Når ledelsen ikkje har tillit til folket
LUKK

Når ledelsen ikkje har tillit til folket

Av Erik Døving, førsteamanuensis

Publisert 4. mai 2017 kl. 15:53

Vil statssekretær Bjørn Haugstad ha eit «vokterråd» til å avgjerde om kandidatane er gode nok til å stille til stortingsvalg?

Statessekretær Bjørn Haugstad skriv i Forskerforum nr 4/2017 om «tre forutsetninger for legitime rektorvalg». Dette er ein viktig og interessant diskusjon, men Haugstad snublar til dels i sitt eige resonnement. Han skriv at valget for det første må «kunne frembringe gode rektorer og rektorteam». Med andre ord har Haugstad som utgangspunkt at valg har legitimitet berre dersom det gir godt eller rett resultat.

Les også: Hva skal man med rektorvalg når det bare er én kandidat?

Erik Døving

Oppsiktsvekkande

Dette er ein oppsiktsvekkande påstand: Ved valg er det nettopp folket som avgjer kva som er bra og rett. Vil Haugstad ha eit «vokterråd» til å avgjerde om kandidatane er gode nok til å stille til stortingsvalg? Eg kan garantere at mange politikarar ikkje ville blitt kvalifisert om krava i ei vanleg stillingsutlysing vart lagt til grunn. For eksempel Donald Trump ville blitt avvist i første runde som opplagt ikkje kvalifisert om han hadde søkt på den utlyste stillinga som president. Demokrati er ikkje legitimt fordi det gir eit bestemt resultat, men fordi prosessen er legitim. Haugstads logikk får meg til å tenke på Bertolt Brecht som foreslo å oppløyse folket når folket tok feil: «Wäre es da Nicht doch einfacher, die Regierung Löste das Volk auf und Wählte ein anderes?»

Les også: Derfor vil Frank Aarebrot ha valgt rektor: – Vil ikke ha blårussen inn på universitetet 

Ikkje opplagt kven som er best

Under det tredje punktet skriv Haugstad at «dersom det bare handler om å finne den best skikkede, så finnes det bedre rekrutteringsmetoder enn valg». Haugstad legg til grunn eit tilsynelatande enkelt men eigentleg problematisk skilje mellom universitetspolitisk retningsvalg og det å finne den best kvalifiserte personen. Ein viktig kvalifikasjon er jo nettopp å peike ut retning og å vere ein frontfigur. Dessuten er slett ikkje opplagt kven som er den beste personen til ei slik leiarstilling. Endå viktigare er det at den vanlege metoden for å velje blant kandidatar, jobbintervju med utgangspunkt i vage og til dels lite relevante kriterier, er den minst pålitelege. Rett som det er blir personar med solid utdanning og erfaring tilsett i leiarstilling, medan ettermælet handlar om idear, strategisk retning og moralsk integritet.

Dette innlegget ble først publisert i Khrono.

Les også: