– Nasjonalbiblioteket må ta større ansvar
LUKK

- Nasjonalbiblioteket må ta større ansvar

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. oktober 2015 kl. 09:12

Nasjonalbibliotekaren tek ikkje nok ansvar for fag- og forskingsbiblioteka, meiner bibliotekdirektør.

Fakta
<

– Nasjonalbibliotekaren burde gripe sterkare inn som ein samlande instans for heile biblioteksektoren, seier Lars Egeland. Han er læringssenterdirektør ved bibliotekutdanninga ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) og nestleiar i Norsk bibliotekforeining. I tillegg er han aktiv SV-politikar.

– Vi har ikkje lenger ein direkte kanal inn mot Kunnskapsdepartementet (KD), og då bør Nasjonalbibliotekaren, som øvste ansvarleg for biblioteka i Noreg, ta større ansvar for fagbiblioteka, meiner han.

I mange år hadde Riksbibliotektenesta, som var eit departementalt organ, eit fagleg ansvar for fag- og forskingsbiblioteka, også kalla UH-biblioteka. Frå 2003 vart ABM-utvikling ansvarleg for arkiv, bibliotek og museum. Men då ABM-utvikling vart oppløyst i 2010, vart ansvaret for biblioteksektoren overført til Nasjonalbiblioteket, som ligg under Kulturdepartementet.

– Det er nok mange som ønskjer seg ei ny Riksbibliotekteneste, seier Egeland. Men sjølv vil han ha ein samla bibliotekpolitikk der Nasjonalbibliotekaren tek ansvar for begge sektorar.

– Mange har reagert på at bibliotekstrategien, som vart lagd fram i august, berre omfattar folkebiblioteka. Blant anna har regjeringa auka tilskottet til utviklingstiltak, men auken er øyremerkt folkebiblioteka. Signalet frå regjeringa er altså at fagbiblioteka skal få mindre, seier han.

Egeland vil ha KD sterkare på banen, og ønskjer seg meir samarbeid mellom fag- og folkebibliotek.

– Sjølv om Nasjonalbibliotekaren blir lønt av Kulturdepartementet, ønskjer eg at han er nasjonalbibliotekar også for fagbiblioteka.

– Ingen grunn til kritikk

Dagmar Langeggen er leiar for bibliotekutvalet til Universitets- og høgskulerådet (UHR). Ho ser ingen grunn til å kritisere direktøren ved Nasjonalbiblioteket for at høgare utdanning ikkje er inkludert i bibliotekstrategien.

– Vi er midt i ein større endringsprosess. I august fekk vi ny bibliotekstrategi for folkebiblioteka, og no er vi i ein fase der vi blant anna går opp grenseflatene mellom Nasjonalbiblioteket og UH-biblioteka, seier Langeggen, som til dagleg er bibliotekdirektør ved Handelshøyskolen BI.

Ho seier det er institusjonane som bestemmer i kva grad ein skal satse på UH-biblioteka, noko som er heilt i tråd med autonomien til institusjonane.

– Eg meiner det er ein styrke for UH-biblioteka at vi har tydelege og klare eigarar, det vil seie offentlege og private universitet og høgskular.

Mindre opplæring

Men Live Rasmussen, overbibliotekar ved realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo, støttar Egeland:

– Vi har ikkje akkurat sett så mykje til Nasjonalbiblioteket, seier Rasmussen, som blant anna har vore aktiv i bibliotekforeininga til Forskerforbundet.

– Då vi hadde Riksbibliotekteneste, hadde vi ein kanal inn til folk i departementet som ikkje lenger er der. Kjepphesten min har vore bibliotekleiarutvikling, og mange bibliotekleiarar har fått opplæring i regi av Riksbibliotektenesta. Seinare har ein prøvd å få til noko liknande gjennom utviklingsmidlar, som i dag blir kanaliserte via Nasjonalbiblioteket. Men det er liten tvil om at det faglege var meir tydeleg før, seier ho.

Rasmussen trur at ein kompetent fagleg stab i Nasjonalbiblioteket og eit godt bibliotekråd i UH-rådet kan erstatte noko av saknet etter Riksbibliotektenesta.

– Men Nasjonalbibliotekaren bør bli tydelegare på korleis samordningsfunksjonen for fag- og forskingsbibliotek skal takast vare på, og korleis heile biblioteksektoren kan samhandle betre.

– Bør kritisere regjeringa

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre seier Nasjonalbiblioteket har eit nasjonalt ansvar for fag- og forskingsbiblioteka, blant anna når det gjeld digitalisering og infrastruktur.

– Grunnen til at debatten kjem no, er at regjeringa har greidd å reise ekstra utviklingsmidlar som er øyremerkte folkebiblioteka. Auken gjeld ikkje fag- og forskingsbiblioteka. Dette må ein gjerne kritisere, men den kritikken må rettast til Stortinget og regjeringa, seier Sira Myhre.

Han presiserer at tiltaksmidlane som fag- og forskingsbiblioteka kan søkje på, ikkje er reduserte.

At nokre i sektoren meiner Nasjonalbibliotekaren ikkje tek nok ansvar, vil han ikkje uttale seg om.

– Eg har årlege møte med bibliotekutvalet i UH-rådet, som også har hatt to representantar i bibliotekstrategiutvalet.

Sira Myhre opplever elles ønska frå fag- og forskingsbiblioteka som beskjedne.

– Det er viktigare å diskutere kva ein ønskjer framover, enn å skode tilbake til den tidlegare Riksbibliotektenesta.