Prøver ut open tilgang til bøker
LUKK

Prøver ut open tilgang til bøker

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 6. november 2013 kl. 10:04

Humaniora og samfunnsvitskap ligg etter når det gjeld open tilgang. Spesielt manglar gode publiseringsløysingar for monografiar.

pr-ver-ut-open-tilgang-til-b-ker


– Det er få forlag som tilbyr å publisere monografiar med open tilgang, seier Jill Walker Rettberg. Foto: Jan Kåre Wilhelmsen/UiB

Fakta
<

– Prinsipielt er eg tilhengar av open tilgang, for eg vil gjerne ha flest mogleg lesarar. Men tanken på å berre publisere ei PDF-fil, på eit lite kjent forlag, har halde meg litt tilbake, seier professor i digital kultur Jill Walker Rettberg ved Universitetet i Bergen.

Rettberg har gjeve ut to bøker tidlegare. No har ho ei tredje i tankane, og denne gongen vil ho gjerne at boka skal vere tilgjengeleg for alle. Men få forlag tilbyr open publisering av monografiar.

– Forlaga legg mykje arbeid i ei bok, ikkje berre fagfellevurdering, men omfattande tekstarbeid, formgjeving, marknadsføring og anna. Det er ikkje gratis. Og for meg som forskar er det viktig at boka kjem ut på eit forlag som gjev god utteljing i form av publiseringspoeng, og som ser bra ut på CV-en min, seier ho.

Forlaga avventar

Internasjonalt vert det snakka om ei «monografikrise», der akademiske bøker sel stadig dårlegare fordi hovudkundane, dei akademiske biblioteka, må bruke ein større del av budsjetta på dyre tidsskrift. Ulike modellar for open tilgang blir diskuterte for å bøte på dette.

Noregs forskingsråd har lenge hatt ei ordning med tilskot til vitskapleg publisering. Nyleg vart ordninga endra til også å gjelde publisering med open tilgang, inkludert monografiar. Men så langt har ingen søkt om støtte til bøker med open tilgang.

– For monografiar er det forlaga som må søke støtte, ikkje forskarane, og forlaga verkar å sitte på gjerdet, seier seniorrådgjevar Rune Rambæk Schjølberg i Forskingsrådet.

– Bokmarknaden er førebels mindre utsett for teknologiske endringar enn tidsskriftmarknaden. Vi har ikkje sett så stor etterspurnad etter e-bøker, medan artiklar meir og meir blir lesne elektronisk. Difor prioriterer vi å arbeide med finansieringsmodellar for tidsskriftartiklar med open tilgang. Eg trur humaniora og samfunnsvitskap i større grad enn før må vurdere forfattarbetaling, men innanfor desse faga kjem ein del forfattarar frå museum eller forvalting, ikkje frå universiteta. Vi må passe på å lage modellar som også sikrar desse forfattarane høve til å publisere.

Treng andre argument

I Storbritannia er eit såkalla megatidsskrift med open tilgang for humaniorafag på trappene, etter modell av det veletablerte PloS 1 for naturvitskap. Initiativtakar og universitetslektor ved University of Lincoln, Martin Paul Eve, presenterte prosjektet på eit seminar om open tilgang i Bergen i september. Megatidsskriftet, som har fått namnet Open Library of Humanities (OLH), skal inkludere eit pilotprosjekt for monografipublisering. Til Forskerforum sa Eve at initiativet har fått blanda reaksjonar frå humanioraforskarar.

– I humaniora heng form og innhald mykje meir i hop enn innanfor naturvitskap. Ein ser på det ein skriv, som eit åndsverk, og mange har motførestillingar mot at det skal vere fritt fram for andre å bruke orda deira.

Han meinte at ein ikkje kan promotere open tilgang ved å peike på at forskinga kan føre til innovasjon og økonomisk vekst, eit mykje brukt argument for open tilgang til naturvitskapleg forsking.

– Mi erfaring er at ein heller må appellere til ein delekultur. Dei fleste humanioraforskarar tykkjer prinsipielt at openheit er ein god idé, så det gjeld berre å finne pragmatiske løysingar, seier han.

Testar ulike modellar

Han såg ingen grunn til at monografiar ikkje skal publiserast med open tilgang, når artiklar kan bli det.

– Royalty-satsane er uansett så låge at knapt nokon forskarar kan gje ut bøker med von om å tene pengar. Institusjonen betaler løna di, og dersom du publiserer boka di med open tilgang, vil du lettare finne ein plass i den store faglege samtalen, sa han.

Nokre få veletablerte forlag har så smått byrja å tilby løysingar for forfattarar som vil gje ut bøker med open tilgang, men prisen forfattaren må betale, kan vere stiv. Palgrave, som er eitt av forlaga Jill Walker Rettberg har sett på, krev mellom 11 000 og 17 000 britiske pund frå forfattaren. Ho vurderer å søke om støtte frå UiB sitt nyetablerte publiseringsfond.

– Fordelen med Palgrave er at dei er gjennomsiktige med omsyn til kva pengane går til. Eg vil jo ikkje betale mykje pengar berre for at forlaget skal auke profittmarginen. Men eg trur det er viktig å prøve ulike modellar, og er veldig spent på korleis dette vil utvikle seg, seier ho.