Religiøs ateisme
LUKK

BOKMELDING

Religiøs ateisme

Av Oddgeir Osland

Publisert 6. desember 2013 kl. 11:50

Denne vesle boka vert ståande som sluttsatsen i eit stort intellektuelt livsverk.

religi-s-ateisme

Fakta
<

Ronald Dworkin si siste bok, utgjeven posthumt, er særmerkt for det beste blant amerikanske intellektuelle. Han rettar merksemda mot eit vitalt samfunnsspørsmål i samtida, med moderne religionskonfliktar og konfliktar mellom truande og ateistar som bakteppe. Han tilbyr ein ny tenkemåte som kan medverke til å endre forståinga av konfliktane, og dermed – dersom det vinn sosialt og politisk gehør – også endre sjølve konfliktlinene. Og argumentasjonen er transparent, ein kan følgje og ta kritisk standpunkt til kvart steg i argumentasjonsrekka.

Prosjektet hans er å grunngje ei felles verdsåskoding og skape eit felles vokabular for (mange) ateistar og teistar med ulike gudar. Denne verdsåskodinga er eit intellektuelt uttrykk for ei grunnkjensle mange menneske vil dele: Dei trur livet har eit føremål, ei meining, slik at dei til dømes kan tenkje at dei ikkje har fått gjort det dei skulle eller burde. Dei trur at det finst grunnleggande verdiar (som rettvise og kjærleik) som er like verkelege som eit tre, ei gatelykt. Dei synest stjernehimmelen utstrålar venleik, og at han fyller dei med age, ein age som ikkje vert redusert når dei – som Einstein – vert kjende med lovene i universet. Dei skjelv av undring overfor ein barnefødsel, av undrande redsle overfor eit dødsfall.

Meir analytisk spesifiserer Dworkin ei religiøs grunnhaldning slik: Ho inneber aksept av at det verdifulle er ein fullstendig uavhengig røyndom. Ho held to avgjerande verdidommar for sanne: 1) menneskelivet har objektiv meining: kvar person har eit medfødt og uunngåeleg ansvar for eit godt, ansvarleg liv overfor seg sjølv og andre, 2) universet og skapningane som held til her er ikkje berre fakta, men noko sublimt; vedunderleg og med eigenverdi.

Religiøs ateisme kan ha ukrenkelege rettar i møtet med andre trusretningar.

Ei bestemt gudstru (som kristendom eller islam) er berre ei mogleg ovring av ei slik grunnhaldning. Ho fyller menneskeliva med mål og meining, med idear og bod om kva som er verdifylt. Men ei slik gudstru føreset, slik Dworkin ser det, at ein allereie kjenner seg forplikta overfor det verdifulle som ein realitet som står utanfor den einskilde. Ateistar kan dele denne grunnhaldninga, og det er i denne tydinga ein kan tale om religiøs ateisme. Det er denne trua på det verdifulle som sameinar religiøs ateisme og teisme, meiner han, i undrande avstand frå militant ateisme med kommersiell suksess à la Richard Dawkins.

Drøftinga vert ført vidare i kapitlet om universet, der tesen er at ideen om venleik også spelar ei rolle i naturvitskapen. Ein einskapleg teori om universet som overskrid motsetnaden mellom standardmodellen i partikkelfysikken og relativitetsteorien, ville knytte saman forskarane si antaking om at universet er forståeleg med opplevinga (mange av dei har) av at universet er vakkert. «Kosmisk venleik» ville gje både estetisk og epistemisk meining.

Dersom dette lèt som store ord, er det nok dels fordi kortversjonen min ikkje yter rettferd overfor Dworkin sin intellektuelle presisjon, men også fordi han ikkje er redd for å ta fram eit religiøst vokabular i vår tid. Med omgrepet religiøs ateisme skapar han eit rom der ateistar som deler ei slik grunnhaldning, kan kjenne att meiningshorisonten til teistane – som djupast sett si eiga. Dette etablerer dermed også konfliktlina mellom dei som har ei religiøs grunnhaldning, og dei som ikkje deler henne; som dei som har ei naturalistisk verdsåskoding, og dei som har  eit nihilistisk verdisyn.

Argumenta hans vil respektfullt bli rivne i sunder.

Kapitlet om religionsfridom viser at det som står på spel for Dworkin, ikkje berre er å opne rommet for kommunikasjon mellom ateistar og teistar. Han argumenterer for at (også) religiøs ateisme (som er ein bestemt moderne versjon av religiøs verdsåskoding) kan ha ukrenkelege rettar i møtet med andre trusretningar. Alle som har djupe overtydingar om føremålet med og ansvaret for liva sine, har i utgangspunktet rett til etisk sjølvstende: Styresmaktene kan ikkje innskrenke retten dei har til å leve fullverdige liv, med grunngjeving i at eit anna livssyn er overlegent deira – til dømes å nekte homofile retten til å gifte seg, kvinner retten til abort og lidande døyande retten til assistert dødshjelp.

Boka er velskriven, lettlesen og skarp i argumentasjonen, også mot meiningsmotstandarar. Ho er prega av ein intellektuell respekt som ofte manglar i norske debattar, der også akademikarar går etter mannen heller enn argumenta, og forsøker å «vinne» diskusjonar gjennom kritikk mot randsona i ein posisjon heller enn å gå til kjernen av usemja og nytte diskusjonen som grunnlag for kritisk vurdering av veikskapar i eiga tenking.

Denne vesle boka vert ståande som sluttsatsen i eit stort intellektuelt livsverk, men siste ord er ikkje dermed sagt. Det ambisiøse prosjektet og argumenta hans vil respektfullt bli rivne i sunder på mange akademiske seminar. Men han har opna for ein tenkemåte om religion som vil kunne bygge bruer mellom ateistar og gudstruande. Eller er det for mykje å håpe på? Probably, svara Dworkin lakonisk på det spørsmålet.