Middelmådig universitet? Nei takk!
LUKK
Annonse
Annonse

Middelmådig universitet? Nei takk!

Av Birgitte Lerheim, førsteamanuensis, UiO

Publisert 23. mars 2017 kl. 14:30

Indikatorar seier ikkje alt, men det er ein skikkeleg dårleg idé å ha «middelmådig» som mål for akademia.

Birgitte Lerheim, førsteamanuensis, Det teologiske fakultet, UiO

Bør middelmådigheit vere eit strålande mål for akademia? Kollega Merete Thomassen svarar ja på dette i sitt innlegg i Forskerforum, og held med ei utsegn henta frå Svend Brinkmann fram tanken om det middelmådige som ein motdiskurs til akademiske resultatindikatorar. Ho nyttar ei utsegn henta frå Åste Dokka sitt føregåande innlegg i same debatt, nemleg «målet om å bli verdens beste universitet», som døme på det nådelause livet på Blindern.

LES OGSÅ: Middelmådighet bør være et strålende mål

Det er mykje som kan seiast om både ulike rankingregime og om resultatindikatorar, ikkje minst av det kritiske slaget. I så måte er det avgjerande å drøfte desse. Likevel opplever eg særskilt Thomassens kritikk som upresis i høve til den arbeidsplassen som vi begge er ein del av. Universitetet i Oslo (UiO) sine ambisjonar om å levere kvalitet ser ho som ein motsetnad til å «forstå og fortolke det ordinære, blant annet ved å danne og utdanne studenter, forske, skrive og formidle.» For Thomassen har ikkje dette noko med «toppforsking» å gjere.

Men går vi til gjeldande måldokument for UiO, Strategi2020, ser vi at hovudambisjonen i dette dokumentet ikkje berre femnar om toppforsking, og heller ikkje seier dokumentet at UiO skal vere verdas beste universitet:  Snarare er målet «å utvikle UiO til et internasjonalt toppuniversitet – hvor forskning, utdanning, formidling og innovasjon skal virke sammen på sitt beste.» Språkbruken ligg påfallande nær Thomassens eigne formuleringar og idealet for akademisk teologisk verksemd (som eg har stor sans for). Men det går litt i stå med kva nivå vi røres oss på: Snakkar vi om UiO som heilskap, eller den einskilde forskaren? Det er faktisk ikkje rett, som Thomassen seier, at alle forskarar på UiO «forutsettes å være potensielle Nobelprisvinnere». Strategi2020 handlar om arbeidsplassen som heilskap, og ikkje om einskildsforskarar – og han handlar heller ikkje berre om toppforsking, men om ei rekkje andre ting:

Det skal ikkje vere noko mål å drive middelmådig undervisning på UiO.

Dei resultatindikatorane UiO legg mest vekt på er følgjande: Studiepoeng per heiltidsekvivalent,  gjennomsnittleg netto gjennomføringstid for doktorgrader, studentmobilitet, publikasjonspoeng per vitskapeleg årsverk samt volumet av EU- og Forskingsråd-tildelingar. Berre to av desse handlar om toppforsking. Dei fire første handlar om det alle vitskapleg tilsette skal innfri på, i større eller mindre grad. At kvar og ein av oss vitskapleg tilsette skal få halde på med det vi brenn for og er forelska i kostar det norske staten minst ein million kroner i året berre i løn. Vi har førebels stor fridom i dette arbeidet, knapt å likne med nokon andre statstilsette. For meg handlar difor også resultatindikatorane om at oppdragsgjevar (samfunnet) og arbeidsgjevar (UiO) har eit høve til å etterprøve at vi gjer den jobben vi er sette til å gjere. I dette ligg det også eit maktperspektiv: Forskaren kan korrigerast, ho har ikkje uinnskrenka plass og makt.

LES OGSÅ: Hvorfor universitetet mister flinke folk

Resultatindikatorar og strategimål seier ikkje alt. Det er ikkje sikkert at eit kurs med høg gjennomføringsgrad har hatt fantastiske læringsaktivitetar i eitt og alt. Kanskje er studentane der i staden ekstra gode på å lese og kollokvere. Men i det store og heile seier måltala nok ganske mykje om stoda. Og nett difor tenkjer eg at det er ein skikkeleg dårleg idé å nytte omgrepet «middelmådig» som målformulering for akademisk verksemd. Det skal til dømes ikkje vere noko mål å drive middelmådig undervisning på UiO. Såpass skuldar vi studentane våre. Utan at nokon gidd å kome hit for å studere, har vi ikkje jobb. Her, som i alt anna, bør vi faktisk ha ambisjonar og streve for å bli den beste utgåva av oss sjølve.

«Å løse oppgaver i min kontekst», som Thomassen og Dokka seier det, handlar i den verda vi lever i dag ikkje berre om det lokale. Rett nok lever vi alltid liva våre i lokale, konkrete fellesskap, men liv og fellesskap er også formatert av det som går føre seg andre stader i verda. Dette glokale draget ved tilværet har dessutan ein lang teologisk tradisjon i vårt eige fag: Kyrkje som konsept og fenomen har vore noko glokalt lenge før akademiske debattar om globalisering vart funne opp, og misjon sette merksemda på utfordringar på andre kontinent lenge før statsmakta gjorde det. UiO sin kontekst er glokal, og universitetet ville svikte sitt samfunnsoppdrag om det ikkje såg og gjorde deretter. Grensa mellom «høy nok» og «oss sjølve nok» er hårfin når vi snakkar kontekst. Litt vrangt lest kan utsegner hos Thomassen tolkast som om fordi vi i Noreg ligg i en utkant, treng vi ikkje å bry oss med faglege samtaler og utfordringar frå andre kontekstar.

Resultatindikatorar seier ikkje noko om den gode ideen som dukkar opp over eit glas stout med en kollega på en konferanse i Durham.

Men det trur eg ikkje Thomassen meiner – snarare tvert imot. Eg trur kanskje at Thomassen (og kanskje Dokka) meiner å seie oss at arbeidsplassen skal  gje rom for, fasilitere for og applaudere  også den forskaren og den forskinga som ikkje når opp i EU- og Forskingsråd-samanheng. Og at formidling også må telle med i rekneskapen. Det er eg hjarteleg samd i. Men for å få fram det trur eg heller eg ville ha snakka om det ordinære og kvardagslege i den beste utgåva av seg sjølv, snarare enn det middelmådige.

Nei, resultatindikatorane målar ikkje alt. Åleine kan dei framstå som nådelause.  Og det som gjer det verdt å arbeide på UiO skjer ikkje som motsetnad til, men innvevd i og innimellom indikatorar og målinger. Indikatorar er nettopp berre indikatorar,  så dei seier ikkje alt. Ikkje noko om den ekstra mila vi går med ein student som slit, og gleda når ho står til eksamen. Ikkje noko om den gode ideen som dukkar opp over eit glas stout med en kollega på en konferanse i Durham eller Toronto, og som blir til ein artikkel som kjem på pensum og får studentane til å sjå ting dei ikkje har sett før. Ikkje noko om den gangen ein dekan let meg gråte ut på kontoret sitt og utsette eit møte fordi eg trengte det. Ikkje noko om korleis UiO har vist seg å vere ein fantastisk god arbeidsplass som gjer at eg som er kronisk sjuk kan jobbe i full stilling – og overleve. Og det er slike ting som gjer at eg blir, og også slikt som må utviklast for at UiO skal vere attraktivt.

 

PS: Ja, det er alltid litt fliring og ironi ute og går når siste UiO-ranking blir annonsert på onsdagslunsjen på TF (no sist var UiO ifølgje QS University Ranking nummer 39 i verda på teologi/religion). Men vi er også aldri så lite stolte!

PPS: Av toppforskinga som går føre seg på UiO kan nemnast det EU-finansierte DrugsInPregnancy: Effects of Medication Use in Pregnancy on Infant Neurodevelopment. Dei løyser i høgste grad oppgåver i «vår kontekst», mellom anna jobbar dei med å finne ut korleis heilt alminneleg Paracet kan påverke fosterutviklinga. Dette har med vår ordinære kvardag å gjere i høgste grad.

 

LES OGSÅ:

 

LES OGSÅ: