Må tenkje nytt om vurdering av forsking
LUKK
Annonse
Annonse

Må tenkje nytt om vurdering av forsking

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. april 2016 kl. 14:48

Open tilgang til forsking føreset nye måtar å evaluere forskarar på. Det var eitt av dei tydelege signala frå ein europeisk konferanse om open tilgang denne veka.

m--tenkje-nytt-om-vurdering-av-forsking-


– Vi vil ha framgang i arbeidet med open tilgang, men utan å gjere det vanskeleg for forskarane, seier Bjørn Haugstad.

EU har som mål at frå 2020 skal all europeisk forsking utført med offentlege midlar, vere ope tilgjengeleg frå publiseringsdato. På konferansen som gjekk av stabelen i Amsterdam denne veka, arbeidde representantar for alle delar av forskingsverda, frå bibliotekarar til forskingsråd og politikarar, med å lage konkrete framlegg til tiltak som må gjennomførast for å nå dette målet. 
 
Konferansen resulterte i «Amsterdam Call for Action on Open Science», som i første omgang skal leggast fram på eit møte i Rådet for den europeiske union i slutten av mai. For tida er det Nederland som har presidentskapet i rådet, og landet har kunngjort at dei vil nytte høvet til å setje fart i arbeidet med open tilgang til forsking og forskingsdata.
 
Meny med konkrete tiltak
 
– Ei av dei store utfordringane vitskapen møter, er korleis ein kan auke samfunnsbidraget. Vi utfører mykje god forsking i Europa, men forskinga får ikkje alltid den innverknaden den kunne fått, seier statssekretær i det nederlandske Utdannings-, kultur- og forskingsdepartementet, Sander Dekker, til Forskerforum.
 
– I Nederland har vi store ambisjonar for open tilgang til forsking, og våre eigne forskingsfinansierande institusjonar krev open publisering av forskingsresultat for dei som mottek støtte. Men skal det verkeleg ha effekt, må dette gjerast samstundes over heile Europa, og så globalt. Utfallet av denne konferansen er at vi no har ein meny med konkrete tiltak som svært mange ulike interessentar stiller seg bak. Det gjer at når vi politikarar møtest neste månad, har vi ei svært sterk rørsle i ryggen som krev handling.
 
Mot «Open Science»
 
I «Amsterdam Call for Open Science» er det identifisert ei rekkje punkt som kallar på handling. Nokre av dei er:
 
  • Endre på systema for vurdering, evaluering og meritering i forsking 
  • Klarare regelverk for intellektuell opphavsrett og personvern
  • Skape openheit omkring forlagsavtalar og kostnadar knytt til vitskapleg publisering 
  • Utvikle prinsipp og retningsliner for handtering, deling og gjenbruk av forskingsdata
  • Skape felleseuropeiske digitale forskingsinfrastrukturar
  • Involvere forskarar og andre brukarar av forsking meir i arbeidet med «Open Science» 
 
Såkalla Open Access, eller open tilgang til publisert forsking, er eit første steg på vegen mot «Open Science», men er altså ikkje tilstrekkeleg, ifølgje EU. Det langsiktige målet er ein meir open måte å utføre, kommunisere og utnytte forsking på, noko som mellom anna inneber løysingar for deling og gjenbruk av forskingsdata, og å involvere samfunnet i forskinga i større grad enn no.
 
Kva skal telje som publikasjon?
 
I paneldebattane påpeikte mange at det er meiningslaust å krevje at forskarar skal publisere forskingsresultata sine med open tilgang, og samstundes tildele forskingsmidlar og stillingar på bakgrunn av kva for tidsskrift forskarane har publisert i. Eit breiare spekter av evalueringsformer er difor ein føresetnad for at full open tilgang til forskingsresultat skal bli ein realitet.
 
– Vi er nøydde til å tenkje nytt om kva som tel som ein publikasjon. Ein kan ikkje avgrense det til artiklar og monografiar, ein må inkludere ei større breidde av format og kanalar, og ein må ta omsyn til at forskingsresultat innanfor ulike fagområde ikkje har same levetid. Ein medisinsk publikasjon kan vere utdatert etter nokre månader, medan innanfor matematikk kan eit resultat vere like gyldig etter mange år, sa president i Det europeisk forskingsrådet (ERC), Jean-Pierre Bourguignon.
 
Treng samarbeid
 
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, kommenterte i si innleiing at det i dag blir lagt for mykje vekt på kvar forskarar publiserer, og for lite på kvaliteten og reproduserbarheiten i det dei publiserer.
 
– Pengar er ekstremt viktig. Dersom forskarane opplever at stillingar og prosjektmidlar føreset at dei publiserer på gamlemåten, kjem vi ikkje langt. Samstundes vil det ikkje ha stor effekt om éin aktør gjer noko åleine, difor er samarbeid så sentralt, seier han til Forskerforum.
 
Den norske regjeringa har nyleg sett ned ei arbeidsgruppe som skal kome med framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar.