– Spent på «månelandingane»
LUKK
Annonse
Annonse

– Spent på «månelandingane»

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 15. mai 2018 kl. 16:16

Forskingssektoren er avventande positiv til endringane som er varsla i neste EU-rammeprogram for forsking og innovasjon.

Forslaget til nytt rammeprogram for forsking og innovasjon, som har fått namnet Horisont Europa, er venta i starten av juni. I EUs langtidsbudsjett for perioden 2021-2027, som nyleg vart lagt fram, var det lagt opp til å bruke 97,9 milliardar euro på rammeprogrammet. Til samanlikning er budsjettet til inneverande rammeprogram, Horisont 2020, på nær 80 milliardar euro.

Det er venta nokre viktige skilnader frå dagens rammeprogram. For det første ligg det an til å kome eit innovasjonsråd (European Innovation Council, EIC), som eit motstykke til Det europeiske forskingsrådet ERC. For det andre er det venta at forslaget vil introdusere «missions», eller «månelandingsprosjekt», som eit nytt verktøy for prosjekthandtering.

FNs berekraftsmål som paraply

Horisont 2020 er organisert rundt tre søyler: framifrå forsking, konkurransedyktig næringsliv og store samfunnsutfordringar. Mykje tyder på at denne strukturen vil bli noko endra i Horisont Europa. Framifrå forsking, som inkluderer ERC og mobilitetsordninga Marie Sklodowska Curie, vil bli vidareført.

Det vil bli ei ny søyle for «globale utfordringar», som skal samle dagens «store samfunnsutfordringar» og satsinga på mogleggjerande teknologiar, og ha FNs berekraftsmål som paraply. Sannsynlegvis vil «månelandingane» først og fremst bli knytte til denne søyla.

Det nye innovasjonsrådet EIC vil utgjere kjernen i den tredje søyla. Det står att å sjå nøyaktig kva utforming det vil få, og innspela frå aktørane har vore motstridande, men i forarbeida er det lagt vekk på at rådet skal stimulere grasrotinitiativ og gje støtte til banebrytande innovasjon i den teknologiske frontlina, der utfallet er uvisst og marknaden umogen.

Konkrete og ambisiøse mål

Det er ikkje klart kva «månelandingsprosjekta» vil gå ut på, men kommisjonen har fått innspel til kva kriterium som bør liggje til grunn. «Månelandingane» skal vere konkrete og ha klare mål, vere ambisiøse, men realistiske, leggje til rette for tverrfaglege samarbeid og vere relevante for store delar av samfunnet.

– Vi vonar Kommisjonen følgjer opp råda om ei dobling av budsjettet i neste rammeprogram, seier Kenneth Ruud ved UiT.

Arbeidet med «månelandingsprosjekta» har fått mykje merksemd det siste året, og også aktørar i det norske forskingslandskapet er spente på kva som kjem ut av dei.

– Vi tykkjer dette med «missions» er spennande tankar med stort potensial, men vi kjem til å følgje med på implementeringa. For at dette skal bli ein suksess, vil det vere viktig å ta vare på heile breidda i tilnærmingsmåtar for å løyse dei, seier prorektor for forsking og utvikling ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Kenneth Ruud.

– Må realisere Open Science

Saman med dei andre norske universiteta har UiT sendt eit felles innspel til Europakommisjonen. Her heiter det mellom anna at framifrå forsking må liggje til grunn for valet av «månelandingsprosjekt», at Marie Skłodowska Curie-ordningane og ERC må styrkast i Horisont Europa, at programmet må byggje på open tilgang til forsking og data, og at samfunnsvitskap og humaniora må få større plass.

– Frå UiT si side er vi særskilt opptekne av at «open science» må realiserast fullt ut i Horisont Europa, også når det gjeld evaluering. I Horisont 2020 er det krav om at artiklar skal publiserast med open tilgang så fort som råd, men forskarar blir framleis evaluerte etter kva tidsskrift dei har publisert i, og det er eit dilemma som må løysast, seier Ruud.

Må handle raskt

Fakta
<
Administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, er oppteken av om Noreg får gjennomslag for dei tematiske prioriteringane regjeringa har spelt inn til EU-kommisjonen. Noreg meiner Horisont Europa bør leggje vekt på det grøne skiftet, berekraftig «blå vekst» basert på havområda, velfungerande og trygge samfunn, og digitalisering.

– Vi er også spente på dette med «missions». Eg reknar med at forslaget som kjem, vil gje noko meir retning på dette, og så vil det bli interessant å sjå korleis dei skal få meir kjøt på beina, seier han.

Forskingsrådet vil invitere til høyringsmøte straks etter at forslaget er lagt fram, for å utarbeide ein nasjonal respons i samråd med Kunnskapsdepartementet.

– Det er særleg viktig ettersom vi ikkje er EU-medlem. Den formelle prosessen som skal føre fram til semje om programmet, involverer EU sine medlemsland og institusjonar. Difor må Noreg vere raskt ute med å spele inn responsen vår gjennom uformelle kanalar, seier Røttingen.

Glad for kontinuitet

Kyrre Ås, som er seniorrådgjevar ved EU-eininga ved Universitetet i Stavanger (UiS) og arbeider med EU-finansiering til forskingsaktørar i Stavanger-regionen, fortel at kontinuitet er viktig.

– Horisont 2020 tek til å bli godt innarbeidd, og vi ønskjer oss kontinuitet i dei ulike instrumenta, saman med meir forenkling. Fokuset på globale utfordringar, på open innovasjon og på open vitskap er også viktig for forskarane, og det ser ut til å halde fram i neste rammeprogram, seier Ås.

UiS deltek i The European Consortium of Innovative Universities (ECIU) og har gitt innspel til EU-kommisjonen gjennom dette konsortiet. ECIU ønskjer mellom anna meir vekt på open innovasjon, på samfunnsnytte og på universiteta si rolle som utdanningsinstitusjonar.

– Det nye rammeprogrammet kan få store konsekvensar også for det norske forskingslandskapet, særleg dersom budsjettet aukar og Noreg må betale inn meir til rammeprogrammet. No er vi spente på den overordna strukturen som vil liggje i forslaget, og så er vi klare til å gje innspel i den vidare prosessen, seier han.

– Det er veldig mykje å finne ut av når ein har fått pengar frå EU. Eg skulle ønskje det var enklare og meir standardisert, seier May-Britt Tessem. Foto: NTNU/Geir Otto Johansen

Ønskjer meir forenkling

Også styreleiar i Forskningsinstituttenes fellesarena, Lars Holden, er glad for at dei store samfunnsutfordringane ser ut til å få god plass i Horisont Europa.

– Det er institutta nøgde med. Samstundes er det framleis rom for forenklingar. Horisont 2020 er sterkt forenkla samanlikna med tidlegare rammeprogram, men det kan framleis bli betre, og det trur eg det vil bli.

Han får støtte av forskar May-Britt Tessem ved Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk ved NTNU. Ho fekk nyleg eit ERC-stipend på halvannan million euro for å forske på persontilpassa metodar for diagnostisering av prostatakreft.

– Det er veldig mange krav ein skal leve opp til når ein får pengar, spesielt når det gjeld open tilgang til forskinga. Eg driv med sensitive pasientdata, og det er ein stor jobb å finne ut av reglane for lagring og deling av data. Eg skulle ønskje det var enklare og meir standardisert, seier Tessem.

Derimot er ho glad for at satsinga på framifrå forsking gjennom ERC vil bli styrkt i neste rammeprogram.

– Sidan ERC skal finansiere den beste forskinga uavhengig av fagfelt, får ein høve til å tenkje igjennom akkurat kva ein vil gjere, og korleis ein vil vere med på å drive feltet framover. Det er noko eg set stor pris på.

  • Les mer: