Fiskarane hevdar at sildebestanden er fleire gonger større enn anslaga frå forskarane. Milliardar av kroner og truverdet til havforskinga står på spel.

Kor mykje sild er det i havet? Sanninga er her ute, men ho er vanskeleg å finne. Vi er i ope hav, kring 300 kilometer utanfor Midt-Noreg, på det årlege Økosystemtoktet til Havforskingsinstituttet (HI). Ein helsesjekk for Norskehavet, frå Stad i søraust til Island i vest og Svalbard i nord. Forskarane måler temperatur og saltinnhald og tek planktonprøver med håv, men mest handlar det om fisk. Korleis står det til med silda, makrellen og kolmulen, dei tre viktigaste fiskeartane i Norskehavet? Og korleis er framtidsutsiktene? Havforskarar har streva med desse spørsmåla i over hundre år. Johan Hjort, den store havforskaren som har lånt namnet sitt til skipet vi er på, prøvde å forstå svingingane i sildebestanden tidleg på 1900-talet. Enno er ikkje gåta løyst.

«Vi som er på sjøen og fiskar, veit at det er mykje meir sild i havet enn forskarane vil ha det til.»

– Vi har ikkje kome så veldig mykje lenger sidan Johan Hjort si tid når det gjeld å føreseie tilveksten i fiskebestandane, seier toktleiar Are Salthaug.

– Vi har betre oseanografiske modellar, vi har fått mykje datakraft og langt meir empiri. Men biologien er meir kompleks enn modellane klarer å fange inn.

Krympande stamme

Sjølv det å måle fiskebestandar i notid er vanskeleg nok. For tida stridest forskarar og fiskarar om bestanden av norsk vårgytande sild (kalla NVG-sild, sjå eiga ramme). Denne sildestammen lever det meste av livet sitt i Norskehavet, og er særs vanskeleg å måle. NVG-silda kan gyte frå Troms til Lindesnes, ho kan spreie seg utover heile havet og klumpe seg saman i fjordane, og ho kan brått endre vandringsmønster. Og Norskehavet er over tre gonger større enn det norske fastlandet.

I sildestriden mellom forskarar og fiskarar er det to kulturer som kolliderer, meiner toktleiar Are Salthaug. Foto: Per Anders Todal
I sildestriden mellom forskarar og fiskarar er det to kulturer som kolliderer, meiner toktleiar Are Salthaug. Foto: Per Anders Todal

Dette er i gode år den største sildestammen i verda og den største fiskebestanden nord i Atlanterhavet. Men rekrutteringa har lenge vore svak. I 2009 anslo forskarane ved HI at gytebestanden var kring 13 millionar tonn, no meiner dei at bestanden er nede i fire millionar tonn.

Men sildefiskarane meiner at det er langt meir sild i havet, og at kvotane burde aukast. Usemja har ført til den mest alvorlege konflikten mellom fiskarar og havforskarar i Noreg på mange år. Den kjem vi attende til.

Eg er på havet for å sjå korleis forskarane måler sildebestanden. Det er første veka av det 40 dagar lange toktet til «Johan Hjort», ei reise på nesten 5000 kilometer i mai og juni, att og fram over Norskehavet langs ei fast rute. Også forskingsfarty frå Russland, Island, Færøyane og Danmark har ansvar for delar av havet. Alle fartya registrerer fisken på strekningane sine ved hjelp av ekkolodd. Dette er eit viktig grunnlag for bestandsestimata for NVG-silda, saman med gytetokt på vinteren og fangstdata frå fiskeria.

Å lese ei sild

Både eg og sjøfuglane følgjer spent med når vinsjen halar trålposen opp på dekket akterut på «Johan Hjort». På desse tokta skal ein helst gjere fire–fem trålhal i døgnet, for å sjekke kva fiskeslag ekkoloddet har fanga opp. Dette vesle prøvehalet inneheld kring 300 kilo fisk, halvt om halvt med sild og makrell, og ein og annan kolmule. Ein del av fangsten blir tømt gjennom ei sluse og ned i laboratoriet, der fire teknikarar sorterer han for å finne artsfordelinga. Nokre eksemplar blir plukka ut for vidare undersøkingar. Kvar fisk ber på informasjon om tilstanden til bestanden, forklarer fiskeribiolog Jaime Alvarez.

– Vi ser på lengda og vekta – er kondisjonen bra? Kor mykje feitt er det i muskelen? Er det nok mat til fisken? Informasjonen kan vi halde opp mot resultata frå planktonprøvene vi tek på toktet. Alt dette seier noko om tilstanden i havet.

Ikkje minst er det viktig å fastslå alderen til fisken: Forholdet mellom alder og storleik fortel mykje om levekåra. Og det er særleg aldersdata, både frå forskingstokt og frå fiske, som fortel at rekrutteringa til NVG-silda lenge har vore svak. Det er enorm skilnad på overlevingsraten til sildeyngelen frå år til år. Ein sterk årsklasse kan vere eit tital gonger større enn ein svak, og den siste verkeleg sterke årsklassen kom i 2004. Ei sild kan leve i over 25 år, men 2004-årgangen kan ikkje bere sildestammen så mykje lenger.

Den store stammen

Norsk vårgytande sild er verdas største sildebestand, og har eit anna livsløp enn den haustgytande nordsjøsilda. NVG-silda gyter langs norskekysten i februar-mars. Larvane driv nordover med straumen og veks opp i Barentshavet. Den vaksne silda går ut i Norskehavet og beitar mest på det vesle krepsdyret raudåte. Kring 1970 kollapsa bestanden, og først i 1980-åra kom silda attende for fullt.

Akustikk i strid

Men har vi gode nok data til å vite kor stor sildebestanden er? Det er det sildestriden står om, og forskarar og fiskarar er rykande usamde om bruken av såkalla akustiske data frå sonar og ekkolodd. På toktet med «Johan Hjort» registrerer både sonaren og ekkoloddet kontinuerleg fisk i sjøen, men det er ekkoloddet som blir brukt til å vurdere mengda. Her er òg rom for skjønn: Toktleiar Are Salthaug syner meg korleis han tolkar informasjonen frå ekkoloddet. Han anslår storleiken på stimane, og vurderer om det er sild eller kolmule. Dei tettaste stimane, dei som gløder raudast på skjermen, er som regel sild.

– Men silda kan òg vere vanskeleg å skilje frå kolmulen. Det er ein av grunnane til at vi gjer prøvehal med trålen, seier Salthaug.

Sonar og ekkolodd har ulike eigenskapar, forklarer instrumentoperatør Bjarte Kvinge: Sonaren dekkjer eit større område, men er ikkje rekna som presis nok til å vurdere storleiken på fiskestimane. Ekkoloddet er betre til mengdemål, men strålen frå loddet dekkjer mindre areal og fangar ikkje inn sild nær overflata. Sildefiskarane meiner at havforskarane undervurderer bestanden fordi ekkolodda ikkje får med seg sild som står grunt.

– Det er på eit vis to kulturar som møtest i denne debatten, meiner Are Salthaug.

– Forskarane må basere seg på systematiske undersøkingar og empiri. Men mange av argumenta vi blir møtte med, er ikkje baserte på vitskap. Vi forskarar skal ikkje hovere, vi er heilt klart feilbarlege. Men vi er nøydde til å underbyggje påstandane våre fagleg.

Pengane og sanninga

Eg forlet «Johan Hjort» under ein kort stogg i Kristiansund. Toktet skal halde fram i over ein månad til. Eg for min del skal prøve å finne ut kvifor striden om sildebestanden har blitt så hard. Ei banal forklaring er at det berre handlar om sildekvotar, altså pengar. Kvotekutt er sjeldan populært blant fiskarane.

Rett nok er det ikkje forskarane som fastset kvotane. Kvar haust møtest havforskarar frå ei rekkje land i Det internasjonale rådet for havforsking, ICES, for å bli samde om neste kvoteråd for bestandane i Nord-Atlanteren, mellom dei silda. Kvotetildelinga er opp til nasjonale styresmakter. Men Fiskeridepartementet har lytta til havforskarane sine silderåd dei siste åra, og kvotane er sterkt reduserte. I 2009 var den norske sildekvoten litt over ein million tonn, kvoten for 2016 er på berre 193 000 tonn. Med dagens sildeprisar har den differansen ein verdi på kring fire milliardar kroner. Det står altså mykje på spel.

Dette handlar ikkje om pengar, men om å finne sanninga, seier fiskar Torfinn Gangstad, som er svært aktiv i sildedebatten.

– Vi som er på sjøen og fiskar, veit at det er mykje meir sild i havet enn forskarane vil ha det til. Forskarane har stor kunnskap, men dei er ikkje så mykje på havet som vi er, seier Gangstad, som har 50 års erfaring frå sildefiske.

«Fiskarane kan hjelpe forskarane om dei er viljuge til å lytte.»

I 2014 var han med på å starte prosjektet «Pelagisk Dugnad», der kring 120 reiarlag spleisar på bidrag til sildeforskinga. «Dugnaden» bidrog mellom anna til at forskingstokta for å kartleggje gytebestanden i februar, vart starta opp att. Desse tokta vart stogga av HI i 2008 som eit sparetiltak.

Men samarbeidet om gytetokta har ikkje fått slutt på krangelen. Tvert imot. Usemje om tolkinga av sonardata frå toktet sist vinter gav konflikten ei ny omdreiing. Havforskarane vurderte nokre av sildestimane på sonarbileta til å vere under ti tonn. Gangstad og andre sildeskipperar vurderte dei same stimane til å vere på minst 250 tonn. Etter dette har striden eskalert i spaltene til Fiskeribladet Fiskaren.

– Ingen er betre enn fiskarane til å vurdere storleiken på sildestimar, seier Gangstad.

– For oss er det dyrt å ta feil. Er stimen for stor, kan han sprenge nota. Er han for liten, kastar vi bort tida. Men havforskarane verkar mest opptekne av å vise at dei har hatt rett i det dei har sagt før.

– Fiskarane har ein økonomisk motivasjon. Om bestanden blir justert opp, blir det større kvotar?

– Det er klart. Men vi har investert langsiktig i dette fisket, og er ikkje interesserte i å ruinere bestanden. Vi vil hauste berekraftig.

Gangstad hevdar det er mange feilkjelder i sildeforskinga. Han meiner mykje sild ikkje blir fanga opp av ekkolodda, og at gytetoktet sist februar ikkje fekk med seg store mengder sild ved finnmarkskysten. Forholdet mellom fiskarar og havforskarar står no på spel, meiner Gangstad.

– Om ikkje forskarane byrjar å oppføre seg meir konstruktivt, trur eg samarbeidet blir veldig vanskeleg framover. Men vi kan hjelpe forskarane om dei er viljuge til å lytte. Vi har mykje å bidra med sjølv om vi ikkje har doktorgradar.

Da silda vart borte

Jens Christian Holst slutta ved Havforskingsinstituttet i protest i 2013. No talar den røynde havforskaren saka til sildeforskarane. Foto: privat
Jens Christian Holst slutta ved Havforskingsinstituttet i protest i 2013. No talar den røynde havforskaren saka til sildeforskarane. Foto: privat

Sildestriden har ei lang forhistorie. Finn Devold, den leiande norske sildeforskaren på 50- og 60-talet, var særs populær langs kysten. Han brukte forskingsfarty til å spore opp silda for fiskarane, og meinte at fiske ikkje påverka sildebestanden nemneverdig. «Vi mennesker kan ikke gjøre bestanden mindre ved å fiske den», sa Devold i 1964. Men i 1970 var NVG-silda nesten utrydda. Naturleg nedgang kombinert med for hardt fiske hadde knekt stammen, og ikkje før i 1980-åra kom silda attende for alvor. Kollapsen førte til eit langt strengare reguleringsregime og har prega både havforskinga og fiskeforvaltninga sterkt.

Men blir føre var-prinsippet no praktisert for strengt? Om ein haustar mykje mindre sild enn bestanden toler, går store ressursar tapt for fiskarane og for samfunnet. Varsemda har vore for stor, hevdar havforskar Jens Christian Holst, som no er rådgjevar for sildefiskarane i Pelagisk Dugnad.

– Eg trur sildekollapsen kring 1970 har sett for djupe spor. Den sette ein støkk i forskarane og forvaltninga, og eg er flaska opp med denne haldninga sjølv. Men om ein berre seier «føre var» fordi ein har dårlege data, kan bestandane bli for store, seier Holst.

Han var seniorforskar ved Havforskingsinstituttet til 2013, og var bestandsansvarleg for norsk vårgytande sild frå 2004 til 2008. Holst sa opp fordi han ikkje fekk nok gjennomslag for å innføre såkalla økosystembasert forvaltning, i staden for å forvalte kvar bestand for seg.

Både silda og makrellen burde skattast hardare, meiner Holst. Han er overtydd om at bestanden av NVG-sild er langt større enn estimata.

– Det beste estimatet mitt er at bestanden er tre gonger større enn dei offisielle estimata. Forskarane har konstant undervurdert sildebestanden. Ein av grunnane er at forskingsfartya skremmer vekk silda før ho gjev utslag på ekkoloddet, fordi dei går med for stor fart. Eg var sjølv toktleiar ved HI i mange år, og gremmar meg over at eg var med på å gjere så store feil, seier Holst.

– Som leigesoldat for sildefiskarane kan du mistenkjast for å seie det dei vil høyre?

– Folk må gjerne skulde meg for å vere kjøpt og betalt, men dette er ikkje lukrativt for meg. Det har med vitskapleg integritet å gjere. Dessverre har HI gått i skyttargrava når det har kome sakleg kritikk, seier Holst. Han meiner forskarane bør gå saman med fiskarane for å forbetre metodane og finne ut korleis ein kan kombinere sonar og ekkolodd meir effektivt.

– Om havforskarane nyttar kompetansen til fiskarane betre, kan Noreg få den beste havforvaltninga i verda, seier Holst.

«Det stemmer ikkje at det har gått prestisje i dette spørsmålet for havforskarane.»

– Ingen prestisje

Havforskarane har i det siste kome noko av kritikken i møte. HI prøver å utvikle ein sonar for å måle storleiken på fiskestimar, og det er planar om at forskarar og fiskarar skal samarbeide om notkast på sildestimar ut frå sonardata, for å få ein fysisk fasit å halde målingane opp mot.

– Det stemmer ikkje at det har gått prestisje i dette spørsmålet for havforskarane, seier Katja Enberg, som er programleiar for Norskehavet ved HI, og leiar for ICES-arbeidsgruppa for NVG-sild.

– Om det var 20 millionar tonn sild i havet, ville eg blitt glad. Det ville gjort kvardagen min mykje enklare, seier Enberg.

– Vi prøver verkeleg hardt å forbetre metodikken. Men skal vi endre systemet, må vi få alle i ICES med oss. Noreg forvaltar ikkje bestanden åleine. Og eg kjenner ikkje til nokon fiskebestand i verda som blir mengdemålt med sonar.

– Jens Christian Holst meiner de burde lytte meir til fiskarane?

– Vi snakkar med fiskarane i Fagleg utval for ressursforsking, vi har dialogmøte og er med på møta til fiskeriorganisasjonane. Mange viktige prosessar i ICES er òg opne for representantar frå fiskarane. Men likevel er det somme som ikkje kjenner seg høyrde. Eg hadde sett pris på det om dei i større grad framførte synspunkta sine i dei foruma vi har.

Sildestriden kan vare lenge enno. Til hausten skal ICES igjen kome med kvoteråd for sildefisket. Ikkje alle kjem til å bli nøgde. Og ingen kjem nokon gong til å kunne seie sikkert kor mykje sild det er i havet.

Frå toktet med «Johan Hjort» står særleg eitt minne tydeleg, ein ettermiddag med stiv kuling, da toktleiar Are Salthaug sat på brua og snakka om sjansane våre til å styre noko så mektig som Norskehavet.

– Vi trur vi forvaltar dette økosystemet. Men gjer vi det? Vi kan skru noko opp og ned på éin brytar, den som heiter uttak av fisk. Men utover det? Eg er ikkje sikker, sa Salthaug.

Vinden ulte, «Johan Hjort» gynga på fem meter høge bårer. Nett da kjendest det ikkje som om vi menneske kunne styre noko som helst.

 

Etterord: Sonardebatt i Stortinget

I mai i år kom sildestriden opp i Stortinget. Ove Trellevik frå Høgre retta ein interpellasjon til fiskeriminister Per Sandberg der han tok opp usemja om dei observerte sildemengdene sist vinter. Trellevik bad Sandberg om å få uavhengige ekspertar til å vurdere estimata og «avklare ekkolodds og sonarers nøyaktighet».

Sandberg hadde gjeve fiskarane grunn til håp. I april vart han intervjua av Bergens Tidende om striden mellom HI og oppdrettsnæringa. Lakselusproblema held no att veksten, og talspersonar for næringa er svært kritiske til HI-forskinga på lakselusa. HI skal vere «et næringsvennlig institutt», sa Sandberg til BT. «Politikerne har lagt rammevilkårene for hvordan denne næringen skal vokse, og HI skal dele ambisjonene for de vedtakene.» Men kva om forskarane meiner slik vekst er uforsvarleg? «Da må de lage modeller som gjør det forsvarlig å nå de målene», sa fiskeriministeren.

Mange har tolka dette som at Sandberg ville påleggje forskarane å konkludere til fordel for oppdrettsnæringa. Det har han sjølv avvist. Men han kom næringa i møte ved å setje ned eit fagleg råd for HI som mellom anna skal gå gjennom forskinga på lakselus.

Ove Trellevik bad om noko liknande i sildestriden, då han ville ha inn «uavhengige eksperter» til å vurdere metodane til HI. Men i Stortinget tok Sandberg HI i forsvar. «Å sette ned et uavhengig utvalg hver gang næring og HI er uenig, mener jeg ikke er veien å gå», sa Sandberg, og viste til at instituttet arbeider med å redusere avstanden i tolkingane av sildedata. Han viste òg til historia: «Den historiske lærdommen maner til forsiktighet, og det er forsiktighet som skal gi et høyt utbytte på lang sikt», sa Sandberg.

LES OGSÅ:

– Vil overstyre forskere