På parti med fortida
LUKK

ANMELDELSE

På parti med fortida

Av Oddgeir Osland

Publisert 13. september 2011 kl. 11:50

.

p--parti-med-fortida

Fakta
<

Er konservatismen den einaste gjenlevande ideologien i vårt land? Den sosialliberale tradisjonen er i dag marginal i det marginale Venstre, det sosialdemokratiske Arbeidarpartiet verkar å vere redusert til ein forhandlingsarena mellom statseliten og profesjonelle fagforeiningsfolk, og i SV vart sosialismen avskaffa av Erik Solheim for over tjue år sidan. Vi har heller aldri hatt nokon markant libertariansk tradisjon utover einskildtillaup som Anders Langes Parti og diskusjonsklubbar blant yngre menn frå Oslos vestkant.

For ein politisk utanforståande synes det som om norsk konservatisme, slik han vert boren fram av dei mindre udanna delane av Høgre, er blant dei få livskraftige kjeldene til prinsipiell politisk tenking og prinsipielt forankra politikarar i landet vårt – i det minste når det gjeld grensene for staten som regulerings- og overvakingsinstans.

Tanken slår meg idet eg opnar boka Konservatisme, redigert av Torbjørn Røe Isaksen og Henrik Syse. Dei har også skrive innleiingskapitlet, som målber det beste i den danna norske konservatismen: lærd, vidsynt og velformulert. Lærd i skildringa av grunnantakingar i konservatismen: eit realistisk syn på den avgrensa dømekrafta til einskildmennesket, mistru til idear om perfekte institusjonelle designar og tillit til dei institusjonar som har tålt tidas tann, trua på samfunnet som eit forpliktande fellesskap. Og i skildringa av spenningar innan konservatismen: som mellom liberal og autoritær tenking, mellom elitisme og populisme og mellom marknadsliberalistar og dei som er urolege for at økonomisk nyttetenking skal fortrenge normative fellesskap.

Dei skriv vidsynt og med eit anerkjennande nikk til liberalismen og sosialismen og den rolla desse ideologiane har spela for å fremje rettferd og fridom, og plasserer konservatismen som ein ikkje-politisk politisk filosofi som hegnar om dei institusjonane som gjer samfunnet trygt og føreseieleg. Og dei skriv velformulert og tydeleg, men likevel forsiktig, med ein retorikk som liknar Aristoteles når han i sin kritikk av Platon skriv: «Det er mange problemer forbundet med forslaget om at kvinnene skal være felles for alle.»

Nettopp Aristoteles er den første av 21 bidragsytarar i boka. Ein av dei, C.J. Hambro, er norsk, dei andre tjue er intellektuelle og politikarar som skal spegle breidda i den vestlege konservative tradisjonen. Kvar bidragsytar er presentert gjennom ein kort biografi og ein utvald tekst i norsk språkdrakt. Slik kan boka verke som ein introduksjon til nye intellektuelle univers som ein var ukjend med og fattar interesse for. For meg gjaldt det serleg Eric Voegelin og Michael Oakeshott, for andre kan det vere Alasdair MacIntyre eller Francis Fukuyama – for å nemne to av dei mest interessante frå vår tid.

Som valet av Aristoteles og MacIntyre, men også Alexis de Tocqueville, Friedrich August von Hayek og andre, illustrerer, er ikkje dette ein antologi med sjølverklærte konservative tenkarar, men med tenkarar som kastar lys over det redaktørane oppfattar som sentrale konservative problemstillingar. Det er ein retrospektiv og inkluderande konservatisme, ikkje minst i dialog med liberalismen, vi møter her. Men vi møter også konservatismen i si mest autoritære og reaksjonære form (Joseph de Maistre) og som overspent sentimentalitet, der eit høgdepunkt er Edmund Burkes skildring av dronninga av Frankrike («aldri har noe vakrere syn lyst opp på denne jord, som hun knapt nok så ut til å berøre») i Betraktninger over revolusjonen i Frankrike.

Boka viser oss avstanden mellom konservatismen av T.S. Eliot sin type og den radikale marknadsliberalismen til Hayek og Margaret Thatcher, men også sambandet mellom dei: Dei er knytte saman ved ideen om kapitalismen som ein institusjon prega av gjensidige pliktar mellom klassane. Desse 1900-talstekstane – og de Maistres og Burkes tekstlege reaksjonar på den franske revolusjonen – viser også veikskapen til antologien: Det samfunnet teksten er skrive i, og dei makttilhøva som rår der, og måten teksten fungerer i forhold til desse maktforholda, er utematisert. Slik blir også konservatismens sosiale og økonomiske grunnlag og verknadskraft langt på veg utematisert.

Bidraga frå Benjamin Disraeli og Konrad Adenauer viser i større grad konservatismen som konkret politisk praksis i ulike land, med sine nasjonale særdrag og i tider med sine særlege utfordringar. Med redaktørane sine ord: «… deres ideologi er nasjonens historie og egenart.» Denne formuleringa kan også vere ein nøkkel til å forstå styrken og eigenarten til den norske liberalkonservative tradisjonen – og måten to av våre fremste representantar for denne tradisjonen har redigert denne antologien. Denne konservatismen hentar nok sin inspirasjon frå den ideologiske kanon som her blir presentert i ein velredigert antologi, men også frå det samfunnet og dei konfliktane han har inngått i. Styrken hans er motstandarane han har hatt.