får dårlegare vilkår til vidare avansement enn menn.» Forskaren ved Uni Research Rokkansenteret ytra orda i samband med ei undersøking om kjønnsbalanse ved store forskingsinstitusjonar i Bergen. Eg tykkjer det er brutalt klårt om det uklåre.

Les også: Likestilling i akademia handler ikke om at jentene skal ha det hyggelig på jobb

Sneglefart

I fjor hadde Universitetsavisa ei noko desillusjonert sak om nye tal for kjønnsbalansen ved NTNU. Likestillingsrådgjevar Svandis Benediktsdottir var ei sentral kjelde: «Etter 15 år erkjenner hun at det fremdeles går i sneglefart. Dette til tross for startpakker, kvalifiseringsstipend, letekomitéer, nettverk, mentorprogrammer og annet som skal få skikk på kjønnsbalansen.» Prosentdelen menn i akademiske toppstillingar var då på 76 for heile NTNU. «Utviklingen går i alle fall ikke i riktig retning ved et eneste fakultet på NTNU», sa Benediktsdottir.

Hotell i ei veke 

Men eg hugsar godt eit motstykke, eit døme som kunne få ein til å tru at det er enklare. UiT hadde 24,6 prosent kvinnelege professorar i 2010, og sette seg eit mål om å auke til 30 innan 2013. UiT kom til at det best kunne gjerast ved å kvalifisere kvinnene som alt var der, og hovudtiltaket var verna tid: «Dermed innkvarterte vi dem alle på hotell i en ukes tid fire ganger i løpet av perioden. Her hadde de oppredd seng, ferdiglaget mat, trådløst nettverk på rommet og tilgang til skriver», fortalde seniorrådgjevar Marit Fagerheim til Forskerforum. På få år nådde 18 kvinner toppstillingskompetanse ved hjelp av det særskilte opprykksprosjektet. 30-prosent-målet vart nådd.

Les saken her: I løpet av tre år har UiT fått landets høyeste andel kvinnelige professorer.

Andre land 

Så er det enkle det beste? Eg ringde Mari Teigen, leiar ved Senter for likestillingsforsking, som har fått midlar til det internasjonale NORDICORE-prosjektet. Fram til 2022 skal forskarane gå breitt til verks i å studere kjønnsbalanse i forsking og innovasjon. Teigen vonar at forskinga «kan gje retning for ei politikkutvikling som skapar endring», og det er ikkje lite. Ho vil tilføre noko til «den nærsynte» kjønnsbalanse-i-akademia-diskusjonen, og i større grad trekkje inn andre sektorar og andre land. Korleis slår det til dømes ut at folk med akademisk bakgrunn kan få betre arbeidsvilkår andre stader?

Eg nemner hotell-tiltaket til UiT og hjartesukket frå NTNU. Teigen trur, ikkje uventa, at løysinga knapt er berre hotellopphald. Ein må sjå på føresetnadene kvar enkelt stad, og for å verte klokare, må ein òg vurdere effekten av enkelttiltak.

Det hadde vore fint å avslutte leiaren med nokre fyndord. Kan du gje meg dei?

– Vi treng å vite meir om kva som virkar og kva som ikkje virkar.

Ha ein god 8. mars!