Musea opnar igjen, og dei fleste permitterte er snart tilbake
LUKK
Annonse
Annonse

Musea opnar igjen, og dei fleste permitterte er snart tilbake

Av Johanne Landsverk

Publisert 18. mai 2020 kl. 23:40

Gradvis opnar musea for publikum. Men mange er spente på ein sommar utan utanlandske turistar.

Museumssektoren slit hardt etter at koronakrisa førte til stengte dører. I ei spørjeundersøking Museumsforbundet gjennomførte i byrjinga av mai svarte 49,4 prosent at dei i stor grad var ramma av krisa, og 26,5 prosent svarte at dei er veldig hardt ramma. Mange museum under Kulturdepartementet har vald å permittere tilsette, og nokre har også vurdert oppseiingar. Men no ser det ut til at dei fleste snart er tilbake på jobb, heilt eller delvis.

Ved Norsk Teknisk museum i Oslo er alle permitteringane trekte tilbake, og ved KODE kunstmuser og komponisthjem i Bergen, der halvparten av dei tilsette vart permitterte, er alle tilbake i byrjinga av juni. Også ved Norsk Folkemuseum kjem alle dei 170 permitterte tilbake på jobb.

– Dette var verkeleg gode nyheiter for dei tilsette, seier Linda Moe, tillitsvald for Forskerforbundet ved Norsk Folkemuseum.

– Ikkje mange som kjem

Ettersom samfunnet har opna opp igjen, har nokre museum allereie opna opp for publikum, anten heilt eller delvis. Mange opnar i slutten av mai, og alle før den 15. juni.

Ved Henie Onstad Kunstsenter, der fem av 22 tilsette var permitterte, er alle no tilbake på jobb.

– Foreløpig er berre kafeen og ein av salane opne på grunn av smittevernreglane. Men frå 15. juni er det snakk om å opne opp litt meir, seier tillitsvald for det lokale Forskerforbundet Camilla Sune. 

Ho kan fortelje om eit magert besøk foreløpig.

– Vi ser at det ikkje er så mange som kjem. Så det blir spennande framover.

Usikker sommar

Ved Verdensarvsenter for bergkunst – Alta museum har alle dei om lag 25 tilsette vore permitterte. No er dei snart tilbake på plass.

– Når vi mistar ein så stor del av eigeninntektene, vil det påverke oss sterkt, seier Merete Ødegaard.

– Vi tok ei solidarisk permitteringsrunde, der stort sett alle var permitterte i fire veker etter eit rullerande skjema. Dei som gjekk ut først, var tilbake måndag. Innan 24. juni er alle i jobb att, seier Merete Camilla Ødegaard, tillitsvald for Forskerforbundet ved museet.

Ho er likevel usikker på korleis tida framover blir. 

– Museet har over 60 000 besøkande, og i Finnmark er vi nest største turistmålet etter Nordkapp. Svært mange av turistane om sommaren er utanlandske, og vi vil miste ein stor del av eigeninntektene våre. Så det kan hende det kjem ei ny runde med permitteringar til hausten, seier ho.

– Dei flinke blir straffa

Ein tredjedel av budsjettet ved Alta museum kjem frå eigeninntekter, noko som skaper problem i desse tider.

– Dette skuldast museumspolitikken dei siste åra. Musea har fått sterke signal om å auke eigeninntektene, og ikkje vere så avhengige av offentlege tilskott. Og der har vi vore flinke. Når det skjer ein så dramatisk ting at museet blir stengt og turistane ikkje kan kome, påverkar det oss i svært stor grad, seier Ødegaard.

Ho får støtte av Knut Høiaas, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved Bymuseet i Bergen. Ved museet kjem meir enn 30 prosent av inntektene frå billettinntekter, sal i butikkar og utleige. 

–  Musea har dei siste åra blitt sterkt oppfordra av styresmaktene til å auke eigeninntektene, men det er vi som har gjort dette, som i størst grad blir straffa no. Museum med lite billettinntekter, kan derimot fortsette verksemda som før. Dette opplevast som ganske frustrerande, seier han.

Frå «Levande museum» i Gamle Bergen, som opnar 16. juni. Foto: Bymuseet i Bergen

Tilsette får sommarjobb

Av totalt 78 tilsette ved Bymuseet i Bergen har 37 vore heilt eller delvis permitterte, og mange av desse har deltidsjobb.

– Vi har få fullt permitterte no, men alle som jobbar deltid i helgene er framleis permitterte. For å sikre fast tilsette jobb framover, vil museet i størst mogleg grad bruke faste og heiltidstilsette til andre oppgåver i sommarsesongen. Så i år vil publikum oppleve å møte fleire fagpersonar enn det som er vanleg om sommaren. Vi håpar jo at det vil kome ein del norske turistar, seier Høiaas.

Han synest det er på høg tid at musea får tilgang til ei krisepakke.

– Eg synest det er skuffande at Kulturdepartementet ikkje tek musea meir alvorleg, seier Høiaas.

For det har ikkje kome mange krisepakker til museumssektoren førebels. Få museum kan søkje arrangementstøtteordninga som Norsk Folkemuseum nyleg fekk støtte frå. Ifølgje generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet gjeld ordninga berre for museum med under 60 prosent statsstøtte. – Og det er fleire museum med meir enn 60 prosent offentleg støtte som har det tungt, seier ho. 

  • Les også: