Kan me kontrollera vår tru?
sanning-og-forvirring

Fakta

Per Bjørn Foros og Arne Johan Vetlesen
Angsten for oppdragelse. Et samfunnsetisk perspektiv på dannelse
Universitetsforlaget, 2012
276 sider
Veil. pris: kr 299

 

Kva skal til for at det me trur, er sant? Kva har du grunn til å tru at er verkeleg? Slik spør Raino Malnes, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, i si nye bok. Han tek opp epistemologiske spørsmål med supermange svar, og det heile er ein invitasjon til forvirring.

Boka har fire kapittel som diskuterer fenomena «Tro», «Sannhet», «Virkeligheten» og «Vitenskap», og to som diskuterer metodane «Begrunnelse» og «Beskrivelse». Eit viktig spørsmål er om me kan kontrollera det me trur, og pensa tanken inn på eit spor som fører til sanning. Ei rekkje teoriar om sanning vert diskuterte, blant anna korrespondanseteorien, som seier at sanning finst når det er samsvar mellom utsegn og fenomen.

Det er ikkje slik at kapitla sluttar med konklusjonar som vert bygde på i fortsetjinga; tvert imot vert stadig fleire teoriar og dilemma lanserte utover i boka. Og Malnes sjølv har ikkje ein tydeleg posisjon i terrenget.

Malnes resonnerer i ein stil som minner om Wittgenstein.

Malnes resonnerer i ein kontant aforistisk stil som minner om Wittgenstein og andre analytiske filosofar. Alle hans betraktningar har godt filosofisk belegg, og dei beste poenga kjem ofte i sitats form. «Det er fordi hun har det vanskelig at jeg bør hjelpe henne, ikke fordi jeg tror hun har det vanskelig», seier Jonathan Dancy, og det er både godt sagt og godt sitert.

Malnes diskuterer problemet med «virkelighetens evne til å overgå fatteevnen». Lat oss seia at ein mann har blitt levande gravlagd i hagen min i løpet av natta, utan at eg veit det, eller vil kunna få vita det. Er det då gale av meg å dra på ferie i fjorten dagar? Slike spørsmål er konstruerte som dilemma utan klare valmuligheiter, og er eit godt argumentasjonsverktøy som Malnes brukar gjennom heile boka.

Men Malnes vil ha med mest mogeleg, og på dei korte 107 sidene kjem det stadig nye store tema og nye metodar. I byrjinga brukar han tankeeksempel i beste analytiske tradisjon, men mot slutten er diktaren Yeats ein viktig premissleverandør, og det verkar litt umotivert å skifta frå det eine til det andre. Vil han sikra seg at me oppfattar han som ein godt orientert intellektuell? Til slutt har eg lest så mange anekdotar og dikt og digresjonar og injeksjonar og abduksjonar at eg er heilt forvirra.

Malnes forstyrrar sitt eige tema med skrivestilen han har valt.

Innimellom dukkar det opp ei kursivert stemme som protesterer. «– Stopp en hal!», «– Du forvrenger konsensusteorien». Dette grepet vert ikkje brukt på ein gjennomført måte, og er dessutan litt overspent. Malnes forstyrrar sitt eige tema med skrivestilen han har valt. Ein diskusjon av sanning og gode grunnar hadde tent på eit meir stringent og klart språk. Men Malnes må få kreditt for å ta på seg ein så vanskeleg jobb. Kanskje sanninga om sanning er at den er udefinerbar, og då er skrivestilen til Malnes så god som nokon.

I sum framstår Malnes meir som ein formidlar enn ein tenkar. Etablerte innsikter vert serverte i tappinga til Malnes, bortsett frå at temaet ikkje er så veldefinert eller pedagogisk som i eksplisitte lærebøker. Boka kunne like gjerne heitt «Hva er sannhet» og vore utgitt i serien til Universitetsforlaget.