Det har vore tungt for fagforeiningane å nå fram med sine synspunkt på den pågåande omorganiseringa i Statistisk sentralbyrå.

 

Statistisk sentralbyrå (SSB) står midt i store omorganiseringar, som mellom anna medfører at Forskingsavdelinga blir kutta med om lag 25 stillingar. Stillingane blir overførte til dei ulike statistikkavdelingane.

Samtidig med omorganiseringa av Forskingsavdelinga har ei arbeidsgruppe gjort ei kompetansekartlegging i byrået med bakgrunn i at SSB er lokalisert på to stader, i Oslo og i Kongsvinger. Utgreiinga medfører at oppgåver blir flytta mellom dei to stadene for å forsterke og spesialisere kompetansemiljøa på dei to stadene, og at mange medarbeidarar dermed misser oppgåver og får andre oppgåver i staden.

Les også: Profilert økonom mener SSB er for opptatt av publisering 

I forhandlingane om lokalisering av dei ulike kompetansemiljøa, har fagforeiningane gjeve uttrykk for at dei ikkje er overtydde om at endringane vil medføre ei fagleg styrking begge stader, og at dei ikkje kan støtte flyttinga av oppgåver på kort tid så lenge andre alternativ for god samhandling mellom dei to stadene ikkje er godt nok utgreia.

Etter eit møte om omorganiseringane mellom fagforeiningane og SSB-leiinga i september, peika foreiningane i ein protokolltilførsel på at ved å gjennomføre så djuptgripande endringar på kort tid som det no er lagt opp til, utset SSB seg for stor risiko når det gjeld leveranseevne, produktivitetstap, omdømmetap, og arbeidsmiljø.

Innplasseringskriteria ei viktig sak

Siv Hunstad i Forskerforbundets lokallag i SSB fortel at fagforeiningane tidleg gav uttrykk for at dei tykte det vart for mange endringar i organisasjonen på for kort tid.

– For fagforeiningane er vurderingskriteria for innplassering i Forskingsavdelinga ei viktig sak. Forsking er ikkje berre éin ting. I prosessen har vi i fagforeiningane teke opp at sjølv om internasjonal publisering sjølvsagt er viktig, så er det ikkje gitt at det skal vege så mykje tyngre enn den forskinga som skal brukast til nasjonal politikkutforming, seier ho.

Les også: – Forskere har grunn til å være misfornøyd med lønna, sier tillitsvalgt.  Sjekk hva du bør tjene her.

Nyleg fekk medarbeidarane i forskingsavdelinga vite om dei skal halde fram der, eller få nye oppgåver i andre avdelingar. Ifølgje innplasseringskriteria skal ein person i forskarstilling bruke om lag 80 prosent av tida på å levere anvend empirisk forsking på høgt internasjonalt nivå, retta mot å opplyse og bistå den norske samfunnsutviklinga, og kvalitetssikra gjennom publisering i velrennomerte vitskaplege tidsskrift på feltet. Det siste vil i praksis seie å publisere i nivå 2-tidsskrift. Grunngjevinga for kriteria er at kompetansen i framtidas forskaravdeling må vere oppdatert i tråd med internasjonal forsking.

Les meir om kriteria her.

– Vi har all respekt for tung internasjonal forsking, men den kan ikkje nødvendigvis alltid takast i bruk nasjonalt. Dette handlar også om tillit til dei modellane som SSB har bygd opp over tid. Det kan godt hende det er rett å ta inn nye moment, men kvifor kan ein ikkje gjere det over litt tid, i staden for å forandre alt over natta? spør Hunstad.

Mykje uro kunne ha vore unngått om ein heller hadde brukt litt tid på endringane slik at dei tilsette kunne tilpasse seg, meiner ho.

– Ja, det kan godt hende at det er på tide å stille strengare og meir stringente krav til forskarstillingane. Men korleis skal det foregå? Kunne ein heller ha gitt folk litt tid til å tilpasse seg dei nye krava?

Etterlyser fleksibilitet

Det er ikkje lagt fram noka oversikt over kven som er blitt innplassert i den nye forskingsavdelinga og kven som er blitt flytta, og det har fagforeiningane heller ikkje ønskt.

– Gjennom prosessen har fagforeiningane hatt nokre møte for medlemmane våre, men mykje kokar ned til at enkeltpersonar går til sine tillitsvalde og spør kva dei skal gjere med den nye situasjonen sin. Så langt har eg hatt nokre rådgjevingssamtalar, og sjølv om ein ikkje skal sky konfliktlina, så tilseier erfaring at ein skal tenkje seg om før ein går den vegen, seier ho.

– Vi etterlyser meir fleksible løysingar. Både når det gjeld Oslo-Kongsvinger-prosessen og dette med kriteria for innplassering, så ville det ha vore ein stor fordel om ein kunne gitt prosessane litt tid. Vi tok til dømes opp tidleg at ein burde vente på innstillinga frå Statistikklovutvalet, som kjem i midten av desember. Vi meiner det ville ha vore klokare å sjå på kva dei kjem fram til, heller enn å sette i gang store omveltingar i forkant, seier Hunstad.

Statistikklovutvalet er sett ned av finansministeren og skal vurdere statistikklova og verksemda i SSB med tanke på dei store endringane i rammevilkåra som har skjedd dei siste åra, til dømes når det gjeld digitalisering, store datastraumar og internasjonalisering.

Etter at SSB-direktør Christine Meyer sist veke vart kalla inn til møte med finansminister Siv Jensen, vart omorganiseringane stilt i bero i påvente av eit nytt møte i dag onsdag. Hunstad fortel at det er vanskeleg for dei tilsette å få oversyn over kva som skjer.

– Internt høyrer vi først og fremst spekulasjonane i media. No veit vi ikkje heilt kva som skjer framover, eller kva det inneber at prosessen er sett på vent. Samstundes har det vore ubehageleg å følgje utviklinga i media, spesielt skuldingane om at omorganiseringa av Forskingsavdelinga skulle dreie seg om å kvitte seg med namngitte forskarar. Ein kan seie mykje om denne prosessen, men har ikkje noko inntrykk av at direktøren vil diktere kva forskarane skal forske på, seier ho.

Nytt møte onsdag 

SSB-direktør Christine Meyer er onsdag morgen i et møte med finansminister Siv Jensen om omorganiseringene.

Meyer og Jensen hadde også et møte mandag for halvannen uke siden, men da ble ingen konklusjon trukket.

– I lys av uroen som har oppstått, diskuterte vi også innretningen av forskningsavdelingen og leveransene til regjeringen, Stortinget, departementene og partene i arbeidslivet, sa statsråden etter møtet.

– Meyer vil komme tilbake til meg med sitt forslag til løsning i et nytt møte om en ukes tid. Som øverste leder av etaten er jeg opptatt av å forsikre meg om at SSB kan fortsette å levere god, relevant og uavhengig forskning og analyser av norsk økonomi, arbeidslivet, innvandring og klima, sa Jensen ifølge Nettavisen. 

Ved 10-tiden onsdag var det uklart om møtet, som skulle startet klokken 8.15,  fortsatt pågikk, ifølge NTB. Forrige gang de møttes, unngikk Meyer pressen ved å snike seg ut bakveien.  På forhånd var det ventet at SSB-sjefen ville komme med sitt forslag til løsning på striden rundt omorganiseringen.

Les også:

– SSB bør ikke prioritere internasjonal publisering