Slik vil Noreg bryte forlagsmakta
LUKK
Annonse
Annonse

Slik vil Noreg bryte forlagsmakta

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. desember 2017 kl. 00:02

I Tyskland og Finland har institusjonane sagt nei til dyre og lukka abonnementsavtalar med dei store forlaga. Denne hausten står slaget i Noreg om open tilgang

– No er vi i ein interessant overgangsfase, seier Nina Karlstrøm i organisasjonen CERES (tidlegare Cristin) til Forskerforum.

– Før har vi forhandla med forlaga om lesetilgang til tidsskriftspakkar, og forhandlingane har dreia seg om pris og om kva lisensen skal inkludere – til dømes tilgang utanfor campus, eller tilgang til eldre årgangar. No prøver vi å forhandle om heilt nye element: Vi vil at pengane våre i staden skal gå til å betale for at dei artiklane norske forskarar produserer, blir publiserte med open tilgang, seier ho. 

Fakta
<

Slutt på abonnement
Det er CERES som forhandlar fram avtalane med forlaga på vegner av konsortium av norske institusjonar. Tilsvarande forhandlingar har allereie skapt drama i andre land: Tyske institusjonar mista mellombels tilgangen til tidsskrift under Elsevier-paraplyen etter at forlaget nekta å gå med på dei tyske institusjonane sine krav om at forskarane deira skulle få publisere artiklane sine med open tilgang utan ekstra kostnader. I Finland vart det stogg i forhandlingane med Elsevier av same grunn, men forhandlingane er no i gang att etter at Elsevier har lagt fram eit framlegg som inneheld element av open tilgang til artiklar.
Dei nasjonale retningslinene for open tilgang til forsking, som vart lagde fram i august i år, krev at alle nye avtalar med forlaga skal innehalde element som tek oss nærare målet om open tilgang. Denne hausten skal fleire avtalar fornyast, dei største er med Wiley og Taylor & Francis.

Les også: Nye retningslinjer: Slik skal all norsk forskning bli tilgjengelig for alle 

Den nye forhandlingsstrategien samsvarar med eit internasjonalt initiativ kalla OA2020, der målet er å få flest mogleg land og institusjonar til å krevje å snu om på avtalane, frå å betale for abonnement til å betale for open publisering. Alt tyder på at det trengst massivt internasjonalt samarbeid for å få gjennomslag for krava i møte med forlaga.

Retningsliner gjev ryggdekning
Dei nye nasjonale retningslinjene gjev institusjonane ryggdekning i forhandlingane, fortel Johanne Raade, bibliotekdirektør ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
– Per i dag betalar vi ein gjeven sum for tidsskriftabonnement, ein sum som aukar mykje meir enn konsumprisindeksen. I perioden 2001–2015 har vi hatt ein realverdinedgang på 20 prosent. Retningslinjene gjev føringar om budsjettnøytralitet om ein snur om på avtalane. Det vil seie at vi vil betale for open publisering i staden for abonnement, utan at det skal bli dyrare totalt sett.
Dei landa som har fått inn element av open tilgang i tidsskriftavtalane sine, slik som Nederland, har oppnådd det ved at institusjonane har forhandla samla på høgt nivå.
– Det vi har lært frå til dømes Nederland og Tyskland, er at det er viktig med forankring på så høgt nivå som råd. Det sender viktige signal når forlaga får høyre institusjonane sine perspektiv frå leiarane sjølve, seier Nina Karlstrøm.
CERES’ forhandlingar skjer difor i tett samarbeid med institusjonane, og bibliotekdirektørar og forskingsleiarar har vore med på møte med forlaga no i haust.

Les også: Tyskerne har fått nok. Nå sier de nei til verdens største akademiske forlag. 

Krev openheit om pris
Mari Sundli Tveit, rektor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og leiar i Universitets- og høgskulerådet, fortel at ein prøver å få organisert eit nordisk rektormøte om open tilgang.

Mari Sundli Tveit

– Men utover dette har konsortielaga i dei nordiske landa eit tett samarbeid, slik at vi får til god erfaringsutveksling. Men samarbeidet er ikkje berre avgrensa til nordisk nivå, vi møter også regelmessig konsortieteam frå fleire andre europeiske land. Det er heilt avgjerande at vi lærer av kvarandre i desse forhandlingane, slik at vi kan ha nokolunde same strategi og retning når vi forhandlar, seier ho.
Dei nasjonale retningslinene om open tilgang krev dessutan at det skal vere openheit om pris og vilkår i avtalane med forlaga. Fram til no har konsortia måtta signere på at desse elementa skal haldast hemmelege. Sundli Tveit sit i styret for den europeiske universitetsorganisasjonen European University Association (EUA), som nyleg gjekk ut med tydelege standpunkt for open tilgang til forsking. I dokumentet frå EUA heiter det at openheit om pris er eit ufråvikeleg krav.
– Vi veit no at finnane har greidd å få inn i avtalane sine at det skal vere openheit om pris og avtalevilkår, og eg har klare forventingar om at vi skal få til det same i Noreg. Openheit medverkar til å disiplinere, og gjer det vanskeleg å forsvare urimelege prisforskjellar og ulike vilkår i avtalane på tvers av land. Difor er openheit ein heilt sentral mekanisme i overgangen til open tilgang for EUA, og ved å setje dette på dagsordenen, gjev vi drahjelp til – og medvit omkring – desse spørsmåla for medlemmane våre, seier ho.

Må kunne seie nei
Bibliotekdirektør Johanne Raade meiner det aller viktigaste for å greie å vende avtalane er at konsortia er førebudde på å seie nei til forlaga om nødvendig. Det skjedde i Tyskland då den tyske rektorkonferansen nekta å akseptere vilkåra til Elsevier.
– Er dei norske institusjonane klare til å seie nei?
– Tja, er ein nokon gong klar til å kvitte seg med noko ein eigentleg ikkje har lyst til å kvitte seg med? Vi forhandlar jo inn i eit monopol. Misser vi tilgangen til dei viktige tidsskrifta, så finst det ikkje noko å erstatte dei med, seier Raade.
Samstundes minner ho om at prisauken på abonnementa kjem på same tid som biblioteka førebur seg på budsjettkutt.
– Så det er rett og slett ikkje meir pengar å ta av.

Kjøper fri artiklar
Dei siste åra er det etablert ei rekkje opne tidsskrift som på sikt kan tilby alternativ til dei prestisjetunge abonnementstidsskrifta. Difor er det viktig at desse opne tidsskrifta blir inkluderte i publiser-og-les-ordningar, meiner Raade.
– Dei opne tidsskrifta blir ofte finansierte ved at forskarane betalar ei publiseringsavgift. Men dersom vi greier å oppnå betal-og-les-avtalar med dei tradisjonelle tidsskrifta, så vil ikkje forskarane merke utgiftene ved å publisere, fordi det vil bli handtert av institusjonen eller av ein nasjonal mekanisme. Vi må altså passe på at dei gode, opne tidsskriftinitiativa ikkje blir taparar ved ei omlegging, seier ho.
Eit anna element er at mange forskarar betalar dyrt for å kjøpe artiklar fri frå betalingsmurar og gjere dei ope tilgjengelege, ofte fordi open tilgang er eit krav frå dei som finansierer forskinga. Dette blir kalla «hybrid open tilgang».
– Det dreier seg om nokså mykje pengar, som ofte blir betalt av forskingsmiljøa, og som utgjer ei ekstrainntekt for forlaga på toppen av abonnementsinntektene. Så vi ønskjer å heller bruke dei pengane på ein nasjonal mekanisme som betalar for direkte publisering med open tilgang, seier Nina Karlstrøm i Ceres.

Vil vri pengestraumen
Å snu tidsskriftavtalane vil medføre ei total omlegging av økonomien i det vitskaplege publiseringssystemet. Men Karlstrøm peikar på at det er nok pengar i systemet, om ein legg saman alle biblioteka sine tidsskriftbudsjett og dei ulike støtteordningane for open tilgang, til at ein kan vri pengestraumen frå abonnement til publisering.
– Men det avheng av at flest mogleg krev det. No har sentrale institusjonar i Kina nettopp slutta seg til OA2020-initiativet. Kina er verdas nest største produsent av forskingsartiklar, så det kan få stor innverknad, seier ho.

Les også: