Også de når det blir krevet…
LUKK

BOKMELDING

Også de når det blir krevet...

Av Av Oddgeir Osland

Publisert 7. februar 2013 kl. 10:15

Forfattaren av Våre hemmelige soldater er både kommandørkaptein og forskar. Kva har det gjort med boka?

ogs--de-n-r-det-blir-krevet---

Fakta
<

Boka til Tor Jørgen Melien om norske spesialstyrkar er ein 70 år lang marsj over 400 sider. Han startar i norske fjellområde før sabotasjeaksjonen mot tungtvassanlegget på Rjukan og sluttar med norske marinejegerar på ein smal fjellveg i Afghanistan.

Spesialstyrkar vert definerte som små stridseiningar som agerer uortodokst, i det skjulte og med høg risiko, i aksjonar retta mot viktige militære og politiske mål – med dei heilt spesielle krava det stiller til soldatane. Slik sett er historia til spesialstyrkane – til skilnad frå konvensjonelle styrkar – tett knytt til den opphavlege trongen i menneskesamfunnet til å ha kontroll over eit trygt, avgrensa territorium. I denne samanhengen handlar det i første rekke om Kompani Linge og Shetlandsgjengen under den andre verdskrigen, og om marinejegerane (frå 1953) og Hærens fallskjermjegerar (frå 1963) etter krigen. Sistnemnde var også utgangspunktet for etableringa av Forvarets spesialkommandostyrkar i 1984. Og desse utgjer kjernen i spesialstyrkane som fekk operative oppdrag i utlandet etter 1990, særleg i samband med norsk deltaking i alliert krigføring på Balkan og i Afghanistan. Då fekk også luftforsvaret, med basis i personell frå Bell 412-helikoptera, ein så viktig funksjon at denne våpengreina vert innlemma i den nyare historia til spesialstyrkane.

Føremålet med boka er deskriptiv og analytisk. Den analytiske modellen er enkel, men med eit omfattande siktemål. Melien er oppteken av funksjonen til spesialstyrkane, operasjonane dei har gjennomført, utdanninga og utstyret deira, korleis spesialstyrkane har vore organiserte og vorte forma av den breiare geo- og militærpolitiske samanhengen dei inngår i. Resultatet er ein fyldig og detaljert rapport som strekker seg frå regjeringskontora i London under krigen til Bush-administrasjonen etter 11. september 2001, frå byråkratiske utgreiingar i Forsvaret til livet i kasernane på Haakonsvern, frå beredskapen mot terrorisme i 1970-åra til redning av barn i Bosnia, frå Stengun-maskinpistolar og AG3 til ulike fallskjermtypar, frå likvidasjonar til arbeidstidsreguleringar. Og frå det å vere under britisk kommando i 1940 til å vere under amerikansk eller ISAF kommando 70 år seinare – om den politiske konteksten har endra seg, har styrkane heile tida inngått i og vore forma av det relativt stabile allianseforholdet til Storbritannia, USA og resten av Nato.

Dette er altså ei oppslagsbok som bør vere gefundenes Fressen for militærhistorisk interesserte som her vil finne ei samla framstilling om emnet – og for dei som sjølve har vore ein del av styrkane gjennom tidene, og som vil finne mange kjende frå det vesle miljøet dette har vore og er. Kan boka nå ein breiare lesarkrins? Det føreset at mottakarane har andre litterære, filmatiske eller personlege røynsler med det boka viser til, som biografien om Shetlands-Larsen, filmane om sabotasjen på Vemork, bitande frost på norske vinterøvingar, knatringa frå eit automatgevær, fjernsynsreportasjar frå Balkan og Afghanistan.

Boka er tettpakka med fakta, men etterlet meg med mange spørsmål
 
.

For prosaen minner litt om den vi finn i militære reglement og handbøker – som bøker om militærstrategi eller oppslagsverk for soldaten i strid: Teksten er klar og instruktiv, skriven for å unngå fleir- og mistydingar. Dette er ei oppslagsbok du kan vende attende til dersom du er i tvil om fakta. Men det er ei bok som hentar si eventuelle kognitive og emosjonelle kraft utanfor teksten, i dei handlemåtane, det samværet og dei konfliktane teksten viser til. Difor vil nok mange uinnvigde finne om lag like stor interesse for dei 110 sidene om «Den kalde krigen» som norske gjennomsnittssoldatar fann for nattevakta mellom 0400 og 0600 i same tidsperioden.

Ei av kvalitetane ved boka er at ho omtalar spesialstyrkane i vår tid i same andedraget som spesialstyrkane i den andre verdskrigen. Her er Trond André Bolle innbunden saman med Gunnar Sønsteby. Det kan vere på sin plass i eit land der både politiske kontroversar og likesæle om kva norske eller folkerettslege interesser er, og korleis dei skal forsvarast, lett medfører underkjenning av offerviljen og motet til dei som har som yrke å handle i samsvar med korleis dette til kvar tid vert definert av dei som har legitim makt til å avgjere det.

Boka er tettpakka med fakta, men etterlet meg med mange spørsmål – som desse: Korleis var samtalen mellom forskar Melien og kommandørkaptein Melien på vegen frå gradert kjeldemateriale til avgradert manus, og korleis har dette påverka framstillinga? Korleis ville boka vore om ho var skriven med basis i eit kjeldemateriale som gav innsikt i tenkinga til norske soldatar i til dømes 1942, 1972 og 2012? Har motiva deira og den funksjonen dei har tillagt seg sjølve, endra seg med endringane i grunngjevinga for og den faktiske funksjonen til spesialstyrkane? Eller er det tale om relativt stabile personlegdomstypar som går attende til spesialstyrkane og menneskesamfunnas morgon?