Lorentzen får meg til å sjå meir historisk på mi rolle som far, skriv vår bokmeldar.
nyttig-historie-om-farskap

Fakta

 

Jørgen Lorentzen
Fra farskapets historie i Norge 1850–2012
Universitetsforlaget, 2012
185 sider

 

Eg er sjølv far, og har tenkt mykje på dét opp gjennom åra. Den nye boka til Jørgen Lorentzen fekk meg til å sjå meir historisk på mi rolle som far i familien og far for familien. Lorentzen brukar empirisk forsking, sakprosa og skjønnlitteratur som grunnlag for fortolkingar av korleis farskapet har endra seg frå 1850-åra og fram til 2012.

Lorentzen oppklarar ei vanleg misforståing, nemleg at far alltid tidlegare var så distansert og streng. På 1800-talet var faren tvert imot svært deltakande i familien, både med husstell, kjærleik og (patriarkalsk) styring. Men på 1900-talet vart rollene for mor og far skarpt åtskilte. Medan faren tente pengane for familien, gjorde mora alt som hadde med heim og barn å gjera. Dette var ein skrekkeleg periode, meiner Lorentzen. Frå syttiåra har far sakte gjenvunne rolla som ein far i familien, der matlaging, turgåing og lekselesing er like naturleg for både mor og far, og begge tener pengar for familien. Forskarar bekrefta empirisk at fedrar er like kompetente til å stella barnet som mora er.

Lorentzen brukar nøye utvalde eksempel frå norsk skjønnlitteratur til å styrka si framstilling av dei historiske epokane. Han har ein grundig analyse av Ibsens Vildanden (1884) der Hjalmar Ekdahl representerer den naive, men gode 1800-talsfaren. I seinare kapittel analyserer Lorentzen treffsikkert Sigurd Hoels En dag i oktober (1931) og Karl Ove Knausgårds Min kamp (2009–2011).

Det er viktigare å fortelja noko interessant enn noko som er heilt sant.

Fra farskapets historie er basert på fortolking og argumentasjon snarare enn bevisføring. Det er viktigare å fortelja noko interessant enn noko som er heilt sant. Lorentzen gjer ikkje ei systematisk historisk kjeldegransking, men skriv at startpunktet for historia (1850) er valt slik at «jeg slipper en omfattende kildesøking på eldre tekster». Lorentzen skriv også at han er «overbevist om at det var klasseforskjeller i praktiseringen av farskap» opp gjennom historia, i staden for å skriva at han kan dokumentera det. Boka er tidvis prega av Lorentzens eige erfaringsliv. Han skriv om korleis han hugsar far sin i femti- og sekstiåra, og omtaler si rolle som trebarnsfar på 2000-talet.

Desse mjuke metodane kan oppfattast som ei svakheit ved boka, særleg av «ordentlege» historikarar og samfunnsvitarar. Lorentzen er jo også ein av dei kjønnsforskarane som fekk hard medfart av Harald Eia i Hjernevask på NRK. Her stod Lorentzen fram som ein erkehumanist med lite tru på arv og biologi, og desto større tru på den sosiale og kulturelle påverkinga.

Ein viktig kritikk i Hjernevaskdebatten var at humaniora manglar metode. Fleire kjønnsforskarar var ute av stand til å forklara metoden sin, og driv openbart ikkje med ordentleg forsking. Forskarane som vart intervjua, var ikkje særleg flinke til å formidla samfunnsnytten ved sin arbeidsmåte, og dette resulterte i ei slags legitimitetskrise for humaniora.

Men det var eit falsk krisevarsel, og humanistane er like nyttige som dei alltid har vore. Alle fedrar i Noreg kan verta betre fedrar ved å lesa Lorentzen si bok, og viss ikkje dét er nyttig, så veit ikkje eg!