Leiar: No går vi frå høg til himmelhøg utdanning.

Eg kan ikkje få sagt kor harry det er når Erna Solberg snakkar om utdanningspolitikken som ein tretrinnsrakett. Ho siktar til at regjeringa fyrst, i 2014, innførte langtidsplanen – ein opptrappingsplan for forsking og høgare utdanning. Så gjennomførde dei strukturreforma, der universiteta og høgskulane skulle slå seg saman med kvarandre. Tredje trinn er kvalitetsmeldinga med føremålet å forbetre høgare utdanning. Himmelen er ikkje grensa, for no går ferda ut i verdsromet. Får regjeringa dei tilsette med seg i raketten?

Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum.
Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum.

Solberg nytta uttrykket i ein elles god – men ekstremt omstillingsvenleg – tale på kontaktkonferansen i januar, eit årvisst møtepunkt mellom Kunnskapsdepartementet (KD) og leiarane ved universitet og høgskular. Konferansen vart brukt til ei førehandslansering av kvalitetsmeldinga, og det er ikkje tvil om engasjementet til Solberg. Ho er ei av dei som ikkje ler av «den nye oljen», for ho har lenge visst kva den er laga av: kunnskap. Vegen dit går om høgare utdanning, og om eg skal utleggje henne fritt, er den ideelle uteksaminerte ein oppegåande, sjølvstendig, kritisk type, som òg er rusta for å omstille seg.

Kva skortar det på i utdanninga i dag? Solberg vona vi hadde kome vidare frå omkvedet den gongen ho sjølv studerte. Ho sat i kollegiet ved Universitetet i Bergen, som skulle vurdere kvaliteten i eiga undervising. Sjablongen var slik: Førelesarane meinte studentane var umotiverte. Studentane meinte at førelesarane var umotiverande.

«Den eine gulrota tek den andre.»

Om lag derfrå startar jobben til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han presenterte innhaldet i meldinga, og eit hovudframlegg er meritering av undervising. Fagfolk som vil, eller er ekstra dyktige til å undervise, bør få eigne karrierevegar der gode undervisingsprestasjonar gjev utteljing, òg i noko så konkret som løn. Universiteta i Bergen og Tromsø er alt i gang med eigne variantar av dette.

Eit anna sentralt tiltak er å etablere ei nasjonal konkurranseordning om pengar til å lage god undervising. I dag vert utdanninga hovudsakleg finansiert gjennom rammeløyvingane til institusjonane. Statsråden trur eit slikt system kan motivere og vere noko å strekkje seg etter, på line med søknader til EU og Forskingsrådet.

Her er hovudpunkta frå kvalitetsmeldinga.

Dersom eg skal oppsummere tankegangen i meldinga, vil eg bruke orda kvantifisering, konkurranse og incentiv. Politikken for forsking og høgare utdanning er gjennomsyra av det frå før, og i staden for å auke rammene – eller meir dramatisk: redusere dei sterkaste incentiva for forsking – vil ein innføre nye for utdanning. Endå meir nullsumspel. Den eine gulrota tek den andre.

«Regjeringa kjem seg ikkje unna rammevilkåra i eit system som alt i dag er hardt pressa.»

Regjeringa kjem seg ikkje unna rammevilkåra i eit system som alt i dag er hardt pressa. Når Røe Isaksen held fram at meir søking og konkurranse om midlar er motiverande, nærmar det seg ufriviljug komisk.

Kva skal til for at framlegga kan fungere? Røe Isaksen forsikrar: «Vi er fullstendig klar over at kvalitet i utdanningen skapes lokalt. Det er lang vei fra fyndige formuleringer i en stortingsmelding til at studentene opplever forskjell i auditoriene og i seminarrommene.» Han vog orda sine då han sa at undervising i dag kan kome i andre rekkje, bak mykje anna, ikkje minst forsking. Han vog dei likevel ikkje nok til å unngå motbør, for universitet og høgskular legg allereie mykje arbeid og stoltheit i god undervising.

Ifølgje undervisarundersøkinga til Nokut, som òg kom i januar, bruker vitskapleg tilsette over halvparten av arbeidstida på undervising. Åtte fagfelt var utvalde til undersøkinga, og i sum gav respondentane denne beskjeden: Snau tidsressurs til undervising er det største hinderet for å forbetre undervisinga. Les meir om dette på side 7 i februarutgåva (eller her på nett), og les alt mogeleg om kvalitetsmeldinga på Forskerforum.no.

Nokut-direktør Terje Mørland var inne på noko då han kommenterte undersøkinga slik på den framleis sterkt tilrådde nettstaden Forskerforum.no: «Skal man gi et bedre tilbud til studentene, må man kanskje gjøre noe annerledes. Men det må ikke komme på toppen av det andre. Man må bli flinkere til å fjerne noe når man innfører noe.»

Velkomen til edrueleg debatt. Så kan vi kanskje heller gløyme den der raketten.

Les også: 

Her er de mest og minst fornøyde studentene i Norge