Professorar taper på innovativ undervisning
LUKK

Professorar taper på innovativ undervisning

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. mai 2016 kl. 09:47

Faktorberekning og faste modellar for arbeidstid til undervisning passar ikkje lenger for alle.

Kjeldstad, Berit (Åge Hojem-NTNU)

– Det kan vere utydeleg om utviklingsarbeidet er ein del av undervisninga, seier Berit Kjeldstad. Foto: Åge Hohjem/NTNU

– Undervisningsrekneskapen min går ikkje i hop. Administrasjonen ved NTNU har ikkje funne nokon modell som passar for meg, seier Arne Krokan, professor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU. Han er engasjert i såkalla innovative læringsformer, og held kurs om dette ved NTNU.

I førre nummer av Forskeforum uttalte professor Arild Raaheim at det er ein grunn til at førelesinga lever vidare: For kvar dobbeltime han føreles, kan han skrive opp åtte timar i undervisingsrekneskapen sin, medan annan undervisningsaktivitet gjev mindre utteljing. Den mest vanlege faktorberekninga ved universitet og høgskular er at førelesing ligg høgast, med faktor fire eller tre, medan seminarundervisning har faktor tre eller to. Andre stader kan dei tilsette få tildelt ein pott til undervisning ut frå arbeidsplanen til kvar einskild. Det er eit virvar av system, også innanfor ein og same institusjonen.

«Etter kvart som undervisninga blir nettbasert, held jo ikkje folk førelesingar lenger.»

Berre på nett

For Krokan passar det ikkje med faktorberekning og faste modellar for utrekning av undervisingstid. Han held ikkje lenger førelesingar.

– Norma ved universitetet har vore førelesingar og øvingsoppgåver. Men ved instituttet vårt prøver vi å kome bort frå dette, og heller aktivisere studentane meir. Begge kursa eg har dette semesteret, er heildigitale, og eg møter studentane berre på nett.

Ifølgje Krokan var det han som utvikla Noregs første mooc i smart læring. Mooc er nettbaserte kurs som er gratis og tilgjengelege for alle.

– Eg har brukt minst tusen timar berre på å utvikle dette. Problemet for NTNU er korleis dei skal ta tak i tidsbruken: Skal dei gje meg pengar per time eg støttar studentane, men ikkje for dei tusen timane eg har brukt for å lage dette opplegget?

– Ingen fast mal

Prorektor for utdanning ved NTNU Berit Kjeldstad seier dei ikkje har ein fast mal for fordeling av undervisingstid ved NTNU.

– Det er ganske store individuelle skilnader ved kvart fakultet når det gjeld korleis arbeidstid til undervisningsoppgåver blir fordelte. Men i dei fleste akademiske miljøa er dette knytt opp mot om du har øvingstime eller førelesing, slik at tida er berekna etter faktor tre, fire eller kanskje fem. Men NTNU har ingen fast mal, og kvart fagområde har ulike kulturar. Ved nokre instittutt eller fakultet får den tilsette ansvar for eit emne, og ein er ikkje så nøye på timetallet, seier Kjeldstad.

– Ei tradisjonell førelesing gjev best utteljing. Så kva med dei som vil eksperimentere med undervisninga?

– Det er nok freistande for mange institutt å ikkje legge inn tid til utvikingsarbeid. Det kan jo være utydeleg om utviklingsarbeidet er ein del av undervisingsjobben. Så dette treng vi å diskutere meir. Og etter kvart som undervisninga blir nettbasert, held jo ikkje folk førelesingar lenger.

– Er systemet til hinder for dei som vil bruke tid på andre undervisningsformer?

– Somme opplever at kurs med digitale hjelpemiddel ikkje passar inn i standardmalen og difor blir tilfeldig behandla.

Kjeldstad seier NTNU ikkje har gjort ein detaljert analyse av dette temaet.

– Men vi har faktisk snakka om at vi burde gjere det. Det kjem stadig opp til diskusjon kor mykje ressursar ein skal bruke til undervisning.

Tek tid å legge om

Etter ei ringerunde til fleire tillitsvalde i Forskerforbundet tyder mykje på at faktorrekneskap ikkje er eit tema til diskusjon for tida. Hans Engenes, tillitsvald ved NTNU Gjøvik, seier dei på Gjøvik ikkje har hatt eksakte reglar for utrekning av tid til undervisning.

– I stor grad har vi fått godgjort tre timar per førelesing. Men ekstra krevjande fag kan gje betre utteljing, og gjenbruk av førelesingar ein nettopp har hatt, kan gje lågare utteljing, seier han.

Ifølgje Engenes er det eit gjennomgangstema blant tilsette at nye og arbeidskrevjande undervisningsopplegg tek ekstra mykje tid.

– Men det er arbeidsgjevaren som bestemmer kor mykje tid den tilsette skal bruke på ei oppgåve.

Krokan meiner det må vere opp til kvart institutt å avgjere kva for undervisning som er viktig.

– Får ein lite att for å prøve ut nye læringsformer?

– Prosjektet om merittering av undervisning, som NTNU og Universitetet i Tromsø har jobba med, er eit forsøk på å ta undervisning alvorleg. Då må det leggast til rette slik at arbeidsavtalar med dei tilsette passar med det ein vil oppnå.

LES MER: