Manglande inkludering av utanlandske forskarar
LUKK
Annonse
Annonse

Manglande inkludering av utanlandske forskarar

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 6. mai 2016 kl. 06:00

Innvandrarar i akademia vil helst ikkje bli sette på som innvandrarar. Det skapar vanskar for mangfaldsarbeidet ved institusjonane.

Reisel, Liza ISF

– Det viktigaste er å identifisere barrierar som skapar urettvise forskjellar, seier Liza Reisel. Foto: Institutt for samfunnsforsking

– Dette er arbeidstakarar som er tilsette i kraft av den faglege kompetansen dei har, men i diskusjonen om mangfald blir dei omtala som om dei representerer noko meir, til dømes ein spesiell landbakgrunn eller kulturell bakgrunn. Sjølve meiner dei at det er dei akademiske merittane deira som skal vere avgjerande, seier forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet (Afi), Cathrine Egeland.

Vil vere seg sjølve

Egeland har leia eit prosjekt for å skaffe kunnskap om mangfald og karriereløp for personar med innvandrarbakgrunn i høgare utdanning og forsking i Noreg. Prosjektet var bestilt av Komitéen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking, og rapporten «Å være utlending er ingen fordel» vart lagd fram i mars. I tillegg til kvantitative dataanalysar og litteraturgjennomgang gjorde forskarane også intervju med eit lite utval vitskapleg tilsette med utanlandsk bakgrunn ved tre ulike forskingsinstitusjonar i Noreg.

I Forskerforum 4/2016 skreiv vi at mange av informantane opplevde å møte ein kultur gjennomsyra av «norskheit», som gjer det vanskeleg for utlendingar å få innpass.

– I intervjua var det fleire som sa at dei opplevde utfordringar med å bli inkluderte i arbeidsmiljøet, men på same tid hadde dei ikkje noko ønske om å vere «mangfaldsrepresentantar» og stå for noko meir enn dei var tilsette for, seier Egeland.

«Det er ikkje mange som seier «innvandrar» og meiner den franske professoren som bur på Bygdøy.»

I staden for merksemd om at dei er innvandrarar, ønskjer utanlandske tilsette å bli omtala som individ, og bli verdsette for kompetansen dei har. Forskarane bak rapporten peikar på at dette er eit reelt dilemma i mangfaldsarbeidet ved institusjonane. Det stadfestar Liza Reisel, som forskar på likestilling, integrering og migrasjon ved Institutt for samfunnsforsking. Ho meiner det er særleg vanskeleg å arbeide proaktivt, for korleis kan ein organisasjon finne tiltak som treffer dei rette personane, utan på same tid å stigmatisere eller stakkarsleggjere spesielle grupper?

Må skilje for å telje

– Det blir komplisert fordi vi snakkar om skilje som vi vil bygge ned, men samstundes må vi nødvendigvis sementere dei same skilja for å kunne identifisere og rette tiltak mot dei som treng det. Når det gjeld kjønnslikestilling, er det lett å telje menn og kvinner. Men når det gjeld mangfald, vil det å telje innebere symbolske distinksjonar som vi fyller med meining, ofte underforstått og knytt til hudfarge, kultur og liknande. Det er ikkje mange som seier «innvandrar» og meiner den franske professoren som bur på Bygdøy, seier Reisel.

Ho understrekar at nettopp fordi spørsmålet er komplekst, er det viktig at institusjonane har ei medviten haldning til det.

– Det er viktig at institusjonane tek nokre konkrete avgjerder om kva type mangfald dei er ute etter, og kvifor. Éin innfallsvinkel kan vere å bruke verktøy som tvingar ein til å stille spørsmål ved eigne avgjerder. Har vi gått den ekstra runden, eller handlar vi på autopilot og gjer som vi alltid har gjort?

Betre miljø for alle

Cathrine Egeland fortel at mange av informantane ønskte seg likebehandling, men at det må skje gjennom eit inkluderande arbeidsmiljø som respekterer at menneske er ulike.

– Samtidig treng dei spesiell tilrettelegging på nokre område, spesielt knytt til språk. I stillingsannonsar gjev institusjonane gjerne inntrykk av å vere veldig internasjonalt orienterte og opptekne av eksellens. Men mange av dei som har søkt desse stillingane, opplever at når det kjem til stykket, er det ikkje så mange som er interesserte i å sitje i kantina og snakke engelsk med dei.

– Det informantane opplever som manglande inkludering, er ikkje mykje av det berre eit uttrykk for heilt normal sosial omgang?

– Ønsket vårt var å trekke fram nokre dilemma som sjeldan blir diskuterte i debatten om mangfald og akademisk eksellens. Institusjonar innanfor høgare utdanning og forsking har fleire målsettingar, og dei kan trekke i ulike retningar. Arbeidsmiljøet blir sjeldan omtala som viktig i akademiske samanhengar, men dette med manglande inkludering i arbeidsmiljøet er jo noko som kan ramme fleire enn berre utanlandske arbeidstakarar. Dersom vi er merksame på utfordringane dei står overfor, kan vi skape eit arbeidsmiljø som er betre og meir inkluderande for alle, seier Egeland.