Når forskarar møtest, går samtalen om å skaffe pengar
LUKK
Annonse
Annonse

Når forskarar møtest, går samtalen om å skaffe pengar

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 4. januar 2017 kl. 11:18

Det er på høg tid å diskutere alternative system for finansiering, meiner forskarar.

Forskarar bruker stadig meir tid på å skrive søknadar om prosjektmidlar, med stadig mindre sjanse for tilslag. I Forskerforum nr. 9/16 skreiv vi om eit forslag til ein ny måte å fordele pengar på, lansert av to forskarar frå Nederland og Belgia: Alle forskarar får ein lik sum pengar, som dei så må gje vidare ein viss del av til ein annan forskar dei meiner fortener det. Ifølgje opphavsmennene vil forslaget frigjere tid, samstundes som ein unngår at brorparten av pengane endar hos nokre få personar.

Tilpassar seg systemet

Forslaget får ikkje stor tilslutning i ein spørjerunde hos norske forskarar. Men sjølve debatten er meir enn velkomen.

– Eg tykte ideen var artig, og vonar det kan starte ein diskusjon, seier professor i informatikk ved NTNU i Gjøvik, Ivar Farup.

– Det er finansiering vi snakkar om når vi møtest. Det er det som blir nemnt i festtalar når vi skal snakke om kva vi har oppnådd. Men samtidig tilpassar vi oss og spring med. Vi diskuterer ikkje alternativ i særleg grad.

Les også: – Jukser i søknader om forskningsmidler

Hilde Gunn Slottemo, professor i samfunnsfag ved Nord universitet, er samd.

– Dette er jo ein gammal diskusjon, men frustrasjonen aukar, og det er på tide å sjå på kva vi kan gjere, seier ho.

– Vi bør greie ut fordelar og ulemper med alternative system. Eg kan lett tenkje meg innvendingar mot at forskarar fordeler pengane sjølve. Det kan få slagsider basert på kven som har størst nettverk, til dømes. Men likevel, hurra for eit spenstig forslag!

Eg har kasta bort utruleg mykje tid på prosjektsøknader som ikkje når opp

– Demotiverande

– Eg har knapt ein samtale med kollegaer utan at finansiering er eit tema, seier Oddveig Storstad, førsteamanuensis i sosiologi ved Høyskolen Kristiania. Ho har nyleg sett strek for tjue år som oppdragsforskar i instituttsektoren og tykkjer det er ei lukke å vere i ei stilling med ei 50/50 tidsfordeling mellom forsking og undervising.

oddveig-storstad

Oddveig Storstad. Foto: Høyskolen Kristiania

– Undervising kan ein faktisk få gjort. Medan eg har kasta bort utruleg mykje tid på prosjektsøknader som ikkje når opp. Det er også veldig demotiverande over tid, seier ho.

Storstad viser til ei undersøking som Norsk Sosiologforening gjorde for få år sidan, der det kom fram at mange kjende skam over å ikkje greie å skaffe prosjektmidlar, trass i at det normale er å få nei.

– Når gjennomslagsraten er så låg, spelar relevans og kvalitet liten rolle. Forskarar investerer mykje engasjement i søknadane, ein inviterer internasjonale partnerar, byggjer opp brukargrupper og tenkjer at dette blir spennande – og så får ein avslag. Det er runde på runde med oppgiring, vonbrot og på’an igjen. Samstundes tenkjer ein at ein heller burde brukt tida på forsking ein trass i alt har fått finansiert, eller skrive ein artikkel basert på data som er blitt liggande fordi ein må jakte etter nye pengar. Vi kan ikkje halde på slik, seier ho.

Foreslår mindre prosjekt

Dei ser også andre uheldige biverknader av dagens system.

– Forskarar med mindre enn 50 prosent forskingstid, og kvinner som må bruke tid på komitéar som skal ha lik kjønnsrepresentasjon, kan ha mindre tid tilgjengeleg og kjem dermed kanskje dårlegare ut, peikar Hilde Gunn Slottemo på.

Ho ønskjer seg at meir av dei konkurranseutsette midlane kunne gå til individuelle prosjekt i staden for store prosjekt med internasjonale konsortium.

– Mange har gode idear som kan starte i det små og heller vekse seg større over tid. Eller ein kunne hatt korte søknadsrundar baserte på idéskisser der ein siler ut dei som får gå vidare til neste runde. Då ville ikkje alle måtte skrive omfattande søknadar i første omgang.

Auke basisløyving?

– Vi har jo alle noko vi gjerne vil gjere. Men så kjem utlysingane med ei lang rekkje krav, og så gjeld det å vri det ein vil gjere, slik at det passar med krava, seier Ivar Farup.

Han trur prosjektsøknader favoriserer mindre risikable prosjekt som ein veit ein vil få eitt eller anna ut av.

– Men ein kan tenkje seg risikable prosjekt der du ikkje veit om du kjem til å finne noko. Dei ligg dårleg an i dagens system.

Oddveig Storstad trur ikkje forslaget om forskarstyrt fordeling er den beste løysinga, men etterlyser debatten.

– Skulle eg velje på vegner av kollegaene mine i oppdragssektoren, så ville eg auka basisfinansieringa. Så kunne forskarane bestemt problemstillingane sine sjølve, i dialog med styringssignala frå departementa.

– Eg kunne nok ønskt meg ei litt større grunnløyving, seier Ivar Farup.

– Og heller litt mindre basert på søking til Forskingsrådet eller EU. Det er ein slik middelveg eg har størst tru på. Men det trengst kanskje radikale idear for å få i gang debatten.

Les også: