Kvinners politiske makt
LUKK

BOKMELDING

Kvinners politiske makt

Av Av Lars Nyre

Publisert 7. september 2012 kl. 08:01

Bok med potensial til å verta eit standardverk for folk som er opptekne av kvinnesakas historie.

kvinners-politiske-makt

Fakta
<

 

Skard har skrive ei global historie om kvinners politiske makt, og fokuserer på kvinner som har nådd toppen i sine land gjennom verv som statsminister eller president. Kva skjedde som gjorde at mønsteret med mannleg makt vart brote, spør ho. Boka består av ei kjede med personlege og politiske portrett av 73 kvinner i 53 ulike land, og portretta er teikna på ein detaljert historisk, politisk og sosial bakgrunn. Historia er avgrensa til perioden frå 1960 til 2010.

Skard skriv grundig om alle kontinent. I Sovjet/Russland vart kvinnene formelt likestilte med menn frå 1917, men dei kom ikkje fram i den sentrale styringa av staten. Kvinner fekk tunge og dårleg betalte jobbar, og måtte gjera dobbeltarbeid ved også å vera ansvarlege for heimen. Skard har gjort eit grundig research-arbeid til denne boka.

Skard kjem frå ein familie med solid intellektuell og politisk ballast når det gjeld kvinnesak. Ho er barnebarn av Halvdan Koht, dotter av Åse Gruda Skard og syster til Målfrid Grude Flekkøy. Ho har representert kvinnesak i alle sine 75 år, enten ho har verka i venstreorientert politikkutvikling, eller har delteke på FN-arenaen i Afrika og Asia. Ho har i utgangspunktet ein sterk etos som forfattar av ei bok om kvinneleg makt.

Skard skriv ein moralsk prosa. Ho vil at verkelegheita skal vera på ein viss måte, nemleg at kvinner faktisk utøver sin skjerv av den politiske makta i verda. Hennar førebilete er vestlege demokratiske leiarar som Golda Meir, Margaret Thatcher og Gro Harlem Brundtland. Dei hadde tydelege politiske program, var sterke leiarar, og hadde jobba seg opp i mannshierarkiet ved eiga kraft. Det er tydeleg at Torild Skard respekterer denne karrierevegen mest.

I Asia er dei fleste kvinnelege statsleiarane dotter eller kone til ein viktig mann som ofte har lidd ein politisk martyrdød. Indira Gandhi i India og Benazir Bhutto i Pakistan er døtrer av tidlegare statsministrar, og Zulfikar Ali Bhutto vart hengd av regimet. Kvinner kjem også til makta i eit overraskande maktvakuum, der det rådande oligarkiet har behov for at den same ’familien’ fortset å styra. Sjølv om dette kan fungera bra på ein pragmatisk måte, er demokrati den viktigaste føresetnaden for legitim kvinneleg makt, seier Skard.

Dette er ein murstein på over 500 sider, og boka har nesten for mange detaljar. Sakprosa med slik encyklopedisk struktur har sjeldan eit tydeleg fagleg argument, og boka vil aldri skapa kontrovers.

Det beste ville vore om boka var halvparten så lang, med større vekt på kartografiske framstillingar og fotografi. Historia hennar beveger seg over heile kloden, og politiske kart kunne vist likskapar og forskjellar. Historia ville vorte meir levande dersom ho var illustrert med pressefoto frå dei mange politiske drama som vert omtalte.

Boka har potensial til å verta eit standardverk for folk som er opptekne av kvinnesakas historie. Skard skriv at boka kan lesast litt som eit oppslagsverk, og det er eg samd i. Difor er det svært underleg at boka ikkje har ein indeks der ein kunne slå opp på dei tusenvis av ulike namna, nasjonane og organisasjonane som er omtalte i boka.