Namnehelvetet
LUKK

Namnehelvetet

Av Forskerforum

Publisert 9. mai 2016 kl. 12:54

Kvifor kallar ikkje NTNU seg «Universitetet på kryss og tvers»?

standard_UiT_Navn_linje_rod_posPETIT: Eg var så uheldig her om dagen. Eg skulle intervjue ein professor i Alta, og kom til å seie at ho jobba ved Universitetet i Tromsø. Nei, det gjorde ho då slett ikkje. Ho jobba ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. Berre så eg visste det!

For ein journalist er det lett å trø feil etter at fusjonshysteriet har ramma Noregs land. Mange namn er så lange at eg må bruke to linjer på å få dei ned på papiret. (På nettet ser eg forresten at universitetet sjølv skriv UiT, eller varianten UiT Norges arktiske universitet, berre så det er sagt.)

Dei kristne er meir rasjonelle og ikkje minst utydelige. For kven kan vel ane at det bak VID vitenskapelige høgskole gøymer seg både diakonar og teologar? Gjer døra høg, gjer porten vid, song vi på bedehuset heime. Kvifor fleire kristne høgskular, blant dei Misjonshøgskolen og Diakonhjemmet høgskole, har døypt seg om til VID, må gudane vite. Ikkje for det. NTNU er minst like kryptisk. Men det gjev status å heite NTNU, og difor slepp dei glatt unna. Det normale ville vore at NTNU tok omsyn til Gjøvik og Ålesund og kalla seg «Universitetet på kryss og tvers».

Det lettaste er å halde seg til geografi. Men ser ein på kartet, ligg store delar av det nye Nord universitet omtrent midt i landet. Halvvegs-mot-nord universitet ville vel vore meir korrekt? At nordlendingane og trønderane ikkje er særleg gode i norsk, er ei anna sak. For det hjelper ikkje om universitet og høgskular er stappfulle av språkprofessorar: Nord universitet er unorsk og bakvendt. Klønete greier, meinte både Finn Erik Vinje og Sylfest Lomheim. Men Torbjørn Røe Isaksen og undersåttane hans i departementet godkjenner kva namn som helst, berre dei får fusjonane i hamn.

No er namnekrigen også i gang ved Høgskolen i Oslo og Akershus, som håpar dei snart får kalle seg universitet. Ein skulle tru at rektor Curt Rice, som meiner at all norsk forsking må skrivast på engelsk, ville finne eit godt engelskklingande namn. Men i skrivande stund står det mellom Aker universitet, Profesjonsuniversitetet i Oslo og Akershus eller Nova – universitetet for næring, oppvekst, velferd og arbeidsliv. Det siste er jo kort og greitt. Språkrådet har også hatt eit ord med i laget, det skriv i alle fall nettavisa Khrono. Sikkert bra for oss journalistar, men knekkande likegyldig for Røe Isaksen.

Men no må eg setje punktum, for dei mange og lange namna har teke så stor plass. Eg må dessutan ta ein telefon til ein førsteamanuensis ved Institutt for barnevern og sosialt arbeid ved Fakultet for idrett, reiseliv og sosialfag (IRS-fak) ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

Av Johanne Landsverk, journalist i Forskerforum