Planar berre til pynt?
LUKK

Planar berre til pynt?

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. mars 2012 kl. 07:30

Stadig fleire museum kan vise til forskingsplanar. Men så kjem kvardagen.

planar-berre-til-pynt-


– Det tek tid å få innført forsking som aktivitet, seier Hanna Mellemsether. (Foto: Sverresborg/Trøndelag Folkemuseum)

Fakta
<

 

– Ved Museene i Sør-Trøndelag (MiST) har forsking kome inn i planar og strategiar, og slik sett er forskinga vorten meir tydeleg. Men i realiteten er arbeidsoppgåvene og arbeidstakarane dei same. Vi hadde nok litt store ambisjonar då vi laga forskingsplanen, seier forskingskoordinator Hanna Mellemsether ved Museene i Sør-Trøndelag (MiST). Som resultat av museumsreforma er åtte museum slått saman til éi stor eining, og MiST har om lag 120 tilsette. I dag må musea under Kulturdepartementet kvart år rapportere inn forskingsaktiviteten og svare på om dei har ein forskingsplan.

– Sjølv om vi har planar, kan ein ikkje vente store endringar over natta. Museet har lite forskingskompetanse, og vi får ikkje pengar til nye stillingar. På doktorgradsnivå har vi i dag svært få å ta av. Vi har difor satsa på ein langsiktig strategi der vi oppmuntrar dei tilsette til å ta etterutdanning, som master- og doktorgradsutdanning.

Har rett, men ikkje tid

Mellemsether fortel at museet også har starta med faglege samlingar, for å skape betre forståing for fagleg oppdatering og forsking.

– Men har dei tilsette FoU-tid?

– Ja, godkjende konservatorar har rett til 20 prosent forsking i stillinga. Men kva får du gjort på 20 prosent? Vi har heller ikkje gode nok system for å setje av tid til forsking.

– Er det ikkje opp til leiinga å skape betre forskingsvilkår?

– Eg vil ikkje leggje heile ansvaret på toppleiinga, her ligg det ansvar på fleire på mange nivå. Problemet er å få forskinga til å falle naturleg inn i arbeidskvardagen.

Mellemsether er oppteken av at musea og universiteta har ulike samfunnsoppdrag, og dermed også ulik tilnærming til forsking.

– Musea treng ikkje nødvendigvis drive med same type forsking som universiteta. I dag er det fagfeltet museologi som blir løfta fram, eit teoretisk universitetsfag knytt til studium av museum. Men det er ikkje berre museologisk forsking som går føre seg ved musea. Vi er meir praktiske i tilnærminga, og mykje forsking kan liggje latent i arbeidet med ei utstilling.

– Viktig med ambisjonar

Også ved Valdresmusea ligg ein ny forskingsplan på bordet.

– For første gong har vi vedteke ein forskingsplan som ser samanhengen mellom innsamling, dokumentasjon, bevaring og forsking. På denne måten blir ikkje forskinga ved museet heilt tilfeldig, men sett i samanheng med andre delar av museumsverksemda, seier Ole Aastad Bråten, leiar for kulturhistorisk seksjon ved Valdresmusea. Museet, som har 23 fast tilsette, vart stifta i 2006, då tre museumseiningar vart slått saman til éin organisasjon.

– Satsingsområda våre er tekstil, folkemusikk og bygningsvern.

– Men er forskingsplanane mest til pynt?

– Både ja og nei. Planar er viktige for å kunne evaluere verksemda, og det er viktig å skrive ned ambisjonane våre om forsking, sjølv om vi ikkje oppnår målet.

Men det er tankevekkjande at museet har minst fire personar med forskingskompetanse, som ikkje blir brukt. Tida vår går med til alt mogleg anna. Så dei som har store forskingsambisjonar, må nok ta med seg arbeidet heim.

Driv forskaropplæring

Har museumsreforma ført til meir forsking i praksis?

– Då vi jobba med museumsmeldinga Framtidas museum, fekk vi signal om at mange synest det er lettare å få til eit fagleg samarbeid no som museumsmiljøa er større og har fleire fagleg tilsette. Det er også fleire institusjonar som har teke forskingsopplæring internt meir på alvor, seier Liv Ramskjær, seniorrådgjevar i Norsk Kulturråd.

Eitt av musea som har teke forsking på alvor, er Vest-Agder-museet. Av 45 tilsette er 7 godkjende konservatorar.

– Museet satsar på forsking på ein heilt annan måte enn før, og vi har oppretta ei faggruppe, der det faglege arbeidet blir løfta fram. Vi jobbar blant anna for at alle skal få godkjenning som «konservator NMF», seier Kathrin Pabst ved Vest-Agder-museet. Det er Noregs museumsforbund som gjev autorisasjon til konservator NMF.

Pabst held sjølv på med ein doktorgrad, og er frikjøpt i 80 prosent av arbeidstida.

– I faggruppa er vi sterkt konsentrerte om forsking. Vi driv også etterutdanning med oppfrisking av teori og metode for å skrive vitskaplege artiklar. Målet er at frå og med 2013 skal alle fagartiklar ved museet vere fagfellevurderte.