Leiar: Teljing på avvegar
LUKK

Leiar: Teljing på avvegar

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 6. oktober 2017 kl. 09:21

Det er på høg tid å gå laus på dysfunksjonane i forskingssystemet.

Her om dagen maila eg kundeservice i ei bedrift om eit problem eg hadde med tenestene deira. Problemet forsvann ikkje, så eg fylgde opp med å ringe. Dei fann fram saka mi, som betryggande nok var utstyrt med eit saksnummer.

– Den er assignet til prosessering, sa personen i telefonen.

– Assignet til prosessering, sa eg, halvt for meg sjølv, medan eg prøvde å begripe noko som helst.

– Ja, eg ringde altså sidan problemet ikkje er løyst.

– Saken er assignet til prosessering. Har du ikke fått en mail om det? Det skulle du ha fått.

No kjende eg meg på høgde, for eg svarte:

– Du har jo fortalt meg at saka er assigna til prosessering, så eg treng ingen mail. Eg treng ei løysing av problemet.

Noko seier meg at vi hadde med ein teljekant på avvegar å gjere.

Teljekantsystemet i norsk forsking vart innført i 2006. Dei som stod bak brukte ordet «publiseringsindikatoren» og likte ikkje oppnamnet. «Teljekantsystemet» hadde noko nedsetjande og frekt ved seg, men har vunne fram som den dominerande nemninga. Eg trur det er den einaste kampen motstandarane av systemet har vunne.

Perverteringane står i kø.

Teljekantane kom som ein del av nytt finansieringssystem i samband med innføringa av kvalitetsreforma. Føremålet med å lage ei ordning for kvantitativ måling av forsking, var dels å kunne leggje vitskapleg produksjon til grunn for løyvingar, dels å stimulere til auka publisering. Vinningane var ganske klåre. Ved ei sinnrik deling i nivå 1 og 2 og kategoriar publisering (monografi? artikkel?) fekk ein eit sams system for alle fag og universitets- og høgskulesektoren under eitt. Det vart attraktivt å få arbeida opp frå djupet av PC-en, leggje den siste handa på det, dele klokskapane med verda. Veikskapane var minst like klåre, og motstanden mot innføringa av teljekantane var brei og skarp, ikkje minst i dette bladet. Nivådelingane av kva som er gode og framifrå tidsskrift og forlag vil alltid vere diskutable. Forskarar kan drive strategisk tilpassing. At vi får fleire artiklar, vil sjølvsagt ikkje seie at dei vert betre, heller ikkje i sum. Perverteringane står i kø.

Argumenta for og mot var liknande òg då det gjaldt heile kvalitetsreforma. Det lønte seg å produsere studiepoeng, men kor dugelege til å tenkje, ellar å ha eit arbeid, vart studentane?

Det har ikkje mangla på evalueringar av både kvalitetsreforma og teljekantsystemet. I 2015 kom Riksrevisjonen med ein rapport som gav kvalitetsreforma det glatte lag – problemet med låg studiegjennomføring og høgt fråfall var like stort som før reforma. Året før kom ei dansk evaluering av teljekantane. Ein kan svært populært oppsummere denne med at teljekantane hadde ført til meir, men ikkje betre publisering, og målestokken her var «impact», altså kor mykje publiseringane vart siterte, og i kor viktige kanalar. Evalueringa var altså ikkje nedslåande, men framviser korleis det under tala ligg eit nytt lag med tal, med tilhøyrande misvisingar. Teljekantane er djupt samanvovne med resten av forskingssystemet.

I ei sak om langtidsplanen for forsking og høgare utdanning i dette bladet, tykkjer eg Jan Magnus Aronsen, leiar for forskingspolitikk i AYF, snakkar presist om problemet. Han peikar på at offentlege evalueringar av forskingskvalitet tek utgangspunkt i teljelege mål som siteringar og tal på publikasjonar: «På mitt fagområde medisin er til dømes ph.d.-kandidatane i praksis avhengige av å få publisert minst tre artiklar i stipendperioden. Då blir det freistande å ta kunnskap som allereie finst, og så ta eit minimalt nytt steg i ei vilkårleg retning. Det fører ikkje nødvendigvis til relevant kunnskap, men på grunn av publiseringspresset kan ein ikkje gjere noko som er forbunde med risiko.»

Teljekantane utgjer ein liten del av løyvingane til universitet og høgskular, men kvantitative mål har teke plass i kjernen av tankegangen til både institusjonar og mange forskarar, som er tvinga til å tenkje slik med omsyn til karrierebygging. Skal ein desse dysfunksjonane til livs, må ein gå fundamentalt til verks.

På det nye Stortinget sit det, så langt vi har funne ut, seks personar med forskingsbakgrunn. Kan hende røynslene deira med systemet kan vere ein start?

Eg assignar med dette saka til prosessering.