Av Forskerforum
Publisert 2. november 2016 kl. 13:06
Stipendiatprogrammet har vore eit tilbod parallelt med vitskaplege doktorgradsprogram, og har gitt førsteamanuensiskompetanse, men utan ein formelt godkjent doktorgrad. No har Kunnskapsdepartementet avgjort at det skal etablerast eit eige doktorgradsprogram i kunstnarisk utviklingsarbeid.
Departementet vil ha ein dialog med Universitets- og høgskolerådet, Nasjonalt råd for kunstnarisk utviklingsarbeid og Program for kunstnarisk utviklingsarbeid for å avklare korleis graden kan bli etablert og kva namn den kan få.
– Det er ein milepæl. Kunstnarisk utviklingsarbeid og vitskapeleg forsking har vore likestilte heile tida, og no får vi også formalisert det, seier Peter Tornquist, rektor ved Norges musikkhøgskole, til Ballade.