LEIAR: Steg for steg mot open tilgang
LUKK
Annonse
Annonse

LEIAR: Steg for steg mot open tilgang

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør

Publisert 1. desember 2016 kl. 13:00

Statsrådens tale på forskingspolitisk seminar var eit viktig knepp i retning open tilgang.

 

Hovudargumentet for er sterkt: Når det offentlege har finanisert forskinga, bør resultata òg vere allment tilgjengelege og ikkje innestengde bak betalingsmurar. Open tilgang var eit hovudtema på Forskerforbundets årlege «forskingspolitisk seminar» i Oslo 15. november.

LES OGSÅ:

Saka har putra i årevis, og det har kome stadige nye knepp i retning meir satsing på open tilgang. Forskingsmeldinga Lange linjer fastslår prinsippet om at offentleg finansiert forsking skal vere ope tilgjengeleg. Kunnskapsdepartementet sette ned ei arbeidsgruppe, leia av Torkel Brekke, som skulle lage retningsliner for open tilgang. Rapporten frå utvalet har fleire konkrete framlegg, mellom anna å leggje inn eit økonomisk incentiv for å få forskarar til å publisere med open tilgang. Nyleg gjekk høyringsfristen ut, og ifølgje kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, eg kjem tilbake til han, er om lag 80 prosent av høyringssvara «generelt positive» til rapporten.

Enn så lenge lever vi i ein bastardtilstand nasjonalt og internasjonalt.

Parallelt med dette arbeidet, har EU òg stått for eit kraftig knepp. I vår vedtok EU at alle europeiske forskingsartiklar med offentleg finansiering i utgangspunktet skal vere ope tilgjengelege – alt frå publiseringsdatoen – innan 2020. Enn så lenge lever vi i ein bastardtilstand nasjonalt og internasjonalt. Tradisjonell publisering dominerer, medan open-tilgang-tidsskrifta veks fram, seriøse og useriøse. Universitet og høgskular bruker store summar på tidsskriftabonnement, betalar avgifter for å publisere i open-tilgang-kanalar, og betalar tidsskrift for frikjøp av artiklar, retten til å publisere ope i tillegg. Styresmaktene krev nemleg at forskinga så langt mogeleg skal vere ope tilgjengeleg gjennom lagring i institusjonsarkiv. Om lag 50 norske institusjonar har slike arkiv, men det er grunn til å stille spørsmål om kor mykje som vert lagra der og kva utbytet av arkiva er.

På forskingspolitisk seminar heldt Torbjørn Røe Isaksen eit innlegg som etter min forstand var dekkjande og nyansert. Som statsråd har han attpåtil automatisk tyngde, som ein framførar av den rådande politikken. Han slo klårt fast at offentleg finansiert forsking skal vere allemannseige. Han argumenterte med at open tilgang bidreg til høgare kvalitet, ved at forskarar lettare kan byggje på funna til kvarandre og etterprøve kvarandre, og at ein raskare kan spreie ny kunnskap. På det siste punktet vil eg gjerne slutte meg til – og understreke: Argumentet om at offentleg finansiert forsking bør tilhøyre alle, kan ikkje vere avgrensa til forskarane sjølve. Omsynet til storsamfunnet og kvardagsbrukarar av forskingsbasert kunnskap bør òg vege tungt, og tale for formidling av forskinga.

Røe Isaksen tok opp argumenta mot open tilgang. Retten til å publisere kor ein vil, er eit viktig prinsipp, og han formulerte det slik: «Vi må anerkjenne det legitime ynsket til individuelle forskarar om å publisere i eit så prestisjetungt tidsskrift som mogeleg.» I akademiske krinsar er ikkje prestisje berre ei diffus ære, men sjølve valutaen. Kvalifisering og meritering er sterkt bunde til kor ein har publisert, og korleis kan ein kome rundt dette? Ein mogeleg veg, som Brekke-utvalet oppmodar til å satse på, er DORA (The San Francisco Declaration On Research Assessment). Underskriving av denne deklarasjonen forpliktar institusjonar til å leggje vekt på kva ein forskar har publisert, ikkje kor. Ved tilsetjing, opprykk eller tildeling av forskingsmidlar skal kvaliteten telje, ikkje renommeet til publiseringskanalen.

Nokre kraftfulle mekanismar motverkar òg open tilgang, som interessene til internasjonale tidsskriftsforlag, og at tradisjonell publisering er tett knytt til fundamentale prinsipp i forskingsverda – korleis ein best kvalifiserer seg, og korleis institusjonane oppnår ry og pengar. Dersom ein skal få til ein god overgang til open tilgang, må systema og politikken derfor gå framfor. Vi kan ikkje vente at forskarar som skal prøve å kvalifisere seg – til dømes til ei fast stilling – tek sjansen på å gjere bruk av den nest mest, eller tredje mest, verdifulle valutaen. Oppi alt dette, må ein sikre publisering på norsk, og dyrking av det norske fagspråket.

Sjå debattinnlegg om open tilgang frå Morten Irgens, Ole Petter Ottersen og Torkel Brekke

 

LES OGSÅ: