– Pressar høgskulane til ansvar
LUKK

– Pressar høgskulane til ansvar

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. september 2016 kl. 08:30

For eller mot fusjon? – Styra ved institusjonane har blitt tvinga til å ta større ansvar for eiga framtid, meiner UiO-professor. 

– Det har vore nokså frustrerande, for eg har i utgangspunktet mest tru på sjølvstendige einingar som ikkje er for store, seier Jan Olav Fretland. Han er dosent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og ein av representantane for fagtilsette i høgskulestyret var HiSF. Då spørsmålet om samanslåing med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund skulle avgjerast, kom Fretland på vippen. Han stemte til slutt for samanslåing, sjølv om han inst inne er imot store fusjonar.

– Som tidlegare rektor ved HiSF tenkte eg at eg skulle tole å stemme for fusjon og heller få kjeft etterpå, seier Fretland.

– Ukomfortable vedtak

Professor Bjørn Stensaker ved Universitetet i Oslo seier det ikkje har vore vanleg at leiinga og styra ved norske lærestader har måtta fatte så krevjande vedtak.

Stensaker, Bjørn (Olav Spilling Nifu Step).jpg

– Høgskular som står aleine kan stå i fare for å bli for marginaliserte, meiner Bjørn Stensaker. Foto: Olav Spilling/NIFU

– Prosessen har ført til at styra har blitt pressa til å ta avgjerder som ein del nok kjenner seg ukomfortable med, seier han. Stensaker forskar på høgare utdanning, og har også ei stilling ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).

– Her i landet er det departementet eller Stortinget som har teke viktige avgjerder innan høgare utdanning. Men i denne prosessen har regjeringa lagt opp til ein strategi der styra ved høgskulane har blitt tvinga til å ta meir strategisk ansvar for eiga framtid. Denne framgangsmåten er ein konsekvens av styringsideologien i tida, der lærestadene er blitt meir autonome. Slik sett representerer fusjonsprosessane noko nytt i Noreg.

Mektige eller for små

Forskerforum skriv i siste nummeret om høgskular som står att aleine og som framleis kjenner kniven på strupen. Nokre ønskjer å fortsetje aleine, medan andre manglar fusjonsalternativ.

– Nokre institusjonar vil bli svært mektige i landskapet, medan andre kan bli for små, seier Stensaker.

– Er det dei høgskulane som er mest sta som blir ståande att?

– Dette er jo svært vanskelege prosessar, så det eg vil ikkje uttale meg om. Gjer dei ingenting, står dei i fare for å bli for små og i verste fall nedlagt. Samtidig har nokre høgskular ein viktig profil regionalt, og vil kunne stå fram som endå meir regionale enn dei var tidlegare. Ein liten høgskule kan dessutan oppleve å bli marginalisert i ein stor, ny organisasjon, der fag kan bli nedprioriterte, seier han.

Riset bak spegelen

Jan Olav Fretland seier dei nye krava til femårig lærarutdanning var den viktigaste grunnen til at han stemte for samanslåing.

– Det er vedteke ei ny lærarutdanning, og for å få til eit bra tilbod i Sogndal, meinte eg det var tryggast å gå inn for fusjon. Sjølv om vi skulle greie å bli akkrediterte utan å fusjonere, ville vi ha fått eit veldig smalt og dårleg tilbod for studentane.

– Hadde høgskulen blitt straffa om de hadde sagt nei til fusjon?

– Det er litt sterkt å seie det slik, men det finst eit ris bak spegelen i dette systemet. I prinsippet skal vi bestemme sjølve, men det får nokre konsekvensar ikkje å gjere som regjeringa vil, seier Fretland.