– Forskarar og politikarar må vere ærlege om uvisse
LUKK
Annonse
Annonse

– Forskarar og politikarar må vere ærlege om uvisse

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 27. september 2017 kl. 13:01

Forskarar, politikarar og folk flest må snakke betre saman. Det var den enkle, men vanskelege, hovudbodskapen frå tysdagens EU-konferanse om politikk i postfaktasamfunnet.

(BRUSSEL) Forholdet mellom opinionen og forskingssamfunnet er tilsynelatande komplisert for tida. I førre veke viste ei undersøking bestilt av Forskingsrådet at nesten femti prosent av respondentane meinte at forskingsresultat ofte er kjøpt av industri eller styresmakter og difor upålitelege.

«Kunnskapsbasert politikk i postfakta-samfunnet» var tema for årskonferansen til Joint Research Centre, EU-kommisjonens eigen forskings- og kunnskapsleverandør, som gjekk av stabelen i Brussel tysdag. Fleire av talarane siterte tilsvarande undersøkingar frå ulike land, som i sum viser at folk er sterkt interesserte i og opptekne av forsking og forskingsresultat, men dei er skeptiske til sanninga i resultata og veit ikkje kvar dei skal gå for å få påliteleg kunnskap.

– Dei teoriane vi trur på, kallar vi for fakta, og dei faktaa vi mistrur, kallar vi for teoriar, sa EU-kommisjonær for utdanning, kultur, ungdom og idrett, Tibor Navracsics, då han opna konferansen.

– Det er blitt klart at når vi utviklar politikk, kan vi ikkje berre ta omsyn til fakta, vi må også tenkje på verdiar. Verdiar er dessutan ein sentral del av grunnlaget for EU-prosjektet, sa han.

Kvifor lite på forsking?

Konferansen prøvde å svare på to hovudspørsmål: Kvifor skal vi lite på forsking? Og korleis kan ein finne nye måtar å utvikle politikk på, som tek omsyn til det vi veit om korleis menneske oppfører seg i møte med fakta vi ikkje likar?

Forskingskommisjonær Carlos Moedas la vekt på at om ein skal bevare tilliten til vitskap, må prosessen bak konklusjonane kommuniserast betre.

– Ingen vil lenger bli fortald kva dei skal tru. Då går vi berre heim og googlar og finn eit svar som passar oss betre. Dei vil høyre om kvifor forskaren kom til den konklusjonen ho gjorde, og også kvar kunnskapsgrunnlaget er usikkert. Vi har tillit til folk som er opne om desse prosessane, sa han.

Han brukte omdømmefallet som Karolinska Institutet opplevde etter Macchiarini-skandalen som døme.

– Folk googlar helsespørsmål utan stans, men dei trur ikkje på kva som helst. Nettopp difor er forskingsintegritet så viktig. Det er noko vi må bli tøffare på i EU. Vi må krevje meir integritet, både av einskildforskarar og institusjonar, sa han.

Tracey Brown, leiar av organisasjonen Sense about Science, minte om at fenomen som «postfaktasamfunnet», Brexit, Donald Trump og høgreradikalisme ikkje først og fremst handlar om mistillit til forsking.

– Folk er interesserte i forsking og fakta som aldri før. Det er berre det at forskarar no opplever å bli tekne til inntek for dei ulike sidene i det som er ein større debatt om meiningstap og framtidsfrykt, sa ho.

– Still ekspertane til ansvar

Jonathan Kimmelman er førsteamanuensis i medisinsk etikk og samfunnsmedisin ved McGill University i Kanada. Han tykte samfunnet må bli strengare med kva for vitskaplege råd vi lit på.

– Når vi ber ekspertar om råd, vil vi at råda skal vere nøyaktige og etterrettelege, og vi vil at ekspertane skal ha evne til å lære og korrigere seg sjølve når dei tek feil. Men vi ser stadig vekk at ekspertråd ikkje leverer, sa han, og viste mellom anna til ei lang rekkje påstandar om korleis nye medisinske oppdagingar vil revolusjonere behandling, som i ettertid har vist seg å ikkje leve opp til forventingane.

Vi må ikkje vere redde for uvissa. Det er den som gjer at forsking fungerer.

Han meinte at dersom ein stiller forskarar til ansvar for slike påstandar på ein meir systematisk måte, vil ein etter kvart oppdage kven som gjev gode råd og kven som ikkje gjer det.

– Be ekspertane oppgje kor sannsynleg dei trur det er at påstandane deira vil inntreffe innan eit gitt tidsrom. Når tida er gått, går du tilbake og konfronterer dei med påstanden. I kor stor grad er den revolusjonerande behandlingsforma blitt realitet? Det hjelper oss også til å oppdage kva som gjekk gale, dersom noko gjekk gale, illustrerte han.

Dei som veit minst, meiner sterkast

Professor Steven Sloman, Brown University.

Ein av debattane var via åtferdsforsking, og korleis slik kunnskap kan nyttast til å gjere politiske prosessar betre. Steven Sloman, professor i psykologi ved Brown University i USA og kjent for forskinga si på «illusjonen om kunnskap», peika på at vi alle overvurderer kor godt vi forstår fenomen, både dei kompliserte og dei enkle.

– Difor er det rart at så mange har så sterke meiningar og kjensler om ulike tema, for dei færraste forstår fenomena godt nok til å kunne backe opp meiningane sine. Og dei som forstår minst, har gjerne dei sterkaste meiningane, sa han.

– Skal vi ta betre avgjerder, er altså folkeavstemningar ein dårleg ide. I staden må vi ta i bruk den reelle ekspertisen, og då må vi vite kvar den er å finne i eit gitt samfunn. Vi må mellom anna vedgå at mykje av ekspertisen finst utanfor forskarsamfunnet. Vi veit lite, men alle veit noko. Vanlege menneske veit ting forskarar ikkje veit, til dømes om korleis ein spesiell type politikk påverkar dei direkte. Eg trur det er mogleg å finne måtar å hente ut og bruke denne spreidde ekspertisen på, sa han.

Men det er nyttelaust å bruke tid på å prøve å forklare komplisert vitskap for folk flest, meinte han.

– Dropp forklaringane, ta i staden folk med på den praktiske prosessen der avgjerder skal takast og setjast ut i livet.

– Ikkje lov for mykje

Han fekk støtte frå Simon Kuper, spaltist i Financial Times og forfattaren av boka Soccernomics. Kuper henta sine døme frå fotballverda. I fotball blir dei fleste avgjerder tekne av middelaldrande menn utan utdanning, som har tilhøyrt industrien frå ung alder og handlar basert på erfaring og magekjensle.

– Dei berre veit at det er større sjanse for å score på utoverskrudde hjørnespark, sjølv om statistikk viser at innoverskrudde hjørnespark oftare fører til scoring. Det har inga hensikt å krangle med dei. Leit i staden opp folk som trur på deg, men som samstundes kan snakke med tradisjonalistane. Jobb med den tradisjonelle kulturen, ikkje mot han, sa Kuper.

Han kom med konkrete tips til korleis ein kan endre ein kultur som er basert på tradisjonar og ideologi.

– Ikkje lov for mykje. Hugs at sjølv om vitskap kan gje betre politiske avgjerder, så er det ikkje garantert. Feil kjem til å skje, og har du lova perfeksjon, så vil ein einaste feil føre til at ingen trur på deg igjen. Folks erfaring er ikkje unyttig kunnskap, og vitskapen må vere audmjuk overfor alt ein ikkje veit. Ein må aldri gå fram på måtar som får folk til å kjenne seg overflødige, sa han.

Ba om forslag

I eit forsøk på å konkretisere debatten, var alle innleiarane blitt bedne om å kome med eitt forslag til korleis ein kan sikre kunnskapsbasert politikk i postfaktasamfunnet. Mot slutten av dagen vart konferansedeltakarane bedne om å røyste på forslaga. Dei mest populære var desse:

  • Snakk om uvisse. EU bør vere tydeleg på kva for fakta som utgjer grunnlaget for politikken, og like tydelege på kvar kunnskapen er usikker eller manglande.
  • Bruk eit «Evidence Transparency Framework». Ta i bruk eit eksisterande verktøy som viser tydeleg for alle kva for kunnskapsgrunnlag som er brukt i politiske avgjerder, og korleis uvisse har fått kome til uttrykk i desse avgjerdene.
  • Lokale debattar. EU bør organisere debattar om store politiske spørsmål lokalt i alle medlemsland, der både ekspertbidrag og borgarpanel får ta del.
  • Ny teknologi for samarbeid. EU bør investere i teknologi som gjer det enklare å koble relevant ekspertise saman til dynamiske lag som samarbeider på tvers av medlemsland.
  • Vitskapsrådgjevarar. Kvart generaldirektorat i EU bør ha ein vitskapleg rådgjevar som arbeider for at politikken skal vere kunnskapsbasert, og som gjev råd om korleis ein skal tolke og bedømme forsking som grunnlag for politikk.
  • Leiarutdanning. EU-politikarar bør får opplæring i åtferdsvitskap slik at dei blir klar over sine eigne fordommar og blindsoner når dei skal utvikle politikk.

Det alle deltakarane verka samde om, var at politikarar, forskarar og vanlege borgarar må snakke meir og betre saman. Det kan knappast kallast ei revolusjonerande innsikt, men mange av diskusjonane handla om korleis ein konkret kan få det til.

– Tiltak som lokale debattar krev mykje ressursar, men vi bør antakeleg prioritere det, sa Jean-Eric Paquet, visegeneralsekretær til Kommisjonen, då han oppsummerte den siste paneldebatten.

– Vi må også hugse at det er mange typar tilbakemeldingar som aldri kjem fram til oss på grunn av språkbarrierar, så for å fange opp dei, må vi gå meir lokalt til verks, og gjerne teste tiltak gjennom pilotprosjekt. Slike eksperiment er noko vi tradisjonelt ikkje har vore så flinke til i EU, og det kan vi godt bli.

Rush D. Holt, administrerande direktør i the American Association for the Advancement of Science (AAAS) og tidlegare kongressmedlem for Demokratane, understreka kor viktig det er at både forskarar og politikarar er ærlege om uvisse.

– Vi må ikkje vere redde for uvissa. Det er den som gjer at forsking fungerer. Utan uvisse kan det ikkje bli endring eller framgang. Uvisse er ikkje ein svakheit i systemet, men ein føresetnad for det, og det må vi få fram, sa han.