Forskingsstasjon blir nedlagt mot faglege og økonomiske vurderingar. Dei tilsette fortvilar.

Nyleg vedtok styret ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), mot stemmene til representantane for dei tilsette, å leggje ned forskingsaktiviteten ved forskingsstasjonen på Kvithamar i Stjørdal, etter ønske frå Landbruks- og matdepartementet. Vedtaket er gjort trass i at ei konsekvensutgreiing slår fast at korkje faglege eller økonomiske grunnar talar for nedleggjing.

– Vi ønskjer å ha høve til å styre våre eiga faglege verksemd. No ser det ut til at lokaliseringsdebatten er blitt ein distriktspolitisk debatt der ein ikkje tek omsyn til faglege argument i det heile, seier leiar av Forskerforbundet sitt lokallag ved NIBIO, Inger Sundheim Fløistad.

Dei tilsette er ikkje åleine om eit slikt syn. Vedtaket i styret førte til at dåverande leiar i NIBIO, Alvhild Hedstein, sa opp stillinga si på dagen den 1. juni med grunngjevinga at det ville vere ei umogleg oppgåve å følgje opp styrevedtaket utan økonomisk inndekning.

Nedlegging utan forklaring

NIBIO vart etablert frå 1. juli 2015 gjennom fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap. Før fusjonen mellom dei tre institusjonane, fekk eit interimsstyre i oppdrag å mellom anna foreslå regional struktur for NIBIO. Interimsstyret foreslo ein hovudstruktur der aktiviteten i Midt-Noreg skulle vere basert på Kvithamar i Stjørdal. I fusjonsvedtaket føresette derimot Landbruks- og matdepartementet (LMD) at aktiviteten på Kvithamar skulle opphøyre. I staden fekk NIBIO i oppdrag å byggje opp ny aktivitet i Steinkjer der departementet såg sjansar for synergiar gjennom samarbeid med andre landbruksfaglege miljø mellom anna ved Høgskulen i Nord-Trøndelag (no Nord universitet). Utover dette har ikkje LMD gitt noka konkret forklaring på kvifor forskinga ved Kvithamar skal leggjast ned.

Mister unike forsøksfelt

Kvithamar er ein forskingsstasjon med godt etablerte forsøksfelt der eigenskapane til jorda er godt kjent, og der det er mogleg å samanlikne ulike jordtypar i same klima. Tidsseriane av måledata strekker seg tilbake til 1922 og er svært viktige for forsking på jordbruk i eit klimaendringsperspektiv, som nettopp er ei av oppgåvene til NIBIO. Kvithamar er også den nordlegaste av to norske lokalitetar som deltek i det europeiske nettverket International Phenological Gardens, eit stort prosjekt som har samla inn standardiserte observasjonar av samanliknbare naturfenomen i snart 60 år. På grunn av den nordlege plasseringa er Kvithamar dermed ein svært viktig referanselokalitet for studie av natur og klima i Europa.

I ei utgreiing av konsekvensane av å leggje ned aktiviteten på Kvithamar, som NIBIO utførte på oppdrag frå LMD, blir det konkludert med at nedlegging vil vere klart negativt både fagleg og økonomisk. Fleirtalet i styret i NIBIO vedtok likevel å leggje ned Kvithamar og byggje opp ny aktivitet i Steinkjer utan å vurdere konsekvensutreiinga i det heile.

– Det er uheldig at ikkje instituttet sjølv kan gjere prioriteringar innanfor våre rammer. No er vi i ein fase der vi jobbar med ein fagstrategisk plan. Hadde det ikkje vore fornuftig å få den på plass før lokalisering blir avgjort? Det er fagstrategien som bør gje retning for kva vi skal forsker på og vere gode på, ikkje politiske vedtak som liknar lokalpolitisk dragkamp om lokalisering, seier Fløistad.