Noreg har satsa særskilt på forsking om humanitær politikk. Ein kan ikkje gje opp satsinga midt i flyktningekrisa, meiner Jens Stilhoff Sörensen.
Forskarar har mista jobben fordi dei har nytta seg av ytringsfridomen, seier lektor Jens Stilfhoff Sörensen ved Göteborgs universitet.
Konsekvensane av avviklinga er kontraproduktive og uheldige, skriv Jens Stilhoff Sörensen.

Utviklingsforsking: Noreg har heilt sidan 1990-talet profilert seg internasjonalt gjennom å ta på seg ei større rolle i freds- og utviklingspolitikk samt humanitære spørsmål. I 2008 oppretta Utanriksdepartementet gjennom Forskingsrådet ei særskilt satsing på forsking om humanitær politikk (HUMPOL), dels for å forsterke Noregs posisjon med kunnskap på feltet, og dels som ei allmenn satsing i Noreg som kunnskapsnasjon.

Dette førte blant anna til satsingar på ei rekkje forskingsprosjekt i 2012. Som del av eit internasjonalt vurderingspanel av denne forskinga, kan eg konstatere at satsinga i store trekk har vore vellykka og oppnådd dei politiske målsetnadene som var sette. I løpet av ein femårsperiode har ein lykkast i å byggje opp ein rett nok liten, men like fullt kritisk masse av forsking i humanitær politikk som i hovudsak held høg internasjonal kvalitet, og som har bidrege med ny kunnskap på området. Ein har bygd opp tre forskingsmiljø kring Prio og Nupi i Oslo, samt Chr. Michelsens Institutt i Bergen. Utover dette finst det enkeltforskarar i andre miljø. Det finst no eit nettverk, eit samla forum og ei tydeleg profilering som utgjer ein viktig kjerne i emnet både forskingsmessig og som ein god kunnskapsbase for politikkutviklarar, praktikarar og eit breitt interessert publikum. Desse forskarane gjer òg Noreg stadig meir sjølvstendige og forskingsmessig interessante på området.

Men denne nyleg etablerte kjernen og kritiske massen er svært sårbar. Ein kan dyrke han, ta vare på han og utvikle han, eller ein kan oppløyse han raskt. Dessverre er det no signal som tyder på at Noreg vel det siste. Den – relativt avgrensa – satsinga (om lag 40 millionar) som vart gjord, ser no ut til å verte avvikla til fordel for flyktningemottak i Noreg.

«Å tillate dette å skje er ikkje berre politisk kortsynt, men òg ei alvorleg feilprioritering i dagens flyktningekrise.»

Konsekvensane av dette er kontraproduktive og uheldige. Forsking på området er svært viktig for ei kunnskapsbasert verksemd. Mange som arbeider praktisk på feltet har ikkje vorte eksponerte for korleis forskinga ser ut på området. Samtidig har heile feltet kring humanitær bistand vorte kraftig endra dei siste 20 åra. Dette har endåtil direkte relevans for situasjonen i dag med flyktningestraumar i Noreg og heile Europa.

Det internasjonale flyktningeregimet har kvila på antakingar som ikkje stemmer lenger. Ei slik antaking er at det finst absorbsjonskapasitet i nærområda til dei ulike konfliktene. Dei fleste flyktningane held til i nærområdet, og ein har trudd at desse lokalsamfunna har kapasitet til å fungere som buffer, noko dei òg gjorde så lenge krigane tok slutt. Men no som trenden er at krisene held fram, kan ikkje flyktningane vende tilbake, samtidig som områda heile tida får påfyll av nye flyktningar. Dermed vert samfunna nær kriseområda pressa til tolegrensa. Dei mest trengande er der, og den viktigaste humanitære hjelpa må skje der, snarare enn i Noreg. Nokre av dei største flyktningeleirane i verda ligg i Aust-Afrika og Nord-Afrika, og ser stadig meir permanente ut. For å ikkje tillate at den eksplosiv utvidinga held fram, er det nødvendig å dels fokusere på støtte til desse lokalsamfunna, å auke bistandsinnsatsen i nærområda til konfliktene, i tillegg til å avlaste dei som er i flyktningemottak.

Slike bistandssatsingar må vere underbygde av studiar av kva område som er mest utsette, korleis lokalsamfunnet vert påverka og kor den lokale mottakskapasiteten er mest sett på prøve og dermed treng å verte styrka. Det trengst òg djupare studiar av kva effektar humanitær bistand har på lang og kort sikt, korleis bistanden vert utforma i ulike samfunn, både urbane og rurale. Noreg har bygd opp ein forskingskapasitet for slike studiar og for ein meir forskings- og kunnskapsbasert politikk. Denne forskinga er eigentleg relativt billig, og ein får mykje for nokre titals millionar på området. Men utan ei vidare satsing, risikerer ein å rasere forskinga heilt. Utan nye midlar skjer inga ny utvikling, og forskarane som alt har etablert seg kjem til å søkje seg til andre stader eller vert tvinga til å gje seg i kast med andre spørsmål. Å tillate dette å skje er ikkje berre politisk kortsynt, men òg ei alvorleg feilprioritering i dagens flyktningekrise.

 

Jens Stilhoff Sörensen er dosent og lektor i freds- og uviklingsforsking/globale studiar, Göteborgs universitet og Utrikespolitiska Institutet. Han sat i det eksterne evalueringspanelet til forskingsprogrammet HUMPOL i Forskningsrådet 2012 2016.

Innlegget er omsett frå svensk av redaksjonen.