Sin eigen sjef
LUKK

Sin eigen sjef

Av Forskerforum

Publisert 9. juni 2016 kl. 09:13

Ikkje alle forskarar er tilsette ved ein forskingsinstitusjon. Dei uavhengige forskarane slepp sjefar og publiseringspress, men unngår ikkje pengejaget.

Vårsol blenkjer i bakkane i kystkommunen Askvoll i Sogn og Fjordane. Sundet er blikkstilt. Historikaren Gaute Losnegård viser rundt i kontorhjørnet han leiger i eit næringsbygg i Askvoll sentrum. For tida held han på å ferdigstille bind 2 av eit allmennhistorisk verk om Flora.

– Historiefaget har tradisjonelt ikkje hatt så tette skott mellom historikarane ved universiteta og høgskulane, frilansarane og amatørane. Mange skriv historiebøker utan å ha utdanning. Det trur eg er bra. Det viser at mange ser på det som noko som er viktig i kvardagen deira. Humaniora treng denne samfunnsrelevansen, seier han.
I Oslo har Anne Rose Røsbak Feragen gjort ein utflukt frå heimekontoret for å fortelje om arbeidsdagane som sjølvstendig filosof. Først og fremst lagar ho filosofikurs for arbeidslivet, og har akkurat fått anteke ein vitskapleg artikkel om korleis helsepersonell kan ha nytte av filosofi i arbeidssituasjonen.

– Eg trur det er viktig for filosofifaget at slike som eg finst. Det gjev faget legitimitet og relevans, og viser at det ikkje berre er ein akademisk disiplin som privilegerte menneske kan ha glede av å dykke ned i. Eg trur faget har verdi for oss som menneske, og at det står sterkare når det blir teke i bruk, seier ho.

På ein ungdomsskule i Mandal jobbar Magne Høyberget fulle dagar som naturfaglærar. I fritida er han ute og leitar etter fossil, eller han sit i laboratoriet heime eller på Naturhistorisk museum i Oslo i time etter time og preparerer funna sine under stereomikroskopet. Når han finn noko som er interessant, noko som fyller eit hol i kunnskapsmuren, blir det gjerne ein vitskapleg artikkel av det.

– Universitetsmusea er ramma av nedskjeringar. Eg har inntrykk av at det same gjeld mange vitskaplege aktivitetar som ikkje produserer pengar, og då er det jo mindre som kan bli gjort. Men noko kan gjerast på frivillig basis av slike som meg, seier han.
Dei tre arbeider systematisk for å få fram ny kunnskap, altså det vi kallar forsking – men utan å vere tilsette ved ein forskingsinstitusjon. Kva driv dei?

Styrer tida og skrivinga

Losnegård tek ein pause frå informasjonssøket i gamle Sunnfjord-aviser og inviterer på kaffi på lunsjrommet.

– Eg styrer tida mi sjølv, og vil eg til dømes reise ein stad i jobbsamanheng, er eg min eigen sjef, seier han.

Han er utdanna lærar og historikar og driv AS-et Vestnorsk oppdragshistorie i lag med ein kollega i Bergen. Han har vore frilansar sidan han var ferdig med hovudfaget i historie ved UiB, og får hovudinntekta si frå bygdebøker. Han fekk dei første oppdraga på tampen av hovudfaget og oppdaga at allmennhistorie var ein sjanger som passa han.

Gaute Losnegård

– I AS-et vårt har vi rekna ut at vi kan greie oss med eit mindre overhead-påslag enn institusjonane må ta, og det gjer at vi kan konkurrere på pris, fortel Gaute Losnegård. Foto: Paul Sigve Amundsen

– Historiefaget er kanskje det som er mest retta mot allmenne lesarar. Eg jobbar mest med allmennhistorie om lokalsamfunn. Det er ein lite definert sjanger, så eg står ofte ganske fritt, fortel han.

I tillegg til lokalhistorie skriv han historiske bøker baserte på eigne idear eller idear han utviklar i samarbeid med eit forlag. Han har også skrive i lag med historikarar ved universitet eller høgskular, men tykkjer mykje av forskinga ved institusjonane er snevert innretta.

– Eg lurer ofte på kven dei skriv for. Skal ein berre skrive for kollegaer, mister vi mykje av verdien. Eg er glad eg slepp å tenkje på å produsere for teljekantsystemet. Det verkar på meg som om det stressar folk, seier han.

Manusa hans blir vurderte av fagkonsulentar og kvalifiserte boknemnder, men det går truleg ikkje inn under den strenge definisjonen av fagfellevurdering. Den eine gongen han vart utsett for slik vurdering, var då han medverka med eit kapittel til ei bok om det folkelege engasjementet ved vala til riksforsamlinga i 1814, i høve grunnlovsjubileet. Resten av boka var hovudsakeleg skrive av historikarar ved høgskulane i Volda, Telemark og Sogn og Fjordane. Losnegård likte godt å samarbeide tettare med høgskulemiljøa, men han måtte gjere sin del gratis.

– Og gratisarbeid lyt eg prøve å avgrense, seier han.

Bryner seg på røyndomen

Anne Rose Røsbak Feragen høyrde om Humanistisk Akademi, som ho i dag er dagleg leiar for, då ho som masterstudent i filosofi møtte opp på eit seminar om arbeidsutsikter for filosofar.

– Eg tykte det verka kjekt. Eg ville gjerne utvikle meg vidare fagleg, men eg ville også gjerne undervise. Etter kvart bygde eg opp mitt eige nettverk og utvikla mine eigne prosjekt, og laga dermed grunnlaget for stillinga mi. Arbeidsmengda avheng av kor ettertrakta ein er. Er det ingen etterspurnad, er det heller inga stilling der.

Feragen tilbyr kurs i praktisk filosofi og etikk, ho lagar fagplanar, pensumlitteratur og testverktøy, og kvar økt må leggast opp etter den arbeidssituasjonen fagstoffet skal brukast i.

– Alle som tek ei akademisk utdanning, tileignar seg nokre akademiske ferdigheiter, slik som argumentasjon og bevisføring. Filosofien fordjupar seg nettopp i desse ferdigheitene. Kva kan du vite? Korleis grunngjev du det? Dei filosofiske teoriane går 2500 år bakover i tida, men ein må også vite kva som er relevant for menneske i dag. Dersom menneske er opptekne av kva dei kan og ikkje kan seie på sosiale medium, må vi kunne bruke dei filosofiske prinsippa på den problemstillinga, illustrerer ho.

Røsbak Feragen, Anne Rose (Norrud) 8

– Målet mitt er å setje folk betre i stand til å ta gode avgjerder, seier Anne Rose Røsbak Feragen. Foto: Erik Norrud

Filosofi på legekontoret

Ho har mellom anna hatt kurs med helsepersonell. Innsiktene ho fekk frå desse møta vart til ein vitskapleg artikkel om tolking i kliniske vurderingar med utgangspunkt i den filosofiske retninga skeptisisme, som stiller seg tvilande til om det er mogleg å ha objektiv og sikker kunnskap.

– Når ein skal tolke eit symptombilete, kan ein jo ta feil, og korleis skal ein handtere det? Det er lett å gå i stadfestingsfella og berre sjå etter ting som stadfestar det ein allereie trur. Eg tek til orde for at heller enn å nekte for at dette kan skje, må ein lære seg å tole uvissa i von om at det kan leie til betre medisinske avgjerder. Ein filosofisk skeptikar kan unne seg å seie «eg veit ikkje» og la det bli med det. Men ein lege er nøydd til å ta ei avgjerd til slutt. Så artikkelen handlar om korleis ein kan nytte skeptisismen til å ta avgjerder, fortel ho.
Ho kunne ikkje ha skrive artikkelen utan filosofisk utdanning med fordjuping i skeptisismen. Men heller ikkje utan møta med helsepersonell i kurssamanheng.

– Men artikkelskriving er noko eg må gjere utanom. Eg tener ikkje noko på det.

Forsking som hobby

– Det finst ikkje oppdragsforsking for paleontologar. Dette er ikkje eit fag det ligg pengar i, det er grunnforsking som berre kostar. Difor er fagmiljøa svært små, seier Magne Høyberget.

Med tida har han skaffa seg like spesialisert kompetanse som kollegaene ved universiteta. Men fordi han tener til det daglege brødet på annan måte, treng han ikkje ta andre omsyn enn interesse. Fascinasjonen for fossil fekk han som gutunge på Toten. Etter kvart som han samla materiale og lærte meir, kom han i kontakt med fagfolk ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Dei skaffa han tilgang til vitskapleg litteratur.

– Det er heilt avgjerande. Utan innsyn i kva som er gjort tidlegare, kjem ein ikkje vidare, seier Høyberget.

Som fossilsamlar besøkte han museet ofte. Etter kvart som det kom fram at han var godt kjend med lokalitetane i Oslo-området, byrja han å bidra med prøver og lokalitetar når master- og ph.d.-studentane skulle på feltarbeid. Så kom spørsmåla om å vere medforfattar på artiklar.

– Med meir erfaring skreiv eg sjølv. Det er ein spesiell sjanger, men ein lærer jo. Det er ikkje så lenge sidan eg var førsteforfattar første gong, det var i 2008. Til gjengjeld handla det om ei spesiell gruppe trilobittar, utdøydde marine leddyr, som er fenomenale til å aldersbestemme avsettingar fordi dei levde over heile kloden, men i ein geologisk sett kort periode. Så den artikkelen er veldig nyttig for andre, og mykje sitert.

Som fritidsinteresse kjem forskinga billegare ut enn mykje anna han kunne ha funne på å drive med, meiner han. Sidan 2004 har han stort sett brukt somrane på utgravingsekspedisjonar på Svalbard eller i Finnmark, i regi av universiteta i Oslo og Tromsø, men då har han fått dekt utgiftene gjennom prosjektbudsjetta. Tilgang til litteratur og til laboratorieutstyr får han takka vere fagmiljøet ved Naturhistorisk museum og andre, utanlandske forskarar.

– Når eg er på samletur i Oslofeltet, tek eg meg ikring med buss og sykkel. Og hammaren har eg hatt sidan eg var gutunge.

Hadde eg jobba ved ein institusjon, ville eg hatt tilgang til det meste utan å merke kostnadane ved det.

Tener på digitalisering

På kontoret sitt i Askvoll har Gaute Losnegård akkurat så overfylte bokhyller som ein ville forvente av ein historikar. I eit hjørne står kasser med materiale han har brukt til å lage ei ny utgåve av bygdeboka for Røldal, klar til å sendast tilbake no når arbeidet er ferdig. Ei hylle er dedikert til materiale til trebandsverket om Flora. Men det er takk vere digitaliseringa at han kan arbeide som han gjer.

– Kjeldearbeidet har endra seg – no tek ein berre med eit digitalkamera og fotograferer kjeldene. Det at gamle aviser blir digitaliserte, er ein ekstremt stor gevinst for meg. No kan ein søke på enkeltord i avismaterialet, ein treng ikkje sveive seg gjennom mikrofilmar lenger.

Samanlikna med mange andre fagdisiplinar er det lett å få tilgang til historisk materiale. Losnegård jaktar på informasjon i kommunale arkiv, møtebøker for kommunestyre og formannskap, arkiv som gjeld skule og fattigvesen, eigedomsarkiv, skipsregister, merkeregister for fiskebåtar. I Noreg er slikt materiale gratis tilgjengeleg.

– Det er ikkje opplagt at det skal vere slik. I Florø har dei til dømes eit krigshistorielag som har henta ut ein del materiale frå engelske og tyske arkiv. Det har vore nokså kostbart, og det kan heller ikkje delast fritt. Det blir spennande å sjå kva konsekvensar omorganiseringa i Arkivverket vil få. Gratisprinsippet er alfa og omega.

Må skape fagmiljø

Dei historiske foreiningane, som krigshistorielaget, er viktige for fagleg oppdatering. Som frilansforskar lyt ein skape sitt eige fagmiljø. Losnegård held kontakt med eit nettverk av historikarar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og deltek på arrangement som Norske historiedagar, ein årviss konferanse i regi av Den norske historiske foreining. Anne Rose Røsbak Feragen kunne også ønskt seg å vere del av eit større fagmiljø.

– Så noko eg gjer meir av no, er å oppsøke arenaer for fagleg utveksling. Å delta på seminar og slikt gir meg jo ingen inntekter, men eg set av tid til det. Akkurat som eg i prinsippet kan ta meg ein lesedag no og då. Når det gjeld utgifter til litteratur, går det inn i driftskostnadane, og ein når fort ei grense. Hadde eg jobba ved ein institusjon, ville eg hatt tilgang til det meste utan å merke kostnadane ved det.

Forskar mot straumen

Sidan fagmiljøet for paleontologar er lite i Noreg, held Magne Høyberget kontakten med eit internasjonalt nettverk av kollegaer. I 2009 fekk han the Mary Anning Award, ein pris som blir delt ut av den internasjonale Palaeontological Association og går til folk som har kome med store bidrag til faget utan å ha det som yrke.

magne hoyberget (ukjent)

– Å omarbeide funna etterpå tek meir tid enn å samle dei, seier Magne Høyberget. Foto: May-Liss Knudsen Funke

– Eg får ofte spørsmål frå universitet her og der. Dei kan sjå at eg har drive med dette i årevis, og då verkar det på meg som om fagfolk ikkje har nokon motstand mot å be om råd og hjelp frå slike som meg. Det kan eg sjølvsagt takke publikasjonane mine for, seier han.

Den spesielle posisjonen hans – innanfor fagmiljøet, men utanfor institusjonane – gjer at han ikkje berre kan styre tida si sjølv og arbeide i sitt eige tempo. Han kan også leggje sin eigen forskingsplan, uavhengig av trendane ved institusjonane. For tida dreier det meste av forskinga ved UiO seg om virveldyr, på grunn av dei store øgleutgravingane på Svalbard. Virveldyra får ressursane og studentane. Medan trilobittane, som ligg Høyberget sitt hjarte nærast, er eit felt som ligg nokså brakk ved institusjonane for tida.

– Eg kan gjere som eg vil, og treng ikkje publisere under press. Eg veit ikkje om det er likt for alle, men ute i Europa kjenner dei i alle fall godt det presset. Dei har det jo som jobb, og er nøydde til å levere.

Hardare konkurranse

Gaute Losnegård merkar at marknaden for oppdragshistorie har endra seg sidan han byrja. Institusjonane forsyner seg meir av den same marknaden. Fleire av dei har etablert eigne einingar for oppdragsforsking. Samstundes går fleire oppdrag ut på anbod enn før.

– I AS-et vårt har vi rekna ut at vi kan greie oss med eit mindre overhead-påslag enn institusjonane må ta, og det gjer at vi kan konkurrere på pris. På den andre sida bør det jo vere kvalifikasjonar som avgjer. Men det er rart med det: Når først prisen har snike seg inn som ein vurderingsfaktor, får det gjerne mykje å seie, seier han.

Også innanfor historie er det trendar for kva som er populært å forske på. Lokalhistorie har for tida ikkje spesielt høg status, meiner Losnegård.

– No er det næringslivshistorie alle skal drive med. Ein kan jo vone at konkurransen då blir mindre for oss som arbeider med lokalhistorie. Så får vi sjå om dette endrar seg med kommunereforma.

Skitnar til filosofien

– Eg opplever at filosofar ved institusjonane har lite interesse for det eg driv med. Og når eg møter studentar, er mange av dei mistenksame. Dei trur det er uråd å utføre betalte oppdrag og samstundes ha fagleg integritet. Eg har inntrykk av at nokre har ei førestilling om at eg tek betalt for å levere lettvinte løysingar til arbeidslivet. At eg skitnar til filosofien, seier Anne Rose Røsbak Feragen.

Skjeringspunktet mellom filosofi og dei ulike arbeidskvardagane til folk, som ho sjølv tykkjer er så spennande, er ikkje det som ligg fremst i pannebrasken til dei akademiske filosofane, er hennar inntrykk. Ho tyr til kunstverda for å forklare kva ho meiner:

– Eg har også fordjuping i filosofisk estetikk, som tek for seg spørsmål som kva kunst er, og kva verdi det har. Eg har lagt merke til at når ein studerer kunst på eit filosofisk institutt, snakkar ein ikkje så mykje om kunsten. Studerer ein kunsthistorie, går ein på utstillingar og ser på kunst. Begge delar er bra, men eg trur det er legitimt å utfordre filosofane til å få med seg kva som skjer i kunstverda for å finne ut korleis det kan relatere seg til deira eigne tankar om kunst. Den tanken trur eg derimot ikkje kjem naturleg til alle filosofar. Det er slikt eg tenkjer på når eg seier at filosofifaget kan ha godt av å relatere seg til samfunnet.

Hyllar det allmenne

Magne Høyberget har aldri prøvd å få jobb ved eit universitet. Tvert imot har hobbyen stor verdi for jobben som naturfaglærar i ungdomsskulen.

– Interessa veks i lag med kunnskapen. Og spissinga kan endre seg og ta nye retningar. I starten låg spenninga i å vere på tur og sjå etter nye lokalitetar. No leitar eg meir målretta, eg har betre oversikt over kva som manglar, og vil gjerne finne det. Blir eg beden om å vere medforfattar på ein artikkel der eg trur eg kan bidra med noko, seier eg ja. Det ser eg på som ei tillitserklæring. Men det er ikkje noko eg må.

Ein fordel ved frilansverksemda, meiner Gaute Losnegård, er at han kan jobbe allment. Det tykkjer han er ein styrke i seg sjølv.

– Historikarane er meir spesialiserte no, og fleire tek doktorgrad enn før. Det ser ut som spesialisering er den vegen det skal gå, utan at eg nødvendigvis kan sjå sterke faglege grunnar til det. I medisinen finst det ein tittel som heiter «spesialist i allmennmedisin» seier han, og spør:

– Kvifor skulle ein ikkje vere spesialist i allmennhistorie?