Ved NMBU har tilsette og tillitsvalde stått på barrikadane. No har dei mista gløden.

 

– Folk er resignerte og skjermar seg meir, seier Lena Kjøbli. Foto: Håkon Sparre

– Det har vore ein god del intern støy ved NMBU i vår på grunn av ein stor omstillingsprosess. Ganske mange syntest at ting ikkje skjedde i rett rekkefølgje. Styret gjorde vedtak før dei hadde undersøkt saka, seier Lena Kjøbli. Ho er leiar i Forskerforbundet ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

– Dette kom berre to år etter en tidkrevjande fusjonsprosess. Så i haust merkar vi som tillitsvalde ein reduksjon i engasjementet blant dei tilsette og lokale tillitsvalde, seier ho.

Forskerforum skreiv i førre nummer om lågt engasjement rundt fusjonar og omorganiseringar ved universitet og høgskular. Men ved NMBU vart det store protestar då universitetsstyret ville gjere om på fakulteta og innføre tilsett rektor i staden for vald rektor.

– Prosessen og resultatet gjekk i ei anna retning enn det som tidligare har vore tradisjon i organisasjonen, som til dømes færre kollegiale organ og tilsett rektor heller enn vald. Det var eit kjempestort engasjement frå professorar og andre tilsette, men fleire har sagt etterpå at dei korkje har tid eller kapasitet lenger, seier Kjøbli.

– Folk skjermar seg

Kjøbli trur også fleire har resignert fordi innspel ikkje vart tekne til følgje.

– Blant anna var det 1000 underskrifter for vald rektor som styret ikkje tok noko omsyn til.

Eg merkar no at folk skjermar seg meir, og vi er bekymra for om vi får rekruttert nok tillitsvalde på lengre sikt. Vitskapleg tilsette har ei veldig stor arbeidsbyrde allereie. Når det blir to tidkrevjande omstillingsperiodar med ein del uro på kort tid, slik det har vore her ved NMBU, kan resultatet bli ei form for trøyttleik.

Ho meiner det synd om folk mistar engasjementet sitt.

– Det som bekymrar meg på lang sikt, er om institusjonen blir ei form for «forskarhotell» der forskarane sjekkar inn og jobbar skjerma, utan å engasjere seg. Ei slik utvikling bør bekymre leiarane og styret ved institusjonane meir.

– Ikkje hyggeleg å tone flagg

Gaute Einevoll er professor ved Institutt for matematiske realfag og teknologi ved NMBU. Han var blant dei som engasjerte seg i vår, blant anna gjennom innlegg i Khrono.

– Ein av fordelane vi har hatt ved NMBU, er at institusjonen er ganske liten, med kort avstand mellom institutta og til leiinga, og det har gjort det mogleg å engasjere seg. Men mange er oppgitte etter det som skjedde i vår, seier han.

Einevoll reagerte særleg på styrevedtaket om å endre talet på faglege einingar frå 13 institutt til seks fakultet.

– Den saka vart «kuppa» i eit styremøte i januar og var ikkje eingong ført opp som styresak. Ingen i styret forklarte eller forsvarte vedtaket overfor dei tilsette i debatten som følgde, hevdar professoren.

I juni vedtok styret, etter forslag frå rektor, at NMBU skal ha sju einingar eller fakultet.

– Til sjuande og sist gjorde styret om på det forhasta og stivbeinte vedtaket etter mange månader med unødig strid, seier han.

Einevoll er eigentleg ikkje så interessert i å involvere seg i styringa av universitetet.

– Men i denne saka følte eg at eg hadde eit varslingsansvar. Samfunnet brukar milliardar på nybygg og investeringar ved NMBU, og som fagperson har eg plikt til å seie frå når det blir sløst med ressursar.

Han har ikkje fått reaksjonar frå leiinga.

– Men det er ikkje hyggeleg å gå offentleg ut mot sin eigen arbeidsplass og si eiga leiing. Mange av oss som protesterte, er blant dei mest aktive forskarane ved NMBU og som leier store forskingsprosjekt, og ingen ønskjer seg ein effektiv administrasjon meir enn oss. Men det synest å vere ei mistru til at vi har noko å bidra med når det gjeld organisering.

Einevoll er ikkje lenger særleg motivert til å gjere noko ekstra for NMBU.

– Vi gjer sjølvsagt jobben vår, men kvifor skal vi engasjere oss ekstra når vi ikkje blir høyrde eller respekterte?

Skarp retorikk

Rektor Mari Sundli Tveit ved NMBU seier at dei tilsette vart inviterte til å delta i diskusjonen.

– I løpet av våren hadde vi seks allmøte. Det er utruleg viktig at dei tilsette engasjerer seg, ikkje minst for å vere med på å gjere universitetet betre, seier Sundli Tveit.

Ho seier det i diskusjonen i vår var svært skarp retorikk, både mot leiinga og generelt.

– Sjølv fekk eg mange tilbakemeldingar frå folk som ikkje torde å vere med i debatten fordi retorikken hadde blitt så skarp mellom fagmiljøa. Dei orka ikkje å ta ordet på allmøta, av redsle for å bli «skotne ned». Slik kan sjølve debatten nokre gonger stå i vegen for seg sjølv, meiner ho.

NMBU-rektoren trur ikkje det er på grunn av leiinga at så få har engasjert seg i haust.

– Eg trur heller det kan kome av det tøffe debattklimaet. Som rektor ønskjer eg ein raus debatt, der alle kan vere med og ikkje brenn inne med noko fordi dei ikkje tør å delta.