Museum strevar med å finne forskingsmidlar
LUKK
Annonse
Annonse

Museum strevar med å finne forskingsmidlar

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. mai 2016 kl. 11:57

– Lite å søkje på for museum under Kulturdepartementet.

– Leiinga ved musea må prioritere forsking høgare, seier Hanna Mellemsether. Foto: MIST

– Leiinga ved musea må prioritere forsking høgare, seier Hanna Mellemsether. Foto: MIST

– Små museum har nesten ingen stader dei kan søkje om forskingsmidlar. Berre nokre få store museum som er godkjende forskingsinstitusjonar, kan søkje om midlar i Forskingsrådet, seier forskingskoordinator Hanna Mellemsether ved Museene i Sør-Trøndelag (MIST). Ho seier at museet heller ikkje har nok ressursar til å lage søknader som kan kome gjennom i Forskingsrådet.

– Noko av ansvaret ligg hjå musea sjølve. Dette er eit leiingspørsmål, og kjem også mykje an på kor sterkt leiinga ønskjer å prioritere forsking.

– Få museum nådde opp

Men korleis kan MIST og andre museum under Kulturdepartementet få støtte til forsking?

– Kulturrådet lyser normalt ikkje ut forskingsmidlar frå Kulturfondet, men av og til har vi forskingssatsingar for å få kunnskap om ulike tema. Det siste reine museumsforskingsprogrammet vi har hatt, er Forsking om museer og arkiv, i tidsrommet 2010–2012, seier Randi Ertesvåg i forskingsseksjonen i Kulturrådet. Ho fortel at Kulturrådet først og fremst har delt ut mindre beløp til produksjon av artiklar.

– Då Kulturrådet lyste ut forskingsmidlar i programmet Kunst, kultur og kvalitet i 2015, kom det nokre få søknader frå museum, men svært få av dei nådde opp. Prosjekta trefte ikkje utlysinga godt nok.

Innanfor støtteordninga for museumsprogram, som blir tildelt frå spelemidlar til kulturformål, er det også mogleg å søke om forskingsmidlar.

– Men så langt har få forskingssøknader kome inn. Så vi har jo lurt på kva vi kan gjere for å stimulere til forsking innanfor programma, seier Ertesvåg.

Ønskjer eige program

Forskingsrådet har hatt eit eige forskingsprogram for universitetsmusea, der Kunnskapsdepartementet (KD) har gått inn med midlar.

– Det har vore ønske om at Kulturdepartementet kunne kome med ei liknande museumssatsing. Men i staden har Kulturdepartementet valt å leggje midlar i Kulmedia-prosjektet i Forskingsrådet, eit program som skal bidra til ny kunnskap om kulturliv og media i samfunnet, seier Ertesvåg.

Ho minner om at forsking er ein del av den ordinære verksemda ved musea.

– Det er jo lov å forske ved å bruke eigne driftsmidlar. Den auka aktiviteten på forskingsfeltet viser at det er nettopp slik mykje av forskinga blir finansiert.

Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges museumsforbund, meiner musea treng eit strategisk museumsforskingsprogram.

– Norges museumsforbund har spelt dette inn til Kulturdepartementet i samband med statsbudsjettet i 2016, og vi gjer det på nytt i 2017.

Også Ramskjær viser til programmet for universitetsmusea, og meiner det burde vore ei liknande satsing for museum under Kulturdepartementet, kanskje i samarbeid med KD og Klima- og miljødepartementet.

– Vi burde hatt eitt forskingsprogram for alle musea, på tvers av departement. For dei fleste musea er det ikkje mogleg å få midlar gjennom Forskingsrådet. Men ordninga med offentleg sektor-ph.d. er open for musea.

Mange søkjer offentleg ph.d.

Mellemsether fortel at ein av konservatorane ved MIST har jobba med ein søknad om offentleg sektor-ph.d.

– Dette er eitt av dei få alternativa vi har til å søkje støtte. Det viste seg at pågangen var så stor at døra vart stengd for søknader frå museum 15. april.

Spesialrådgjevar Janike Harsheim i Forskingsrådet fortel at musea har vist stor interesse for ordninga, og Forskingsrådet måtte stenge for musea etter berre nokre månader.

– Vi må passe på at det blir ei viss breidd i tildelinga av midlar, og musea er ikkje den primære målgruppa, seier ho.

Ordninga vart innført i 2014, og rettar seg mot heile offentleg sektor. Statlege og kommunale verksemder kan søkje støtte for at tilsette skal kunne gjennomføre ein doktorgrad. Kvart prosjekt får i gjennomsnitt 1,5–1,6 millionar kroner, og verksemdene må sjølve dekke minst 50 prosent av kostnadene. Store museum, som er godkjende forskingsinstitusjonar, fell utanfor ordninga.

– Men ordninga kan vere aktuell for mange mindre museum, seier Harsheim.

– Vil ordninga bli open for musea neste år?

– Signala er at ordninga skal fortsetje, og vi vonar på midlar i statsbudsjettet også neste år. Vi ønskjer også at utlysinga kan haldast open for alle.