Statsbudsjett 2017: Realvekst til forsking
LUKK

Statsbudsjett 2017: Realvekst til forsking

Av Forskerforum

Publisert 6. oktober 2016 kl. 11:03

Regjeringa løyver 555 millionar kroner til oppfølgjing av langtidsplanen for forsking i 2017.

I løyvinga ligg det mellom anna 48 millionar kroner til 120 nye stipendiat- og postdocstillingar. I langtidsplanen varsla regjeringa at ein ville auke talet på rekrutteringsstillingar med 500 i perioden 2015-2018. Dei 120 nye stillingane som kjem no, blir fordelt slik: 80 av dei vil gå til UH-sektoren, 25 går til forskingsinstitutt, og 15 stillingar går til ordningane med offentleg phd og nærings-phd. Ifølgje Kunnskapsdepartementet vil med dette 492 av dei 500 rekrutteringsstillingane som langtidsplanen føresette, vere finansierte.

Midlar til EU-søking

Det blir også løyvd 75 millionar kroner til tiltak for å stimulere til større deltaking i Horisont 2020. Langtidsplanen føreset at slike ordningar skal styrkast med totalt 400 millionar kroner i perioden 2015-2018.

Langtidsplanen føreset også ei total løyving på 400 millionar kroner til forskingsinfrastruktur i same periode. I budsjettet for 2017 er det foreslått 100 millionar i varig auke til infrastruktur, men regjeringa foreslår samtidig eit eittårig kutt på 300 millionar i løyvinga til infrastrukturordninga. Kuttet skal redusere det beløpet som Forskingsrådet overfører frå eitt år til det neste.

Regjeringa løyver også 252 millionar kroner til å innføre den nye femårige grunnskulelærarutdanninga, som skal starte frå hausten 2017.

Auke på 1,9 milliardar

Regjeringa foreslår ein realvekst på 3,1 prosent i løyvingane til forsking og utvikling for 2017, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. Eit førebels overslag viser at løyvingan dermed utgjer 1,05 prosent av bruttonasjonalproduktet, og er ein nominell auke på 1,9 milliardar kroner frå 2016. Regjeringa vil også styrke Skattefunn-ordninga, som ligg under Finansdepartementet. Samla løyvingar til forsking og utvikling i budsjettframlegget er på om lag 34,5 milliardar kroner, eller om lag 37,7 milliardar om ein inkluderer Skattefunn-ordninga.

− Veksten i forskingsbudsjettet følgjer opp regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Dette er svært positivt. Eg les budsjettframlegget slik at langtidsplanen har gitt tydelege føringar, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, i ei pressemelding.