Meiningskorrigerande om Israel
LUKK
Annonse
Annonse

Meiningskorrigerande om Israel

Av Oddgeir Osland

Publisert 9. mars 2018 kl. 13:30

Boka er ei forteljing om ein nasjon i strid med seg sjølv, ikkje berre mellom jødar og palestinarar, men striden mellom jødane om kva ein jøde er, og kva Israel skal vere.

Det finst så mange forteljingar om Israel, blant innbyggjarane og utanfor landets grenser. I Norge kan ein kanskje seie at to – ofte polariserte og konkurrerande – forteljingar har vore dominerande. Den første forteljinga er om den jødiske tragedien, om etableringa av ein stat på ruinane av holocaust, ei forteljing som prega etterkrigsgenerasjonen og framleis er levande i gamle og nye bedehus, og som har fått sin renessanse med førestillinga om Israel som bruhovud og vern mot fundamentalistisk islam. Den andre er forteljinga om den palestinske tragedien, om fordrivne og okkuperte palestinarar, forma av og formande for radikal ungdom etter 1968, no tverrpolitisk tankegods, men forsterka gjennom våre mange nye landsmenn frå arabiske og islamske kulturar i opposisjon til Israel og jødedom.

Marte Heian-Engdal si bok Israel rommar begge desse forteljingane, og fleire til.

Fakta
<
Boka startar med den jødiske trua på Jerusalem og området kring byen – Eretz Israel – som eit område gjeve til dei av Gud. Ei tru realisert gjennom David og Salomo sine kongedømme tusen år før vår tidsrekning, symbolisert gjennom bygginga av tempelet i Jerusalem på det som for dei for alltid har vore Tempelhøgda, redusert til ein ønskedraum gjennom tusenår etter at romarane storma Tempelhøgda i år 70. Underleg nok hadde denne forteljinga liten plass då Theodor Herzl i 1896 grunnla den politiske sionismen gjennom boka Jødestaten, men ho er høgst levande i den verkelege jødestaten.

Den realpolitiske sionismen fekk mange forgreiningar, men ikkje minst kibbutz-sosialismen skulle verte rådande, både gjennom den jødiske innvandringa frå byrjinga av 1900-talet, og i den nye staten frå 1948 til Arbeidarpartiet mista sin dominerande posisjon i 1970-åra. Statsbyggingsprosjektet til den første statsministeren, David Ben-Gurion, var fundert på utviklinga av hebraisk til eit moderne felles språk, gjennomgripande utdanningsinstitusjonar og på ei allmenn verneplikt for begge kjønn, som ikkje berre gav ei sterk krigsmakt, men også fungerer som ein sterk integreringsmekanisme. Men det var også prega av eit lagnadsfylt fornuftekteskap med dei ortodokse jødane. Dei fekk sterkt autonome utdanningsinstitusjonar og fritak frå verneplikt, og dei religiøse domstolane fekk kontroll på bryllaup, skilsmål og gravferd.

Boka er ei forteljing om ein nasjon i strid med seg sjølv, ikkje berre mellom jødar og palestinarar, men striden mellom jødane om kva ein jøde er, og kva Israel skal vere.

Boka er ei forteljing om ein nasjon i strid med seg sjølv, ikkje berre mellom jødar og palestinarar, men striden mellom jødane om kva ein jøde er, og kva Israel skal vere. Dette er ein etnisk og religiøs strid forma gjennom innvandringsbølgjer, frå den sterke europeiske innvandringa etter krigen til innvandringa av ein million jødar frå Russland dei siste tiåra. Men boka er også forteljinga om sterk jødisk einskap. Det fellesskapet som ligg til grunn for at Israel kan utveksle ein jødisk soldat mot tusen palestinske fangar, er også grunnlaget for dei ytterleggåande kreftene si evne til å forskuve det politiske og territoriale tyngdepunktet til nasjonen. Alliansen mellom den nasjonalreligiøse busetjarrørsla og miltære haukar har endra det okkuperte territoriet alle må svare for.

Men det er ein jødisk, ikkje ein nasjonal einskap. Nokre Palestina-vener vil kanskje innvende at dette ikkje er ei bok om Palestina. Men det er også styrken hennar, overfor dei. Og den palestinske lagnaden – undertrykking, fattigdom, andrerangs borgarskap, krig og intifada – er inngåande skildra. Det er også konfliktdynamikken og krigane som skapar stadig meir ytterleggåande posisjonar på både jødisk og palestinsk side.

Metoden har den intellektuelle sitt særmerke, det å stille ulike, til dels motstridande bilete og informasjon ved sida av kvarandre.

Dette er ei bok som kan verke informerande og meiningskorrigerande for dei fleste av oss.  Metoden har den intellektuelle sitt særmerke, det å stille ulike, til dels motstridande bilete og informasjon ved sida av kvarandre. Boka er tematisk, ikkje kronologisk strukturert, stort sett utan repetisjonskostnader. Vinsten er auka innsikt i samspelet mellom religion, identitet, økonomi og politikk, mellom stormaktsintervensjon og busetjingsmønster. Den saklege, presise prosaen driv teksten framover, og den nøkterne tonen er truleg naudsynt for at dette kunne bli ei bok som kan lesast av folk med ulike fordommar og forkunnskap.

Kunnskap kan ofte vere nedslåande. Så også her. Vi får meir forståing av alle involverte partar, men mindre tru på fred i form av to-statsløysing eller eit sekulært Israel. Men historisk kunnskap har også noko anna ved seg. Menneska sine vegar er nok ikkje uransakelege, men dei er uføreseielege. Det tok femti år frå jødestaten kom i bokform til han vart ein realitet. Mangt som er fastlåst, blir verande det, men mangt løyser seg opp og tek nye former. I den innsikta fins ei strime av håp.