Sneversynt filmhistorie
LUKK

BOKMELDING

Sneversynt filmhistorie

Av Av Lars Nyre

Publisert 14. februar 2012 kl. 13:08

Det skarpe fokuset på filmkunsten og filmbransjen er styrken til Norsk filmhistorie, men også den største svakheita, meiner vår bokmeldar.

sneversynt-filmhistorie

Fakta
<

 

Går det an at ei filmhistorie handlar for mykje om film? Ingen har skrive ei samla norsk filmhistorie sidan Sigurd Evensmos Det store tivoli kom ut i 1967. Difor er det sjølvsagt spennande at Universitetsforlaget gjev ut ei slik bok, attpåtil skriven av den anerkjende professoren i filmvitskap Gunnar Iversen. Norsk filmhistorie er skriven i ei lett tilgjengeleg form, og passar godt for vanlege borgarar og studentar, så vel som filmforskarar og medievitarar.

Boka har eit kompromisslaust fokus på film. Sjangermessig handlar ho dessutan berre om heilaftans spelefilmar, og ikkje om dokumentar, filmavis eller kortfilm. Vidare har Iversen «tonet ned den politiske og sosiale konteksten» til fordel for grundige resymé av sentrale filmar, med analyse av sjanger, internasjonale straumdrag og resepsjonen av filmen hjå det norske kritikarkorps og publikum. Iversen er også god til å forklara korleis filmbransjen har utvikla seg politisk og økonomisk, og gjer greie for dei mange endringane i støtteordningar og finansiering.

Kapitla går kronologisk framover frå starten med Fiskerlivets farer (ca. 1906) til Oslo 31. august (2011). Iversen vel ut filmar som er spesielt kjende eller har ei viktig rolle som fornyar eller tidstypisk eksempel. Han er på sitt beste når han detaljanalyserer klassikarar som Fant (1937), Gategutter (1949), Hustruer (1975), Orions belte (1985) og Villmark (2003). Analysane strekker seg ofte over fleire sider, og han diskuterer filmsensibiliteten og uttrykksbehova til regissørane på ein nesten psykologisk måte.

Men boka har nokre klare svakheiter. Sidan dette så tydeleg er ei historiebok, er det merkeleg at kapitla ikkje har periodeinndelingar med årstal. Det skarpe fokuset på filmkunsten og filmbransjen er styrken til boka, men også den største svakheita. Det føregår så mykje anna noregshistorie rundt filmane som eg er nøydd å komma på sjølv, og særleg den tidlege historia kjennest unødvendig isolert frå resten av samfunnet. Det tidlege 1900-talet var jo ein periode med nasjonal lausriving, ein katastrofal verdskrig og ei rekkje nye teknologiar på mediefronten (radio, telefon, etc.).

Min alvorlegaste kritikk er at Iversen ikkje inkluderer den parallelle utviklinga i andre medium i historieskrivinga si, men lèt som det går an at eit medium kan ha si eiga heilt sjølvstendige utvikling. Boka har enda opp som ei litt gamaldags filmkrønike, skriven slik ein kunne forventa før medievitskapen hadde levert alle sine analytiske verktøy og kulturelle perspektiv.

Som medieforskar burde han ha kopla til norsk radio- og fjernsynshistorie, til filmmeldingar i avisene, plakatkunsten knytt til filmpromotering, og dei seinare åra: påverknaden frå internett og mobiltelefonen. Utan desse samanlikningane er det vanskeleg å vera ein sensitiv historieskrivar.

Dersom det høyrest ut som eg ber Iversen om å skriva ei anna bok, så får det stå si prøve. Ei bok med tittelen Norsk filmhistorie burde vore på 850 sider i staden for 330, og burde inkludert flest mogeleg perspektiv som kan læra oss kva rolle filmmediet har spela i nyare norsk historie. Den boka er enno ikkje skriven.