- Med Norsk museumstidsskrift ønskjer vi å gjere museumsforskinga meir synleg for alle, seier Liv Ramskjær, generalsekretær i Museumsforbundet.

nytt-museumstidsskrift-p--nett

nytt-museumstidsskrift-p--nett

nytt-museumstidsskrift-p--nett

Fakta

Det nye nettbaserte Norsk museumstidsskrift er lansert i dag på Kulturhistorisk museum i Oslo. Det er eit såkalla Open Access (OA)-tidsskrift som ligg ope tilgjengeleg på nett, og som alle kan laste ned gratis.

– For oss i Museumsforbundet er det viktig at alle skal få tilgang til artiklane, fordi vi ønskjer at museumsforskinga skal kome ut til eit større publikum. Tidsskriftet vil primært innehalde artiklar som er resultat av forsking som går føre seg ved musea eller som er utført av museumstilsette. Målet er å fange heile breidda av forsking som føregår i kultur- og kunsthistoriske og naturhistoriske museum i Noreg, seier Ramskjær.

Vil vise breidda

Norsk museumstidskrift er eit fagfellevurdert tidsskrift, og målet er at det skal bli godkjend på nivå 1 i det nasjonale akkrediteringssystemet.

– Vi følgjer krava for vitskapleg publisering, seier redaktør Birgitte Sauge, som er seniorkurator ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Sauge har tidlegare vore redaktør for Kunst og Kultur, som er det einaste norske kunsthistoriske fagtidsskiftet på nivå 1.

– Med Norsk museumstidsskrift ønskjer vi å løfte fram alle variantar av forsking som skjer ved musea, anten musea er knytt til Kulturdepartementet eller Kunnskapsdepartementet. Vi vil også opne opp for andre fagfolk som jobbar med museumsrelevante tema.

– Tidsskriftet er tenkt som eit særleg insentiv til museumsforskarar som står utanfor teljekantsystemet. Av museumsforskarar er det tilsette ved universitetsmusea som i dag produserer flest fagfellevurderte artiklar, noko som blant anna gjev dei publiseringspoeng. Vi ønskjer å leggje til rette for at museumsforskinga  blir del ein brei fagleg diskusjon, seier Sauge.

[wip4: photo=757694 width=512 align=middle]

Synleg på nett

Det er Museumsforbundet som eig det nye tidsskiftet.

– Vi er veldig glade for å få Universitetsforlaget som utgjevar, og at publiseringskanalen idunn.no vil sørgje for god spreiing av artiklane. Vi har tru på at museumsforskinga med dette vil bli meir synleg.

– Men det finst vel andre tidsskrift der museumsforskar kan publisere?

– Ja, dette er eit supplement til andre fagtidsskrift, som til dømes Kunst og Kultur eller Nordisk Museologi. Mykje av museumsforskinga blir også publisert i lokale museumsårbøker, som ikkje har så stort nedslagsfelt.

Første utgåve av tidsskriftet finn du på Idunn.no