Nordmenn erstatta ikkje tapet av utanlandske turistar ved musea
LUKK
Annonse
Annonse

Nordmenn erstatta ikkje tapet av utanlandske turistar ved musea

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. august 2020 kl. 09:42

Nokre av musea har hatt dobbelt så mange nordmenn på besøk i sommar. Men fleire store museum i byane har dramatisk nedgang i besøkstalet.

Etter at musea igjen opna for publikum, har det vore stor spenning knytt til sommarsesongen, og om nordmenn ville fylle opp museumssalar og bygdetun rundt i landet. Forskerforum har spurd nokre av musea korleis det har gått i ein sommarsesong med få utanlandske tilreisande.

– Vi er glade og letta  

Ved Bymuseet i Bergen førte koronasituasjonen til at museet måtte tenke nytt om opplegget i sommarferien. Dei ni musea som utgjer bymuseet har berre delvis vore opne for publikum og har hatt kortare opningstider. Nytt av året var også sal av billettar på nett.

– Vi er veldig glade og letta, seier Astrid Strømsnes, kommersiell leiar ved Bymuseet i Bergen.

– For å sikre fast tilsette jobb framover, har forskarar og konservatorar hatt omvisningar både ute og inne, til dømes på Lepramuseet og Skolemuseet. Mange av desse «ekspertomvisningane» vart raskt utselde, og ved Gamle Bergen Museum var besøket i juli månad faktisk heile 85 prosent av juli i fjor, fortel ho.

Besøket i Håkonshallen var på 72 prosent av fjoråret, Rosenkrantztårnet 84 prosent og Bryggens Museum hadde 46 prosent så mange besøk som i fjor.

– Bymuseet sine museum har til vanleg ein veldig høg andel utanlandske besøkande, og at vi år har klart å nå ut til så mange nordmenn, er vi svært nøgde med, seier Strømsnes.

Dramatisk ved Kode

Ved Kode kunstmuseer og komponisthjem i Bergen har juli vore ein god månad samanlikna med juni. Men besøkstalet i sommar har stupt med over 75 prosent frå i fjor.

– Vel 20 000 besøkte Kode i juni og juli, og om lag 17 000 av desse kom i juli. Men i 2019 hadde vi langt over 80 000 besøkande i same perioden. Det er ein dramatisk nedgang, som for oss var både frykta og forventa, seier Maria Tripodianos, kommunikasjonsrådgjevar ved Kode.

Ho seier inntektene i år ikkje er i nærleiken av å kunne kompensere for fråfallet av utanlandske turistar.

– Vi er også svært bekymra for neste års sesong, seier ho.

Vinnaren vart The Twist

I sommar er det særleg eitt museum som har trekt til seg publikum: Kistefos-museet på Jevnaker. Nordmenn har valfarta dit for å sjå kunstutstillingane i det nye museumsbygget «The Twist», med ein arkitektur som har fått svært stor merksemd.

Nordmenn har valfarta til Jevnaker for å sjå det nye spektakulære museumsbygget The Twist. Foto: Laurian Ghinitoiu

– Frå mai til slutten av juli hadde vi 90 000 gjester, medan talet for same perioden i fjor var 15 000. Ein av grunnane er at folk vil sjå det nye bygget, ein annan grunn er korona som gjer at folk held seg heime i Noreg. Kistefos-museet har fått svært mykje omtale i pressa, så vi er nok den heldige vinnaren i år, seier direktør Birgitte Espeland.

Dobbelt så mange nordmenn

At nordmenn har reist i eige land, har mange museum i Nord-Noreg fått merke. Ved Verdensarvsenter for bergkunst – Alta museum har dei tilsette vore svært spente på sommarsesongen, fordi museet er avhengig av mange utanlandske turistar. Museumsdirektør Jan S. Dølør fortel at museet hadde 8 357 besøkande i juli mot 15 754 same månad i fjor, ein nedgang på 47 prosent. Av desse utgjer finske og norske turistar 87 prosent.

Over dobbelt så mange nordmenn og nesten dobbelt så mange finske turistar som i fjor kom for å sjå helleristningane i Alta. Foto: Alta Museum-Karin Tansem

– Dette er faktisk betre enn forventa. I juli kom det over dobbelt så mange nordmenn og nesten dobbelt så mange finske turistar som i juli i fjor. Finland har lenge vore eit «grønt» land, og finlendarane må først inn i Finnmark eller Nord-Troms for å kome seg vidare i Noreg. Dette merkar vi, seier Dølør.

Han er meir uroa over besøket i august, no som fellesferien er over.

– Vi merkar alt at det har blitt stille. Normalt kjem svært mange utanlandske turistar i august, og vi har også mange organiserte bussturar og besøk frå cruiseskip. Desse ser vi ut til å miste år.

Varierande besøk i små museum

Midt-Troms Museum kan melde om fleire besøkande enn nokon gong. Museumsdirektør Lisa Gay Bostwick fortel at Midt-Troms Museum ikkje har mange turistar som kjem langvegs frå.

– Vi er eit regionalt museum, og fordi mange i regionen ikkje skulle reise bort i år, satsa vi på å halde fleire museumsstader opne enn tidlegare somrar. Vi har ikkje fått tal enno, men vi har minst dobbelt så mange på besøk som i fjor. Også innteninga har vore bra, seier Bostwick.

Ved Helgeland Museum, som har museumsavdelingar i 18 kommunar på Helgeland, har besøket vore svært varierande.

– Dei musea som er godt kjent, som til dømes Petter Dass-museet, har hatt veldig stor oppgang. Dette trass i at vi har reduserte tilbod og færre opningsdagar i sommar, seier direktør Janicke Kernland ved Helgeland museum.

Hovudbygget ved Petter Dass-museet er kalla Snøhettas ikon på Helgelandskysten. Museet har vore svært godt besøkt i sommar. Foto: Petter Dass-museet

Mange av dei små avdelingane som ikkje er så kjent, har hatt lite besøk.

– Men nokre små museum, som Bindal museum, har hatt veldig godt besøk, trass i at det ligg langt utanfor allfarveg. Eit anna døme er Grønsvik kystfort, som vart bygd av tyskarane under andre verdskrigen. I juli hadde museet 5 500 besøkande, og dette er meir enn dei vanlegvis har på eitt år, fortel direktøren.

Stor nedgang ved Folkemuseet

I Oslo har dei store musea som vanlegvis har mange utanlandske turistar, opplevd stor nedgang. Stiftinga Norsk Folkemuseum består av Norsk Folkemuseum, Norsk Maritimt Museum, Bygdø Kongsgård,  Bogstad Gård og Eidsvoll 1814.

I juli hadde stiftinga totalt 25 600 besøkande, noko som utgjer 40 prosent av same månad i fjor. Då besøkte 63 600 museet.

– Det er først og fremst Norsk Folkemuseum og Norsk Maritimt Museum på Bygdøy som har nedgang. Viktige årsaker er nok at musea vanlegvis har mange utanlandske gjester og at gjestene i stor grad nyttar kollektivtransport ved besøk, seier økonomi og administrasjonssjef Elisabeth Grændsen.

Eidsvoll 1814 har likevel har hatt ein auke i besøk på 28 prosent samanlikna med fjoråret.

Som frykta ved Vikingskipshuset

Ved Kulturhistorisk museum ved UiO, som Vikingskipshuset er ein del av, er besøkstalet like dårleg som venta.

– Det har blitt akkurat slik vi frykta, seier museumsdirektør Håkon Glørstad.

– Dramaet vi såg føre oss, har slått til, seier museumsdirektør Håkon Glørstad Foto: UiO

– Vi har veldig lågt besøkstal samanlikna med i fjor, og ved Vikingskipshuset har vi mellom 5 og 10 prosent av det normale besøkstalet for sesongen. Det har kome litt norske turistar, særleg på Historisk museum. Men det er Vikingskipshuset som er den store turistattraksjonen internasjonalt, så dramaet vi såg føre oss før sesongen, har slått til.

Han ser ikkje særleg positivt på resten av sesongen.

– Dei landa som er opna opp og er grøne, har gjerne ferie i august og september. Så vi kan få litt besøk frå europeiske turistar. Men magekjensla mi seier at besøkstalet fortsatt vil ligge på 5-10 prosent av det vi hadde i fjor.

Auke ved Naturhistorisk museum

Ved Naturhistorisk museum ved UiO har besøkstalet derimot gått sterkt opp samanlikna med juli i fjor.

– Det har nok vore ein del grått sommarvêr, og folk har strøymd til botanisk hage og til utstillingane ved museet. Besøkstalet til utstillingane innandørs har auka med om lag 25 prosent, og omsetninga i museumsbutikken har auka med heile 32 prosent samanlikna med juli i fjor. Så dette er ei gledeleg utvikling, seier museumsdirektør Tone Lindheim.